KROPP OG SEX MED FRODE:

Det er kleint!

Sex, sex, sex, sex. Det kjennest som om ordet står overalt. I aviser og blad. Og på heile internett óg. Og ja, det ER kleint å snakke om. Kanskje fniser vi litt óg. Blir litt sveitt og kald i hendene. Kvifor er det sånn?

Illustrerte versjoner av en fersken og en aubergine med teksten Sex i mente skrevet over. I tillegg ser vi forfatteren av artikkelen.
Illustrerte versjoner av en fersken og en aubergine med teksten Sex i mente skrevet over. I tillegg ser vi forfatteren av artikkelen.

Det kjennest kleint

Tenk deg når mamma eller pappa seier dei vil snakke om noko viktig, nemleg bruk av kondom. Eller når læraren din plutseleg skal snakke om kropp.

Kvifor kjennest det så annleis å snakke om seksuell helse enn om vikinghistorie eller geografi, trur du?

En illustrert banan med en rosa kondom trukket over seg.
En illustrert banan med en rosa kondom trukket over seg.

Så, kvifor er det kleint?

Sex er veldig privat. Det kan vere vanskeleg å snakke om. Vi har ulik bakgrunn og grenser. Somme synest det er heilt greit å snakke om sex. Andre liker det ikkje. Det gjer at vi ofte held ting for oss sjølve. Ein vil ikkje at det skal bli kleint.

Tenk deg at du sit i ein time om seksuell helse på skulen. Einkvan begynner å vitse med saka. Kanskje dei vil sjokkere? Eller tøffe seg? Det blir ei klein stemning, Korleis påverkar dette dei andre i klassen? Korleis påverkar det deg?

Sex treng ikkje vere så alvorleg. Humor kan vere bra. Men pass på at du ikkje ikke sårar nokon. Prøv å tenkje på korleis andre har det inni seg. Le med – ikkje av! Tenk litt ekstra gjennom det du vil seie.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fem illustrerte figurer som sitter rundt et bord. Den ene figuren rekker opp hånden.
Fem illustrerte figurer som sitter rundt et bord. Den ene figuren rekker opp hånden.

Kvifor skal vi ha seksualundervisning?

Din eigen og andre sin seksualitet er viktig. Så kva er betre enn å lære om det? Sex er ikkje berre å liggje saman. Du vil bli kjend med eigne og andres grenser og val. Bli glad i din eigen kropp. Lære han å kjenne. Vite kva du skal gjere viss nokon gjer ting mot deg du ikkje vil. Gjer du noko dumt mot andre? Då kan du få hjelp til å ordne det.

De skal lære om porno og sex, for kva er forskjellen? Ekte sex har ikkje manus. Det har porno.

Kunnskap gir tryggleik

Sex skal vere trygt og fint. Det skal ikkje skje for berre å ha gjort det. Ein skal våge å snakke saman. Liggje nær og sjå kvarandre i auga.  Våge å vere nakne saman. Vite at de vil begge to. Tenk deg korleis sex er utan dei tinga. Er det like fint? Eg trur du veit svaret.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrasjon av en PC. På skjermen ser vi første side av artikkelen Det er kleint.
En illustrasjon av en PC. På skjermen ser vi første side av artikkelen Det er kleint.

Ta deg god tid

Kjenner du på presset til å ha sex? Har du venner som skryter?  Enkelte klarer ikkje snakke om anna. Og dei kan ikkje alt heller. Det gjer at mange unge føler det hastar å ha sex.

Følg magekjensla

Hugs då at du faktisk er ung! Du har mange år på deg. Kjenn etter kva du har lyst til. Set grenser for deg sjølv. Då vil du forstå at det var mykje betre enn alt skryt du har høyrt. 

Alle er ikkje opptatt av sex

Er ikkje sex så interessant for deg? Du er ikkje åleine om å vere meir opptatt av andre ting. Ha ein hobby eller vere med venner. Det er heilt naturleg å ikkje vere opptatt av sex. Det vil ofte komme etter kvart.

Ver nysgjerrig!

Det er mange svar å få. Men det vil alltid vere meir du ikkje veit. Også når det gjeld sex. Har du fleire spørsmål om sex etter undervisninga? Då må du berre halde fram med å spørje. Vêr nysgjerrig og leit etter svar! Det er berre sånn du kan forstå seksualiteten din.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Treng du nokon å snakke med? Helsesjukepleiaren på skulen er der for deg. Ung.no har laga ei liste med folk du kan snakke med. Du kan vere anonym. Og det er heilt gratis.

 

Skrive av Frode Gjerløw.

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Frode Gjerløw?

Frode har skrive fleire artiklar for Skulerom og er ein fast skribent på plattforma.