Huda – vårt største organ

Huda er vernet ditt mot verda utanfor. Ho er tynn, tjukk, følsam og slitesterk - og mykje meir.

Accessibility icon Huda – vårt største organ

Eit stort organ  

Vi tenkjer kanskje ikkje over det, men huda er det største organet i kroppen. Viss huda vart bretta ut til ei flate, ville ho ha vore cirka 1,6 kvadratmeter stor og ha vege rundt 3 kilo. Huda er både sterk og elastisk og har mange avanserte og livsviktige funksjonar.

Nærbilde av huden på en hånd
Nærbilde av huden på en hånd

Huda har tre lag 

1. Overhuda (epidermis)

Dette er det øvste og beskyttande laget. Det er vasstett og beskyttar kroppen mot ultrafiolette strålar. Overhuda hindrar kroppen og huda i å tørke ut. Ho er med på å regulere kroppstemperaturen, og ho beskyttar også kroppen mot infeksjonar. Ho hindrar virus, bakteriar og anna rask i å trengje inn. Overhuda vert fornya heile tida. I løpet av tre til fire veker er overhuda heilt ny. 

2. Lêrhuda (dermis)

Lêrhuda gir næring til overhuda og bidrar til å oppretthalde henne. Den bølgjande forma gjev godt feste til overhuda. Lêrhuda er det største hudlaget og sørgjer for at huda er smidig og sterk. Her ligg hårrøter, nerveendar og sveittekjertlar. Lêrhuda er rikt forsynt med blodårer som går både djupt og breitt.

3. Underhuda (subcutis)

Underhuda består av feitt og bindevev. Fordelinga av feitt er forskjellig på kvinner og menn. Feittlaget sørgjer for at vi held på kroppsvarmen og beskyttar knoklar og musklar mot skade. Det er også her kroppen lagrar feittet som vert brukt som energi.

4. Nerveendar

Nerveendane ligg heilt ytst i huda. Dei registrerer temperatur, ulike former for berøring, smerte og kløe. Nerveendane har ei livsviktig oppgåve med å beskytte oss. Dei gjev beskjed viss vi til dømes brenner oss på fingeren, sånn at vi trekkjer armen til oss i refleks, og dei fortel oss når det er kaldt, slik at vi må kle på oss.

5. Sveittekjertel

Sveittekjertlane skil ut sveitte når kroppstemperaturen blir for høg. Når huda blir våt av sveitte, vert ho nedkjølt. Slik er kroppen fiffig innretta for å regulere kroppsvarmen. Sveittekjertlar er lange rør som ligg som ein kveil i underhudsfeittet, og dei har opningar til overflata til huda. Opningane i huda kallar vi porar. Det finst fleire forskjellige typar sveittekjertlar, alt etter kvar dei er på kroppen.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Anatomi av huden
Anatomi av huden

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!