Drivhuseffekten – nøkkelen til jordas klima

Utan drivhuseffekten ville jorda ha vore ein iskald og livlaus planet med ein gjennomsnittstemperatur på rundt −18 °C. Men med naturlege drivhusgassar i atmosfæren har vi eit klima som gjer livet mogleg. Utfordringa i dag er at mengda drivhusgassar aukar på grunn av menneskeleg aktivitet, og dette skaper ubalanse. I denne artikkelen skal vi sjå nærare på kva drivhuseffekten er, korleis han fungerer, kvifor det angår oss alle, og kva vi kan gjere med det.

Kva er drivhuseffekten?

Drivhuseffekten er ein atmosfærisk prosess der visse gassar fungerer som eit slags isolerande teppe rundt jorda. Sollyset, som kortbølga stråling, slepper stort sett uforstyrra inn gjennom atmosfæren. Når sollyset treffer jordoverflata, blir ho varma opp og sender tilbake energi i form av langbølgja varmestråling. Det er her drivhusgassane kjem inn i biletet: Dei absorberer og sender delar av denne varmestrålinga tilbake mot jordoverflata, slik at varmen blir verande i atmosfæren i staden for å forsvinne ut i verdsrommet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Drivhuseffekten med illustrasjonen av jorden og solen
Drivhuseffekten med illustrasjonen av jorden og solen

Kva for gassar skaper drivhuseffekten?

Dei viktigaste drivhusgassane er:

  • Vassdamp (H2O)
  • Karbondioksid (CO2)
  • Metan (CH4)
  • Lystgass (N2O)
  • Ozon (O3)

Vassdamp – H2O

Vassdamp er den mest naturleg forekommande drivhusgassen og finst overalt der det er fukt. Mengda vassdamp blir styrt av temperatur: Di varmare luft, dess meir vassdamp kan ho halde på. Sjølv om menneske ikkje direkte styrer mengda vassdamp, aukar vassdampen indirekte som følgje av høgare temperaturar skapt av andre drivhusgassar. Vassdamp forsterkar derfor klimaendringar gjennom det vi kallar ei positiv tilbakekopling.

Karbondioksid – CO2

Vi høyrer ofte om CO₂-utslepp frå menneske, men naturen slepper også ut CO₂. Til dømes kjem CO₂ frå vulkanutbrot, skogbrannar og når døde plantar og dyr blir brotne ned. Men mengda CO2 har auka mykje dei siste hundre åra på grunn av forbrenning av fossile brensel som olje, kol og gass. CO2 er den viktigaste menneskeskapte drivhusgassen fordi han er langliva og jamt fordelt i atmosfæren. Sjølv små aukar i CO2-nivået har mykje å seie for jordas energibalanse.

Metan – CH4

Metan er ein drivhusgass som er omtrent 25 gongar kraftigare enn CO2 over ein hundreårsperiode, sjølv om han finst i langt mindre mengder. Metan blir sleppt ut frå naturlege kjelder som våtmarker, men også frå husdyrhald (spesielt storfe), risproduksjon og lekkasjar frå olje- og gassindustri. Mengda metan i atmosfæren har auka mykje som følgje av menneskeleg aktivitet.

Lystgass – N2O

Lystgass finst naturleg i atmosfæren, men mengda har auka på grunn av menneskeleg aktivitet, særleg gjennom landbruk. Når vi bruker kunstgjødsel i store mengder, blir nitrogensamband omdanna i jorda til lystgass via biologiske prosessar. Lystgass blir også sleppt ut ved forbrenning av fossile brensel og frå enkelte industrielle prosessar. Sjølv om lystgass finst i små mengder, har han ein svært kraftig drivhuseffekt per molekyl, omtrent 300 gongar sterkare enn CO2 over ein hundreårsperiode.

Ozon – O3

Ozon i troposfæren (den nedste delen av atmosfæren) fungerer også som ein drivhusgass. Medan ozon i stratosfæren vernar oss mot skadeleg UV-stråling, bidreg troposfærisk ozon til oppvarming. Ozon blir mellom anna danna ved kjemiske reaksjonar mellom nitrogenoksid og flyktige organiske samband i sollys, ofte som ein del av luftforureining i byar.

Strålingsbalanse og energibalanse

Jorda får energi frå sola som kortbølga stråling, hovudsakleg i form av synleg lys. Når sollyset treffer jordoverflata, blir det meste av energien teke opp av bakken, havet og andre overflater. Denne energien gjer at jordoverflata blir varma opp.

Deretter sender jordoverflata energien tilbake igjen, men no som langbølga varmestråling, altså varmestråling med lågare energi enn det som kom inn. Atmosfæren tek også til seg noko av denne varmestrålinga, spesielt på grunn av drivhusgassane. Samtidig blir ein del av sollyset reflektert tilbake frå jordoverflata utan å bli absorbert.

