Ei spennande framtid
Visste du at framtida blir veldig spennende med mange nye oppfinningar?
Sammen skaper vi og teknologien ei verd full av moglegheiter. Kvart år lærer vi nye ting, og de, neste generasjon av oppfinnarar og tenkjarar, står klar til å utforske endå fleire idear.
Teknologien utviklar seg raskt
Ny teknologi blir utvikla raskare enn før. Ting som verka som rein fantasi for ti år sidan, finst faktisk i dag. Til dømes har vi sjølvkøyrande bilar, smart kunstig intelligens, robotar som utfører kirurgi og internett som forbind milliardar av menneske. Og dette er berre begynnelsen.
Tenk på alt vi kan oppnå i framtida!
Ei verd i endring
Verda endrar seg heile tida, og vi må tenkje nytt for å følgje med. Vi må vere kreative og smarte for å løyse store problem som klimaendringar, sjukdommar, datatryggleik og utforsking av rommet.
Du som er ung, har sjansen til å forme framtida med hjelp av nysgjerrigheit og kunnskap. Ved å drive forsking og tenkje nytt kan du finne løysingar på utfordringane ved dagen og morgondagen.
La oss begynne denne spennande reisa og sjå kva framtida har å tilby! På dei neste sidene kan du lese om ti område der det kjem til å skje mykje framover.

En superhelt jobber med noe teknisk for fremtiden
1. Teknologi
I framtida kan det vere du som lagar den første roboten som forstår kjensler, eller ein app som løyser eit stort verdsproblem. Tenk å kunne bruke kunstig intelligens når ein gjer lekser, eller for å kurere ein sjukdom!
Sjå forslag til eit framtidig yrke på neste side.
AI-etikk-konsulent
Oppgåver: Du jobbar med reglar for kunstig intelligens. Du sørgjer for at AI-system er rettferdige og trygge, og at dei ikkje skadar folk eller samfunnet.
Utdanning: Studium i informatikk med spesialisering i kunstig intelligens. Du lærer òg om etikk og filosofi.
Etikk: Etikk er læra om kva som er rett og gale. Når vi utviklar teknologi, spesielt AI, må vi tenkje på korleis dette påverkar menneske og samfunnet. Etikk hjelper oss å bestemme korleis vi brukar teknologi på ein god og rettferdig måte.
Personlege eigenskapar: Du må vere ein flink problemløysar og forstå komplekse idear. Du må òg vere flink til å kommunisere.
Dette yrket er viktig fordi det hjelper oss å bruke ny teknologi som kunstig intelligens på ein måte som er sikker og rettferdig for alle.

En jente sitter inne og programmerer
2. Helse og bioteknologi
Tenk deg ei verd heilt utan sjukdom, der vi kan gjere oss sjølve sterkare med genetikk. Du kan bli den forskaren som brukar nanoteknologi for å stoppe kreft, eller som lagar supermat som holdt oss friske.
Nanoteknologi: Dette er en type teknologi som jobbar med supersmå partiklar for å lage ein kur mot sykdom. Det kan vere til dømes å drepe kreftceller uten å skade andre celler.
Sjå forslag på eit framtidig yrke på neste side.
Genetisk livsstilsrådgivar
Oppgåver: Du kan så mykje om gen at du kan lage ein personleg helseplan til klientane dine for å halde dei friske. Slik sørgjer du for at dei får betre livskvalitet.
Utdanning: Studium i genetikk, bioteknologi eller ernæringsfysiologi.
Eigenskapar du treng: Du må vere nøye, oppteken av helse og flink til å snakke med andre.
Dette yrket brukar den nyaste vitskapen for å lage personlege helseplanar baserte på genetikk. Slik hjelper du folk til å få betre livskvalitet.
Gen: Gen er deler av DNA-et vårt som bestemmer alt frå hårfarge til om vi har høy risiko for visse sjukdommar. Viss vi endrar på gena våre, kan vi få betre fysisk helse.

En forsker sitter på en lab
3. Rein energi
Klimaendringar er eit stort problem i vår tid. Kanskje det er du som blir energiekspert og finn nye måtar å bruke sol, vind og vatn på. Dette kan hjelpe oss å stoppe global oppvarming og halde planeten grøn.
Sjå forslag på eit framtidig yrke på neste side.
Urban energidesignar
Oppgåver: Som urban energidesignar jobbar du med å setje opp system for fornybar energi i byane våre.
Urban infrastruktur er dei systema og strukturane som er nødvendige for at ein by skal fungere, som vegar, bruer, vassforsyning og bygningar. Du vil lage løysingar som gjer desse bystrukturane meir effektive og mindre skadelege for miljøet.
Utdanning: Du treng ein bachelorgrad eller mastergrad i fornybar energi, miljøvitskap eller urban planleggjing.
Eigenskapar du treng: Du må vere innovativ og miljøbevisst, ha teknisk innsikt og evne til å tenkje stort.
Folk som jobbar i dette yrket, er kjempeviktige fordi dei kan gjere byane våre meir energieffektive og berekraftige.

