Forklaring:
Mordet på påskehytta

Fekk du med deg alle detaljane? Les igjennom forklaringa – og sjå om teorien din stemmer …

Stor, snødekt hytte på fjellet
Stor, snødekt hytte på fjellet

Dei første interessante opplysningane ligg i innleiinga. Først og fremst treskia med klister – det er for kaldt til å smørje med klister, så det er sannsynleg at dei ikkje har vore brukte dei siste dagane. Den andre opplysninga er lammesteika – ei så stor steik tek det fleire timar å steikje, og då stemmer ikkj dei klokkesletta som vart gitt opp i skispora.

David Olsen har tydelegvis vanskelege tider, og den nye, unge kona hans  har nok trudd han sat betre i det enn det som er tilfellet. Viss ho skulle vise seg å vere ein «golddiggar», kan det vere ho flørta med dei to andre for å skape seg ei anna framtid, men det er ikkje noko i historia som kan avkrefte eller bekrefte dette. Det einaste vi veit, er at ho ikkje liker at han har lite pengar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gamle treski og staver oppstilt mot hytteveggen
Gamle treski og staver oppstilt mot hytteveggen

Sidan Jens og Anders kranglar i stova etter at dei andre har lagt seg, kan det ikkje vere Anders som Emil seier «i morgon, kjære» til. Då gjenstår berre Nassim og David. Sidan Selina framstår som både nysgjerrig og prippen, er det lite sannsynleg at det er Nassim som kan vere i gangen med Emil – då ville Selina reagert viss han kom inn like etterpå og spurde han om kven Emil snakka til. David og Rikke kranglar etter dette, så sannsynlegvis er det David som Emil har snakka til.  Nassim ymtar også frampå om at desse to har ei forhistorie.

Selina og Nassim har fotobevis på at dei var på skitur mens mordet vart utført, så dei har alibiet i orden. Sidan dei reiste klokka 10.00 og Jens snudde etter halvannan time, er Jens tilbake ved hytta cirka klokka 13.00.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stua i en luksuriøs vinterhytte er full av dyre møbler
Stua i en luksuriøs vinterhytte er full av dyre møbler

David kan ikkje ha vore på skitur, sidan han har raudt klister på skia – då kunne han ikkje sagt at føret var fint. Det er altfor kaldt til å smørje med klister. Emil kunne ha reist åleine og sagt at David var med for å gi han alibi, men samtidig viser spora at det var han som sette lammesteika i omnen. Det tek lenger tid å steike denne enn det forklaringa deira seier. Viss dei reiste litt over 10.00,  gjekk to timar kvar veg pluss tok ein times pause, ville dei ha vore tilbake rundt 15.00.

Berre éin time seinare kom politiinspektør Hauge. Dei har derfor truleg ikkje gått frå hytta i det heile, og samtalen som Selina høyrde kvelden før, kan tyde på at desse to har eit forhold på si. Sidan ektepakta mellom Emil og Anders gjer at Emil ikkje vil få pengar viss han er utru, er det naturleg å tru at Emil og David vil halde forholdet skjult – spesielt sidan David også sit dårleg i det om dagen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stor, snødekt hytte på fjellet
Stor, snødekt hytte på fjellet

Jens kjem truleg overraskande på dei,  blir slått med lammesteika og deretter myrda med ein istapp i hjertet. Istappen blir sitjande og hindrar blodsprut, samtidig vil han etter kvart tine og gjere genseren hans fuktig. Lammesteika blir sett inn i omnen for å fjerne bevis.

Den vesle gåta undervegs «til saman utgjer de den eine» viser til Anders – eit namn som er sett saman av førebokstavane til dei andre (Anders, Nassim, David, Emil, Rikke og Selina). Jens har truleg trudd at Anders var ein skurk, sidan det er dette dei kranglar om på kvelden. Men det viser seg seinare at Jens har teke feil her. Denne opplysninga er derfor berre ein distraksjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stekt lammestek på fjøl
Stekt lammestek på fjøl