Gaming

Kva fordelar er det med gaming? Er e-sport ein idrett? Kva kan skje med deisom blir spelavhengige?

Accessibility icon Gaming

Gaming

Fortnite, CS, Minecraft eller Roblox. Kva speler du?

Som alle andre hobbyar er dataspel ein kultur med eigne aktivitetar, språk, kjendisar og historie. Ofte handlar det om å vere ein del av eit større miljø der  ein lærer, skaper og utvekslar informasjon. I Noreg spelar 96 prosent av gutane og 76 prosent av jentene, men andelen jenter aukar.

En jente sitter foran gaming oppsettet hennes, og tar på hodetelefonene.
En jente sitter foran gaming oppsettet hennes, og tar på hodetelefonene.
FordelAr med gaming:

Gaming er ei god kjelde til læring og utvikling. Om du bruker mykje tid på dataspel, kan du ha godt samvit. Gaming er nemleg ikkje berre gøy, det er nyttig også. Her er seks gode grunnar til det:

1. Du blir god i engelsk

Mange spel krev at du les instruksar og kommuniserer med andre spelarar på engelsk. Då trener du språkkunnskapane dine, kanskje heilt utan å tenkje over det. For somme blir engelsk eit favorittfag på skulen, fordi dei kjenner at dei meistrar faget.

2. Du er sosial og knyter nye kontaktar

Mange spel legg opp til samarbeid med andre, på tvers av landegrenser og språk. Med dette fellesskapet kan du kjenne på ei tilhøyrsle og få nye venner. Kanskje er nettopp du ein viktig kontakt for nokon som ikkje har så mange venner frå før?

3. Du blir god på problemløysing

I tillegg til at du blir betre på samarbeid, trener du også på problemløysing. Det kan vere etiske problemstillingar – altså kva som er rett eller gale. Kanskje di avgjerd påverkar liva til innbyggjarane i ein by, eller framtida til éin spesiell karakter? Eller det kan vere strategiske og taktiske problemstillingar. Korleis kan du skaffe deg det beste utstyret, eller overvinne ein fiende raskast mogleg?

4. Motoriske ferdigheiter

Når du gamar, vert det ofte stilt høge krav til motoriske ferdigheiter. Du må vere rask og bruke begge hendene samtidig. Du utviklar også god auge-hand-koordinasjon. Dette kan vere gode eigenskapar i kroppsøvingsfaget.

5. Du lærer å takle stress

Dei som gamar på profesjonelt nivå,  vert utsette for same mengd med stress som ein racerbilsjåfør i toppklasse. Det er ganske vilt å tenkje på! Hobbygaming er nok ikkje like krevjande, men du vert påverka av dei same mekanismane.  Å behalde roa og utføre oppgåver på ein god måte i slike situasjonar, er ei treningssak der du tar med deg erfaringar i nye forsøk og framtidige oppgåver.

6. Trene på følelsar

Gjennom ei lang økt med speling får du trent følelsar som empati, anger, stoltheit, tilfredsstilling, engasjement, fortaping, håpløyse, nervøsitet, panikk, forvirring, tvil, frustrasjon, irritasjon og bitterheit. Fleire av desse følelsane er ganske unike for spelmediet.

Forrige avsnitt

1 / 7

Neste avsnitt
Jente sitter og gamer i et rom opplyst med lilla farge.
Jente sitter og gamer i et rom opplyst med lilla farge.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!