En arbeidskar står foran en stor vindmølle
4. Cybersikkerheit
I dag er nesten alt kopla til internett. Det gjer det enkelt for hackarar å bryte seg inn i andre sitt system for å skaffe seg informasjon. Kanskje det blir du som klarer å stoppe hackarane ein gong for alle?
Sjå forslag på eit framtidig yrke på neste side.
Testar av cybertruslar
Oppgåver: Du lagar falske angrep på datamaskinar for å sjå kor godt sikkerheitssystema fungerer. Så utviklar du system som kan stoppe hackarar.
Utdanning: Du bør ha ein bachelor eller master i cybersikkerheit, informatikk eller eit liknande felt.
Eigenskapar du treng: Det er viktig å vere analytisk og detaljorientert. Du må òg vere kreativ og ha god forståelseing for teknologi.
Denne jobben er viktig fordi ein hjelper til med å halde informasjon trygg og sikker på internett.

en jente ser inn i en dataskjerm
5. Romfart
Har du tenkt på å reise til Mars? Eller finne ein ny planet å bu på? I framtida vil astronautar, ingeniørar og forskarar finne ut meir om rommet og kvar vi kan leve.
Sjå forslag på eit framtidig yrke på neste side.
Astrobioingeniør
Oppgåver: Ein astrobioingeniør forskar på kva som skal til for at menneske kan leve på andre planetar. Dei jobbar med to viktige ting:
Livsstøttesystem: Dette er system som produserer alt eit menneske treng for å leve, som luft, vatn og mat, der desse tinga ikkje finst naturleg, til dømes i verdsrommet.
Berekraftige habitat: Dette er trygge heimar på andre planetar. Slike habitat er laga for å vare lenge, og dei brukar ressursar på ein måte som ikkje skadar miljøet.
Utdanning: Du må ha mastergrad eller doktorgrad i romfartsteknikk, biologi eller miljøvitskap.
Eigenskapar du treng: Du må vere kreativ og tolmodig, elske å utforske nye ting og vere flink til å løyse problem.
Dette yrket er perfekt for deg som drøymer om å utforske rommet, og som vil gjere det mogleg for menneske å leve på nye planetar.

En romskip flyr rundt i verdensrommet
6. Autonome køyretøy
Førestill deg ei verd der bilane køyrer av seg sjølve. Slike biler kallar vi autonome bilar. Dei treng ingen sjåfør for å køyre frå A til B.
Slike bilar betyr færre ulykker, og du kan gjere andre ting undervegs. er nettopp du som lagar ein autonom sykkel?
Sjå forslag på eit framtidig yrke på neste side.
Systemintegrator for autonome køyretøy
Oppgåver: Du gjer autonome køyretøy trygge å bruke.
Utdanning: Du treng høgare utdanning innan mekatronikk, robotikk eller elektroteknikk.
Personlege eigenskapar: Du må vere flink med teknologi og ein god problemløysar. Du må vere til å stole på, og du må halde deg oppdatert på ny teknologi.
Dette yrket er viktig fordi det gjer reisar tryggare og smartare.

En ide av fremtidens kjøretøy uten sjafør
7. Finansteknologi
I framtida vil økonomien vere digital. Kanskje du har lyst til å jobbe med nye betalings-metodar som biometri og blockchain?
Biometri er når vi brukar fingeravtrykk eller auga våre for å bekrefte kven vi er. Blockchain er ein spesiell måte å lagre data på som gjer system både sikre og opne.
Sjå forslag på eit faemtidig yrke på neste side.
Kryptovalutaregulator
Oppgåver: Som kryptovalutaregulator overvaker og regulerer du kryptovalutamarknaden for å sikre at det er trygt å bruke kryptovaluta. Du vil òg utvikle retningslinjer og lover som både støttar innovasjon og beskyttar forbrukarane.
Utdanning: Du bør ha ein bachelor- eller mastergrad i finans, økonomi eller juss, med spesialisering innen finansteknologi. Relevant erfaring fra finansregulering er òg verdifullt.
Personlege eigenskapar: Dette yrket krev god analytisk evne. Du må ha ei sterk forståing for både teknologi og økonomi, og du må vite kva slags lover og reglar som gjeld.
Dette er ei spennande moglegheit til å forme økonomien i framtida.

