Falsk lykke

Rusmiddel verkar på den delen av hjernen vi kallar påskjønningssenteret. Når vi ønskjer oss ein pause frå kvardagen, eller frå vanskelege kjensler, kan det vere freistande å prøve rusmiddel. Hugs at det er umogleg å finne lykke i botnen av ei flaske, i enden av ein joint eller gøymt i kvitt pulver. I denne teksten skal vi sjå nærare på kvifor.

Kvifor er det farleg?

Det er farleg å bruke rusmiddel, og nokre rusmiddel er farlegare enn andre. Nokre rusmiddel skader kroppen vår fysisk, medan andre skader psyken vår.

Det er også større sjanse for å hamne i ei ulykke, og for å oppleve vald og seksuelle overgrep når ein er rusa. Ofte kan ein også ta dårlege val som ein må leve med lenge etter at rusen er over.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ulovleg

Rusmiddel er skadelege og ulovlege. Ein bryt lova viss ein gir alkohol til nokon under 18 år. Denne aldersgrensa er sett for å verne unge mot skadane alkoholen kan gjere på både oss og samfunnet. 

Ulovlege rusmiddel, som kokain, cannabis, MDMA, GHB og amfetamin, er ulovleg å lage, smugle, kjøpe, selje, oppbevare, ha på seg eller bruke. Dette kan ein bli straffa for.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Å leike med livet

Ulovlege rusmiddel blir laga, transporterte og selde utan at nokon har kontroll på dette. Alt dette skjer i kriminelle miljø som berre tenkjer på å tene mest mogleg pengar. 

Mange ulovlege rusmiddel blir blanda med andre stoff. Derfor kan ein aldri vite sikkert korleis eit ulovleg rusmiddel vil verke på ein, sjølv om ein har prøvd det før. Det er stor fare for at ein kan bli alvorleg skadd, eller at ein kan ta ein overdose og døy. Det er som å leike med livet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mange blir avhengige

Viss ein ofte bruker rusmiddel, vil ein etter kvart trenge større dosar for å få same rusen. Ein kan også byrje å føle at ein må ruse seg for å ha det bra. Då er vegen til avhengnad veldig kort.

Kokain

Kokain er kjent for å gi lykkerus, men viss ein tek kokain ofte, sluttar hjernen å produsere naturlege påskjønningsstoff. Viss ein sluttar, kan denne produksjonen byrje igjen, men mange blir veldig deprimerte. Det er også vanleg å utvikle angst og søvnløyse. Ein kan trygt seie at kokain ikkje gjer oss særleg lykkelege!

Ekte lykke

Ingen kan kjøpe lykke på flaske eller blanda i eit narkotisk stoff. Ingen blir lykkelege av skadar, straff, overdosar og depresjonar. Då er det betre å le godt, vere saman med nokon du er glad i, gle ein annan, springe ein tur eller høyre på favorittlåta di – det er EKTE kvardagslykke!

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay