Verdas største idrettsfest!

Fotball er verdas største idrett når vi tel supportarar. Nesten halvparten av verdas befolkning heiar på eitt eller fleire fotballag. Men kva er det eigentleg med fotball som begeistrar så ufatteleg mange? Kva slags gylne augneblinkar er verdt å hugse frå fotball-VM?

Fans jubler på en fotballarena.
Fans jubler på en fotballarena.
🇺🇾  URUGUAY | 1930

Fotball-VM blir til

Verdas første fotball-VM vart arrangert i Uruguay. Sjølv om ikkje interessa var like stor som i dag, var det 90 000 menneske på finalen. Uruguay vann 4–2 over Argentina og vart dei første verdsmeistrane i fotball i verda.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇨🇳  KINA | 1991

Første VM for kvinner

Det var Kina som arrangerte det første fotball-VM for kvinner. Her deltok tolv nasjonar. USA vann over Noreg i finalen og vart verdsmeistrar. VMs beste spelar vann gullballen, og VMs toppskårar fekk ein gullstøvel.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇫🇷  FRANRKIKE | 1938

På veg mot verdskrig

Det nærma seg ein ny verdskrig på slutten av 1930-talet. Likevel vart det arrangert fotball-VM i Frankrike. Brasil og Polen spelte ein heilt fantastisk opningskamp med 11 mål. Brasil vann 6–5.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇸🇪  SVERIGE | 1995

Noreg vart best i verda

Dette året deltok tolv land i VM for kvinner i Sverige. Noreg vann alle kampane sine! I finalen vann dei 2–0 over Tyskland. Det vart delt ut seks prisar, og Noreg vann fem av dei. Landslagstrenar Even Pellerud kunne juble over å ha dei beste damene i verda!

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇸🇪  SVERIGE | 1958

Fotballmagi frå Brasil

Sverige og Brasil møttest i finalen. Det var ein 17-åring frå Brasil – Pelé – som gjorde størst inntrykk. Han kunne fotballtriks ingen hadde sett før. Det vart ein velfortent siger til Brasil. Pelé vart ein av tidenes beste fotballspelarar.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇺🇸  USA | 1999

Kåring av eit verdslag

VM for kvinner fekk ein nervepirrande finale. USA og Kina måtte avgjere det heile med straffespark. USA vann. Det vart kåra eit lag med dei 11 beste spelarane. Norske Ann Kristin Aarønes vart teken ut til dette verdslaget.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🏴󠁧󠁢󠁥󠁮󠁧󠁿  ENGLAND | 1966

Football´s coming home

Den moderne fotballen vart utvikla i England, og i 1966 vart VM arrangert her. Forventningane til lagkaptein Bobby Moore og hans England var skyhøge! England og Vest-Tyskland spelte finale på Wembley Stadium med 100 000 tilskodarar. England tok ein velfortent siger.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
󠁧󠁢🇩🇪  TYSKLAND | 2011

Japan tek pokalen

For første gong kom ikkje dei norske damene seg vidare frå gruppespelet, medan Japan, derimot, gjekk heile vegen til finalen. Der vann dei over Tyskland og vart det første laget frå Asia som vann VM-pokalen.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
󠁧󠁢🇲🇽  MEXICO | 1986

Guds hand

Mexico opplevde eit kraftig jordskjelv like før VM. Likevel gjennomførte dei meisterskapen. Noko av det ein hugsar best frå dette VM, er nummer 10 på Argentina – Diego Maradona. Han var ein  fantastisk spelar og skåra fleire mål. Ikkje minst mot England. Eitt av måla hans blir kalla “Guds hand”. Eit anna blir rekna som hundreårets VM-mål.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇺🇸  USA | 1994

Sverige vil grave gull, men vinn bronse

Før VM i USA hadde Sverige eit klart mål. Dei skulle vinne VM-gull. Med songen «När vi gräver guld i USA» fekk svenskane trua. Men det vart med bronse då dei vann 4–0 mot Bulgaria. Det norske herrelandslaget kvalifiserte seg for første gong til fotball-VM. Fotballen i USA fekk ein heilt annan status. Amerikanarane tok fotballen – soccer, som dei kallar det – til sitt hjarte.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion
🇫🇷  FRANRKIKE | 1998

Noreg slår Brasil

Noreg var med i sitt andre VM. Dei måtte vinne over Brasil for å gå vidare frå gruppespelet. Brasil var allereie kvalifisert for vidare spel. På jonsokaftan skjedde mirakelet. Noreg slo Brasil 2–1. Frankrike vart verdsmeistrar på heimebane – og noko særleg større enn det kan det ikkje bli.

Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion

Kva er det eigentleg med fotball?

Kvifor er det så mange som elskar fotball?

Eit enkelt spel

Fotball er eit enkelt spel. To lag skal skåre flest mogleg mål. Det einaste ein treng, er ein ball. Og ballen kan vere laga av kva som helst. Dette gjer det mogleg for store delar av befolkninga i verda å spele, sjølv om dei er fattige. Idretten er nervepirrande for supportarar, trenarar og spelarar.

Eit lagspel

Eit fotballag består av elleve spelarar. Kvar av spelarane har jobben sin ute på banen. Nokre spelarar blir superstjerner. Andre høyrer vi lite om. Fotballen samlar ufatteleg mange supportarar. Dei følgjer laget sitt uansett kva som skjer. Fotball på sitt beste er rein kjærleik til idrett og lagspel.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tottenham Hotspur Stadium
Tottenham Hotspur Stadium

Draumen om VM-pokalen

Fotball-VM skal vere ein idrettsfest. Draumen for laga er å løfte VM-pokalen over hovudet. VM har gitt oss mange gylne augneblinkar. Det vil garantert komme mange fleire.

Feiring med gullconfetti og VM-pokal da Frankrike vant fotball-VM for herrer i 2018.
Feiring med gullconfetti og VM-pokal da Frankrike vant fotball-VM for herrer i 2018.

Kjelder:

  • Historien om fotbolls-VM (2018)
    Orage forlag AS
Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. King of soccer history YouTube
    3. WoSoNostalgia YouTube
    4. Classic Football YouTube
    5. Women´s Soccer History YouTube
    6. Don Denaly YouTube
    7. AISpotter YouTube
    8. British Pathé YouTube
    9. Football´s Great YouTube
    10. Classic England YouTube
    11. robkvi YouTube
    12. HistoryFull Worldcup YouTube
    13. Skolerom
    14. Russian Presedential Press and Information Office (CC BY 4.0)
    15. Skolerom
    16. Skolerom
Mørk bakgrunn av fotballstadion
Mørk bakgrunn av fotballstadion