Kva er ei solformørking? 

Månen krinsar rundt jorda ein gong kvart 27,3 døgn. Jorda krinsar rundt sola ein gong kvart 365,2 døgn. Ei solformørking skjer berre når månen står på linje mellom jorda og sola.

Slik oppstår ei solformørking

1. Storleiken til sola 

Sola har cirka 400 gongar større diameter enn månen, men ho er 400 gongar lenger unna. Derfor verkar dei omtrent jamstore på himmelen, slik at månen kan dekke sola.

 

2. Månen

Vi ser ikkje overflata til månen under ei solformørking. Dette er fordi solsida av månen vender bort frå jorda, og vi ser berre den mørke baksida.

3. Synleg berre for nokre få 

Ikkje alle kan sjå ei solformørking. Berre menneske i område som er på linje med sola og månen, vil kunne sjå henne. Dei delane av jorda som ikkje hamnar i måneskuggen, vil ikkje sjå formørkinga. Dei som er i område som berre til dels er på linje med månen og sola, kan seiast å vere i halvskugge. Dei ser ei delvis solformørking. Dei som er i område som er heilt på linje med månen og sola, er i den djupe skuggen. Dei ser ei total solformørking.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sol- og måneformørkelse
Sol- og måneformørkelse

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!