Vilde på scena

Dette er historia om Vilde på scena. Artikkelen høyrer til serien “Hjernelæring”.

Kva skjer med Vilde i denne historia? Og Vasili? Kva for nokre figurar er aktive i hovuda deira? Og kva skjer som endrar alt? La oss utforska!

Fire barn synger i kor, men den ene er nervøs.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

Dei skal opp på scena. Vilde går rett bak Vasili. Ho kan høyra hjartet dunka i øyra. Ho får ikkje til å svelgja. Det er som om det sit ein liten ball fast i halsen. Vilde ser ned i golvet. Ho flyttar blikket bort mot kanten av scena. Men der stoppar ho. Foran scena sit alle dei andre elevane på skulen. Dei sit der og ser opp på ho. Dei kan sikkert sjå at ho har ein ball i halsen. Og kanskje dei synest den nye sløyfa frå bestemor er skikkeleg barnsleg?!

Polaroidbilde to barn om ser inn bak scenen.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

– Er de klare? seier læraren. Så byrjar han å syngja. Bak seg høyrer Vilde resten av klassen syngja med. Men ho kan ikkje hugsa orda. Ho ser på Vasili. Vasili står der og syng høgt og klart med den nydelege stemma si. Men Vilde klarar ikkje å få fram ein einaste lyd.

Polaroidbilde av liten klovn som kikker frem bak forteppet.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

Ho ser ned på skoa sine. Dei ser klumpete og rare ut. Vilde har krølla tærne sine saman inni dei. Ei stor varm tåre sklir nedover kinnet. Vilde prøver å bøya hovudet endå meir. Ingen der nede på golvet må sjå at ho græt! Ho skulle ønska at ho kunne få stå bakarst. Ei ny tåre kjem. Tåra plaskar rett i golvet.

Polaroidbilde av fot som tråkker på den andre foten.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

Ei varm hand tek tak i handa til Vilde. Ho ser på handa. Så ser ho opp på Vasili. Han klemmer handa hennar inni si. Han smiler og syng. Vilde kjenner at ballen i halsen blir mindre. Ho smiler tilbake. Og plutseleg kan ho høyra at ho syng ho også!

Polaroidbilde av to barn foran et forteppe.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Bakgrunn i gult hjernemønster

Forfattar: Kaja Kvernbakken / Hjernelæring

Illustrasjonar: Hjernelæring / Getty Images