Begynnelsen til det britiske imperiet 

Frå 1500-talet til 1900-talet 

Veksten av det britiske imperiet blir ofte delt inn i to delar: det første imperiet og det andre imperiet.

Eit imperium er eit rike som blir styrt av ei sentralmakt.

Det første imperiet starta då Storbritannia begynte å etablere oversjøiske landområde på 1500-talet, og i 1783 bestod imperiet av koloniar (land eller område utanfor moderlandet) i Amerika og Vestindia. Den første britiske busetjinga i Afrika var på James Island i Gambiaelva i 1661. Ein meiner at den første perioden av imperiet tok slutt då britane mista dei amerikanske koloniane i 1783.

Under andre delen av det britiske imperiet, på 1800-talet, var det kraftig vekst. I denne perioden erobra britane meir land enn nokon gong før. Ved slutten av hundreåret bestod det britiske imperiet av nær ein firedel av alle landområda i verda og over 25 prosent av befolkninga i verda. Britane hadde òg gapa over 30 prosent av Afrikas befolkning.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart over Det britiske imperiets
Kart over Det britiske imperiets

Slutten på det britiske imperiet

Frå 1945 fram til i dag  

Etter to verdskrigar gjekk det sakte, men sikkert mot slutten for det britiske imperiet, sidan krigane hadde tært kraftig på Storbritannias økonomi. India sette tonen for endring då landet erklærte seg uavhengig i 1947.

I 1950-åra innvilga den britiske regjeringa sjølvstende til Sudan, Gullkysten og Malaysia. Dei ønskte ikkje å risikere ein kolonikrig, slik Frankrike var i krig med Algerie. Mange britiske koloniar hadde allereie fått sjølvstyre (retten til å bestemme over seg sjølv) då imperiet begynte å gå i oppløysing.

Canada vart Storbritannias første sjølvstyrte stat i 1867, følgd av Australia i 1901 og New Zealand i 1907. Desse tidlegare koloniane var framleis knytte til den britiske krona, men dei hadde òg ein viss råderett. Dei neste 20 åra fekk mesteparten av det karibiske området sjølvstende. Barbados vart uavhengig i 1966. Resten av dei karibiske øyane i aust følgde etter på 1970- og 1980-talet.

Den endelege slutten på imperiet vil mange seia var i 1997, då Hongkong vart ein administrativ region under Kina. Dette innebar at Hong Kong fekk behalde noko av styresettet sitt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Det australske flaget heist opp i en flaggstang
Det australske flaget heist opp i en flaggstang

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!