Kor mykje jordkloden reflekterer, avheng av albedoen på overflata. Lyse overflater som snø og is har høg albedo og reflekterer mykje sollys, medan mørke overflater som hav og skog har låg albedo og absorberer meir varme. Når is og snø smeltar, blir jordas totale albedo redusert, noko som fører til at endå meir solenergi blir absorbert. Dette skaper ei forsterkande tilbakekopling som gjer at oppvarminga går raskare.

Strålingsbalansen oppstår når mengda energi som kjem inn, er lik mengda som blir send ut. Dersom meir energi blir halde tilbake, som ved auka drivhuseffekt, får vi ein ubalanse som blir kalla positivt strålingspådriv. Dette gir auka global temperatur.

Fordi solstrålane treffer jorda i ulik vinkel, får ekvator meir solenergi enn polane. Solinnstrålinga er mest intens der sola står høgt på himmelen og strålane treffer jordoverflata nesten rett på, altså ved låge breiddegrader. Polområda får mindre energi fordi sola står lågare på himmelen der, og ein større del av strålinga blir reflektert. Denne ujamne fordelinga av energi er det som driv dei store rørslene i atmosfæren og havet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Konsekvensar av auka drivhuseffekt

Smelting av isen på Grønland og i Antarktis

Ein av dei mest synlege konsekvensane av auka drivhuseffekt er at store kontinentale ismassar på Grønland og i Antarktis smeltar raskare enn før. Dette kjem av at varmare luft- og havtemperaturar tærer på iskappene.  Smeltevatnet frå isen renn ut i havet, og dette kan få alvorlege konsekvensar for havstraumar og havnivå. Tilførsel av store mengder ferskvatn kan påverke og svekkje golfstraumen. Samtidig fører auka havnivå til at lågtliggjande kystområde blir meir utsette for flaum.

Havnivåstigning på grunn av varme og smeltevatn

Havet absorberer over 90 % av overskotsvarmen frå auka drivhuseffekt. Dette betyr at havet fungerer som eit slags varme-lager for heile klimasystemet. I staden for at all overskotsvarme straks fører til høgare lufttemperaturar, blir  mykje av denne energien teken opp av havet, særleg i dei øvste laga. Slik forseinkar havet den direkte oppvarminga av atmosfæren, men over tid fører dette også til at havtemperaturane stig, som igjen påverkar havstraumar, vêrmønster og økosystem.

Når vatn blir varma opp, utvidar det seg i ein prosess som blir kalla termisk ekspansjon. Saman med tilførsel av ferskvatn frå smeltande isbrear og iskappar, fører dette til at havnivået stig globalt. Byar som ligg nær havet, og lågtliggjande øystatar, er spesielt utsette for konsekvensane. Auka havnivå fører til kysterosjon, fordi bølgjer og tidvatn når lenger inn på land og får større kraft. Dette gjer at sand, jord og stein lettare blir skylt bort, og vi mistar viktig jordbruksareal. I verste fall kan vi miste store landområde permanent.

Sjå videoen: «Doggerland – Europe’s missing land»

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Meir ekstremvêr

Ein forsterka drivhuseffekt bidreg til meir ustabile vêrsystem, der varmeperiodar og kuldeperiodar blir meir ekstreme. Hetebølgjer, styrtregn, flaum og skogbrannar opptrer oftare og med større intensitet enn før. Ekstremvêr har direkte konsekvensar for folkehelse, infrastruktur og økonomi. Til dømes kan langvarige tørkeperiodar true matproduksjonen i store delar av verda, medan kraftige styrtregn kan øydeleggje avlingar, vegar og bygningar.

Tap av biologisk mangfald og flytting av artar

Auka temperatur og endra klimaforhold gjer at mange artar  må tilpasse seg nye leveforhold, flytte til andre område, eller dei kan døy ut. Til dømes trekkjer enkelte fiskeartar nordover for å finne kaldare vatn, medan plantar og dyr i fjellområde blir stadig pressa høgare opp. Dette fører til at økosystem blir ustabile, og mange av dei tenestene naturen gir oss, som pollinering, matforsyning og reint vatn, blir sette i fare.

Tap av biologisk mangfald gjer oss som samfunn meir sårbare for fleire endringar i klimaet. Dette er også grunnen til at enkelte artar som torsk har forsvunne frå område dei tidlegare har levd i, til dømes i Oslofjorden. Auka havtemperatur gjer at torsken trekkjer nordover til kaldare farvatn, samtidig som økosystemet i fjorden blir endra, med færre byttedyr og endra næringskjeder. Slike endringar påverkar både naturen og menneske som er avhengige av fiskeri og friluftsliv.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Korleis fungerer atmosfærisk sirkulasjon?