Et trofe av kryptovalutaen Bitcoin
8. EdTech
Utdanningsteknologi gjer det mogleg å lære kvar som helst og når som helst. Kanskje du vil utvikle det neste virtuelle klasserommet der elevar frå heile verda kan lære i eit 3D-miljø?
Sjå forslag på eit framtidig yrke på neste side.
Virtuell læringskoordinator
Oppgåver: Som virtuell læringskoordinator lagar og held du ved like virtuelle læringsmiljø. Her kan studentar bruke avanserte plattformar med VR (virtuell røyndom) og AR (utvida røyndom) for å lære. Du samarbeider med lærarar for å lage spennande lærings-materiale som passar til behovet til kvar enkelt student.
Utdanning: Du treng høgare utdanning i pedagogikk, teknologi eller design.
Personlege eigenskapar: Du må vere kreativ, teknisk flink og god til å samarbeide og kommunisere. Du må ha lidenskap for undervisning og teknologi.

En jente som står med vr-briller
9. Smarte byar
Bruk av teknologi i byplanlegging kan gjere byar smartare og meir effektive. Førestill deg byar som sjølve regulerer trafikkflyt, energibruk og avfallshandtering! Du kan bli arkitekten som designar byane i framtida!
Smart City- teknologistrateg
Oppgåver: Som ein Smart City-teknologistrateg vil du bruke teknologi som IoT-sensorar, kunstig intelligens og stor datamengd for å gjere bylivet betre. Jobben din omfatter alt frå trafikk og energi til sikkerheit og naudtenester. Døme på IoT-sensorar du kan bruke:
- Trafikksensorar som overvaker trafikken og justerer lyskryss og skilt automatisk.
- Energisensorar i bygningar som justerer oppvarming og kjøling etter behov, slik at ein sparer straum.
- Sikkerheitssensorar som overvåker offentlege område og varslar ved uvanlege hendingar.
Utdanning: Høgare utdanning innan urban planlegging, miljøvitskap, informatikk eller lignende felt med fokus på teknologi.
Personlege eigenskapar: Du må vere innovativ og flink til å løyse problem. Du må ha god forståelseing for teknologi og kva slags behov innbyggjarane vil ha i byane i framtida.

En vei inn mot en storby
10. Underhaldning og medium
Underhaldninga i framtida vil vere interaktive filmar og spel der du er helten i di eiga virtuelle verd. Virtuell røyndom og utvida røyndom kjem til å endre korleis vi opplever kunst og kultur.
Sjå forslag på eit framtidig yrke på neste side.
Interaktiv mediedesign-utviklar
Oppgåver: Du kjem til å lage nye typar spel og filmar der brukarane kan påverke historia undervegs. Du må forstå koding og grafisk design og vere interessert i å nå fram til brukarane.
Utdanning: Du må ha høgare utdanning innan datavitskap, grafisk design eller multimedia med fokus på interaktivt design.
Personlege eigenskapar: Du må vere kreativ og innovativ, flink med teknologi, og god til å løyse problem. Du må òg forstå kva som gir ei god brukaroppleving (UX).

Unge folk jobber med grafisk på pc skjerm i et kontor. Kontoret er moderne med masse pc-skjermer
Ei spennande framtid!
Framtida er spennande, og det er de som skal vere med å skape henne! De kjem til å løyse heilt nye problem og skape jobbar som ikkje finst enno.
Bruk fantasien, lær alt de kan. Ikkje ver redd for å møte nye utfordringar. Ny teknologi vil skape mange moglegheiter! Ver kreative, og gjer verda betre!
Ikkje ver redd for å tenkje nytt. Dei som tør å utforske det ukjende, vil vise veg. De kan bli med på dette eventyret og utvikle ny teknologi som gjer livet enklere og løyser store verdsproblem.
Bruk tida på skulen til å lære alt de kan. Samarbeid med andre, del ideane med kvarandre, og bygg eit nettverk med andre som òg vil utgjere ein forskjell.
Begynn reisa mot framtida med openheit og entusiasme. Verda endrar seg fort, og det er de som skal forme henne. Gled dykk til alle moglegheitene som ventar, og hugs at de kan skape noko utruleg!
