Idealbyen til da Vinci

Leonardo da Vinci hadde idear om å skapa den perfekte byen.

Accessibility icon Idealbyen til da Vinci

Byplanlegging i oldtida

For fleire tusen år sidan fanst det store byar. Jeriko (9000–6000 f.Kr) låg nord for Daudehavet, og Uruk (3000 f.Kr) låg sør i det som i dag er Irak. Alle ønskte å bu i ein perfekt by. Ein by som var trygg for fiendar. Der alle hadde reint vatn, og dei vaksne hadde gode og trygge jobbar. Men hygiene var ofte eit problem i byane i oldtida. 

Arkitekten bak idealbyen

renessansen på 1400-talet var det ein arkitekt som heitte Filarete. Han prøvde å teikna Den perfekte byen. I den byen skulle alle pasientar på sjukehuset ha eigne rom. Då var dei tryggare for smitte. Dei blei raskare friske. 

Idealbyen på bakgrunn
Idealbyen på bakgrunn

Den perfekte byen

teikninga her ser du ein åttekanta by med ein sirkel rundt. Slik skulle den perfekte byen bli bygd. Leonardo da Vincisåg nøye på denne teikninga, og han ville laga noko som likna. Ingen av desse byane blei bygde. 

Idealbyen Sforzinda
Da Vinci-bakgrunn
Da Vinci-bakgrunn

Byane spreidde sjukdom

På 1400-talet tok Svartedauden og andre sjukdommar livet av 1/3 av folket i Europa. Grunnen til dette var at byane ofte var tronge, møkete og utan frisk luft. Då spreier smittsame sjukdommar seg fort. 

Idealbyen til Leonardo da Vinci

Leonardo da Vinci teikna ein by som skulle vera trygg å bo i. Byen hadde fleire etasjar. Nedst var det plass til hestar og vogner. I øvste etasje kunne folk gå trygt. Her var det frisk luft, sol og reint vatn. Han teikna også eit underjordisk kloakksystem. Då blanda ikkje kloakken seg med drikkevatnet. Og då ville det vera lettare for folk å halda seg friske.  

Da Vinci-bakgrunn
Da Vinci-bakgrunn

Reinslegheit og sanitære forhold

Mange stadar i Europa rann kloakken open ut i gatene der folk gjekk. Drikkevatnet blei forureina. Leonardo da Vinci ønskte å løysa dette problemet. Byen måtte ha reint drikkevatn. Kloakken måtte renna i eit system av rør. Folk kunne ikkje bu så tett på kvarandre. Det er som med koronapandemien. Det er livsviktig med god hygiene.

Leonardo da Vinci ville forandra byane til det betre. Han ønskte å kjempa imot smittespreiing og pest. Desse byane blei aldri bygde, men me har funne teikningar av dei.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ideelle byar i moderne tid

Me har berre teikningar av den byen Leonardo da Vinci ville byggja. Nokre av ideane hans har blitt brukt i moderne tid. Ein som prøvde å laga ein perfekt by, var Adolf Hitler. Han fekk bygd ein modell av Germania. Det skulle vera ein perfekt hovudstad i det nazistiske verdsriket. Desse planane blei det heller aldri noko av.

Kjelder:

  • Vold, Thurid; (2007), Tekst frå Arne Gunnarsjaas Arkitekturleksikon: Filarete i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/Filarete
  • Thorsnæs, Geir; Butenschøn, Peterby – historie i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/by_-_historie

Bilet- og videorettar:

    1. Carole Raddato (CC BY-SA 2.0)
    2. Ukjent
    3. Filarete
    4. Getty Images
    5. Leonardo da Vinci
    6. Museo Nazionale della Scienza e della Tecnologia Leonardo da Vinci Youtube
    7. Getty Images
    8. Nachlass Albert Speer / Bundesarchiv (CC BY-SA 3.0)