Atmosfærisk sirkulasjon handlar om korleis luft bevegar seg globalt. Drivhuseffekten endrar desse mønstera fordi auka temperatur påverkar trykkforhold, vindretningar og vêrsystem. Til dømes kan jetstraumar flytte seg, noko som igjen påverkar nedbørsmønster.

Atmosfærisk sirkulasjon er driven av fleire faktorar som verkar saman:  jordrotasjonen, som skaper corioliseffekten og får luftstraumar til å bøye av; tettleiksforskjellar mellom varm og kald luft, der varm luft stig og kald luft søkk; og trykkforskjellar som oppstår fordi ulike område av jorda blir varma opp i ulik grad. Til saman skaper dette store rørsler i atmosfæren som fordeler varme og fukt globalt.

Regionale vêrsystem, som monsunen i Asia, oppstår på grunn av denne dynamikken. Lokale system som sjøbris kjem også av tettleiks- og trykkforskjellar. For å kunne føreseie vêret bruker meteorologar ulike vêrkart som viser trykkfelt, temperatur og nedbør.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis veit vi dette? – Numeriske modellar og paleoklima

Paleoklima er læra om jordas tidlegare klima. Ordet «paleo» betyr gammal eller eldgammal, og blir brukt om alt som handlar om fortida, til dømes i uttrykk som paleontologi eller paleografi. I denne samanhengen handlar paleoklima altså om jordas eldgamle klima.

Gjennom forsking på paleoklima prøver forskarar å forstå korleis klimaet har utvikla seg over millionar av år. Dette blir gjort ved å analysere naturlege arkiv som iskjernar, sediment, treringar og fossile pollen. Desse arkiva blir kalla for klimaproxiar og kan gi informasjon om temperatur, nedbør og atmosfæresamansetning i fortida. Ved å studere paleoklima lærer vi meir om korleis jordsystema har reagert på naturlege klimaendringar tidlegare, noko som er avgjerande for å vurdere dagens menneskeskapte klimaendringar.

Numeriske klimamodellar er avanserte dataprogram som bruker fysiske lover til å simulere klimaet. Døme på slike modellar er CMIP (Coupled Model Intercomparison Project), som blir brukt internasjonalt, og NorESM (Norwegian Earth System Model) som blir utvikla i Noreg. Desse modellane blir brukte av klimaforskarar, meteorologar og institusjonar som Meteorologisk institutt, Bjerknessenteret for klimaforsking og CICERO Senter for klimaforsking.

Modellane hjelper mellom anna FNs klimapanel (IPCC) med å lage rapportar om framtidas klima. Dei tek omsyn til samspel mellom atmosfære, hav, is og biosfære. Modellane blir testa mot paleoklimatiske data, som til dømes iskjernar og sediment, for å sikre at dei gir realistiske resultat.

Modellane blir bygde opp gjennom likningar som beskriv rørsle av luft og vatn, strålingsbalanse, skyer og samspel mellom ulike jordsystem. Innan vêrvarsling blir korttidsmodellar brukte, medan klimamodellar ser på tidsskalaer frå tiår til hundreår. Modellane blir utvikla vidare ved hjelp av stadig betre data frå satellittar og observasjonsnettverk. Satellittane måler mellom anna temperatur, skyer, havnivå, isutbreiing og konsentrasjonar av drivhusgassar i atmosfæren. Observasjonsnettverk på bakken registrerer vêrdata, havtemperaturar og straumdrag. Kombinasjonen av slike moderne observasjonar og historiske data gjer modellane stadig meir presise og pålitelege både for korttidsvarsling og langtidsprognosar.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kva viser paleoklima?

Paleoklimastudier viser mellom anna korleis periodar med istider og varmeperiodar har veksla gjennom jordas historie. Iskjernar frå Antarktis og Grønland inneheld luftbobler som bevarer små mengder gammal atmosfære, der forskarar kan måle tidlegare nivå av drivhusgassar som CO₂ og metan. I tillegg viser sedimentsprøver frå havbotnen korleis temperatur og isutbreiing har endra seg over millionar av år. Til dømes har forskarane funne ut at under siste istid var havnivået over 100 meter lågare enn i dag.

Gjennom studiar av iskjernar frå Antarktis har forskarar sett at klimaet naturleg har variert over tid. Men det som er spesielt med dagens situasjon, er kor raskt oppvarminga skjer. Tidlegare temperaturendringar tok ofte tusenvis av år. No ser vi store endringar på få tiår.

Forsking på forhistorisk klima hjelper oss med å lage prognosar for framtida. Til dømes viser analysar av fossile pollen at vegetasjon har flytta seg nordover i tidlegare varmeperiodar. Dette gir innsikt i korleis økosystem kan reagere på dagens oppvarming.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Alderen på et isfjell kan bestemmes av lagene - hvert lag representerer et år - isfjell i antarktiske farvann nær en øy i Sør-Georgia
Alderen på et isfjell kan bestemmes av lagene - hvert lag representerer et år - isfjell i antarktiske farvann nær en øy i Sør-Georgia

Etisk perspektiv og globale konsekvensar

Drivhuseffekten er ikkje berre eit naturfagleg tema. Det handlar også om rettferd. Dei som bidreg minst til utslepp, blir ofte ramma hardast av klimaendringar. Til dømes opplever mange utviklingsland både auka temperaturar og meir ekstremvêr utan å ha ressursar til å verne seg mot konsekvensane. Tørkeperiodar i område som Sahel-beltet i Afrika truar matproduksjonen og fører til svolt og vassmangel. Lågtliggjande øystatar som Maldivane og Tuvalu er trua av havnivåstigning og risikerer å forsvinne heilt under havoverflata. Millionar av menneske og dyr kan miste sine leveområde og må migrere. Dette reiser etiske spørsmål om ansvar og rettferdig fordeling av byrdene.

Konsekvensar av klimaendringar for enkeltmenneske og samfunn handlar om alt frå auka risiko for flaum til økonomiske tap. Økosystem mistar artsmangfald, fordi plantar, dyr og andre organismar anten forsvinn heilt eller må flytte på seg. Når viktige artar som bier, fisk eller tre forsvinn, påverkar det tenester vi menneske er avhengige av, som pollinering av matplantar, tilgang på fisk i havet og naturleg reinsing av vatn i innsjøar og elvar. Dermed svekkjer det evna til økosystema til å levere nødvendige ressursar for menneskeleg liv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva kan vi gjere?

  • Redusere utslepp ved å bruke fornybar energi.
  • Fange og lagre CO2 frå industriprosessar.
  • Tilpasse oss endringane med smartare byplanlegging og naturbaserte løysingar.
  • Delta i internasjonalt samarbeid som Parisavtalen.

For enkeltpersonar kan dette handle om å ta små, men bevisste val i kvardagen, som til dømes å unngå unødvendig bilbruk, ta tog i staden for kortdistansefly, velje kollektivt og gå eller sykle når det er mogleg. Vi kan også ete meir plantebasert mat og velje lokale og sesongbaserte matvarer, og dessutan prøve å kaste mindre mat. I tillegg kan vi kjøpe mindre nytt og reparere øydelagde gjenstandar i staden for å kaste og så kjøpe nytt.

Hustak med solceller
Hustak med solceller

Oppsummering

Drivhuseffekten er avgjerande for at jorda er leveleg, men når balansen blir forstyrra, påverkar det heile klimasystemet: atmosfæren, havet, isen og økosystema. Kunnskap om drivhuseffekten hjelper oss å forstå kvifor klimaet endrar seg, og kva vi kan gjere for å avgrense skadane. Dette angår oss alle – ikkje berre som geofagelevar, men som innbyggjarar på jorda.

Kjelder:

Bjerknessenteret for klimaforskning. (2025). Drivhuseffekten og jordens klima. Henta frå https://www.bjerknes.uib.no/laer-om-klima-2/faktasider/drivhuseffekten-og-jordens-klima

CICERO Senter for klimaforskning. (2015). Direkte målt: Drivhuseffekten øker Henta frå https://cicero.oslo.no/no/artikler/direkte-malt-drivhuseffekten-oker

FNs klimapanel (IPCC). (2021). Sixth Assessment Report (AR6). Henta frå https://www.ipcc.ch/report/ar6/wg1/

IPCC. (2021). Climate Change 2021: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Sixth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. Cambridge University Press. 

Meteorologisk institutt. (2024). Hva er AMOC og hva betyr det at den kan kollapse. Henta frå https://www.met.no/nyhetsarkiv/hva-er-amoc-og-hva-betyr-det-at-den-kan-kollapse

National Geographic Society. (2022). Earth’s systems. Henta frå https://education.nationalgeographic.org/resource/earths-systems/

NASA Earth Observatory. (2023). Earth’s spheres and their interactions. Henta frå https://earthobservatory.nasa.gov

NASA (u.å) The causes of climate change. Henta frå https://science.nasa.gov/climate-change/causes/

NOAA Climate.gov. (u.å.). Thermohaline circulation Henta frå https://oceanservice.noaa.gov/education/tutorial_currents/05conveyor1.html

Norsk Klimaservicesenter (2015) Klima i Norge 2100. Henta frå https://klimaservicesenter.no/kss/rapporter/kin2100

SNL (2023). Den termohaline sirkulasjonen. Henta frå https://snl.no/den_termohaline_sirkulasjonen

SNL 2025. Klimamodeller Henta frå https://snl.no/klimamodeller

SNL 2025. Drivhuseffekten Henta frå https://snl.no/drivhuseffekten

Close Icon

Loading...