Jordbruksrevolusjonen

Frå sankarar til bønder – lær meir om røtene til den moderne sivilisasjonen vår.

Accessibility icon Jordbruksrevolusjonen

Frå nomadeliv til fast busetjing

For 11 000–12 000 år sidan endra menneska levemåte då dei bygde dei første faste stadene å bu og vart bønder. No var det slutt på nomadelivet – dei endelause vandringane etter dyreflokkane. Dei bygde hus, og samfunn voks fram blant plantane som folk hadde lært å dyrke.

Mesolithic man, gathering around fire in family groups and building dwellings
Mesolithic man, gathering around fire in family groups and building dwellings

Den fruktbare halvmånen

Dei første gardane dukka truleg opp for rundt 9000 år sidan i eit område som vart kalla Den fruktbare halvmånen – det som i dag er Sør-Irak, Syria, Libanon, Jordan, Israel og Nord-Egypt. Der var det mykje regn og fruktbar jord, som gjorde det ideelt å dyrke mat og avle fram dyr. Det første skriftspråket vart òg utvikla her, i tillegg til hjulet, pengar, astronomi og mange andre oppfinningar som har endra verda.

Kart over Den fruktbare halvmåne i Babylonia.
Kart over Den fruktbare halvmåne i Babylonia.

Jordbruk vart oppfunne fleire stader

Forsking har vist at dei første bøndene ikkje var i slekt, så jordbruket vart nok oppfunne fleire gongar og på ulike stader. I løpet av fleire tusen år flytta bøndene seg og spreidde kunnskap og reiskap over store delar av Vest- og Sør-Asia, Nord-Afrika og Europa.

Hieroglyf av Egyptiske bønder
Hieroglyf av Egyptiske bønder

Kvifor gjekk ein frå nomadeliv til landbruk?

Det er mange teoriar om dette.

  • Meir konkurranse om maten førte til at ein trong nye matkjelder.
  • Klimaendringane mot slutten av den siste istida for cirka 14 000 år sidan.
  • Mennesket vart meir intelligent.

Det har truleg vore ulike grunnar i i ulike delar av verda.

  • Jordbruk gav sikrare tilgång på mat, og befolkninga voks raskt.
  • Folk kunne fordele arbeidsoppgåver og fekk tid til andre ting, som kunst, framstilling av keramikk og anna handverk.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Landbruk
Landbruk

Endring av levevilkår og alder

Gransking av skjelett og tenner viser òg at folk som levde i jordbrukssamfunn, levde kortare og var oftare underernært enn jeger- og sankarfolket, fordi dei åt mindre variert mat. Forskarane oppdaga òg at bøndene etter kvart fekk svakare beinbygning og lettare beinbrot enn jegerane og sankarane, som hadde like sterk beinbygning som vår tids orangutangar.

Årsaka var truleg at bøndene levde eit rolegare liv og ikkje lenger vandra rundt på jakt etter mat. No budde folk tettare innpå kvarandre og dyra sine. Sjukdommar spreidde seg lettare, både frå person til person og mellom folk og dyr. Bakteriar treivst og utvikla seg til nye former som gjorde at folk døydde i staden for berre å bli sjuke og så friske igjen. Trass i risikoen for sjukdommar, hadde folk vorte avhengige av husdyra sine – dei gav kjøt og mjølk, i tillegg til skinn og ull som kunne brukast til klede.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Neolittiske verktøy og våpen
Neolittiske verktøy og våpen

Husdyrhold gav effektivt jordbruk

Dei første husdyra vart avla fram frå ville dyr som steinalderfolk fanga. Grisar stammar frå villsvin, og geiter frå den persiske fjellgeita. Heilt frå jeger- og sankartida hadde folk hatt hundar som jaktkameratar, og no vart hunden gjetar og passa på dyreflokkane. Etter kvart begynte ein å halde kyr – kanskje først til offergåver og festmåltid, men med tida spente ein oksar for plogen og brukte dei som trekk- og arbeidsdyr. Møkka vart brukt til gjødsel og brensel.

Farming and farmers in antique Rome
Farming and farmers in antique Rome

Dyrking av nyttevekstar

I tillegg til å halde husdyr dyrka steinalderbøndene nyttevekstar. Dei rydda jorda, sådde frø og hausta avlinga når ho var moden. Bygg og spelt var blant dei første kornsortane som vart dyrka i Den fruktbare halvmånen. Seinare dyrka dei òg erter, linser og linfrø. Fibrane frå linplanten brukte dei til å veve tøy av. Nytteplantane vart med tida større og større. Maiskorn er til dømes 15 gongar større enn villmais, fordi bøndene valde å ta såkorn frå dei største plantane.

Tørket lin i en kurv
Tørket lin i en kurv

Behov for nye yrke veks fram

 

Sjølv om folketalet den gong var lite i forhold til no, var bondesamfunna stadig trua av mangel på mat. Dei jobba hardt for å samle matlager som kunne sikra at dei overlevde. Godt fylte matlager gav rom for endå fleire menneske, og det dukka opp nye yrke – som slaktarar og verktøymakarar. Til slutt vart det behov for soldatar som kunne forsvare landområda deira mot framande som prøvde å stele rikdommen. Det vart òg bygd heilagdommar der folk kunne be til gudane om regn og gode avlingar, og prestane fekk ein stadig viktigare rolle.

 

Smed i arbeid
Smed i arbeid

Klassedelt samfunn

Menn hadde ofte desse viktige rollene i samfunnet, og forskjellen mellom mann og kvinne og mellom rik og fattig auka. Bønder og handverkarar, som produserte maten og tenestene samfunnet var avhengig av, var no plutseleg nedst på rangstigen, for det var dei rike som kontrollerte kornlagera. Denne utviklinga i dei første samfunna har hatt direkte innverknad på korleis vi lever den dag i dag.

Gullkiste
Gullkiste

Kornproduksjon

Korn har vore ein viktig matvare i kulturar over heile verda i tusenvis av år.

Såing

Når jorda var klargjort, vart kornet sådd. Bøndene valde dei største korna til såkorn for å få større avlingar.

Maling

Kornet vart lagt på ein stein med ei grop i, og male ved å knuse det med ein rund stein. Dette blir kalla ei handkvern.

Tresking

Kornet vart banka og kasta opp i lufta for å skilje korna frå aksa. Dette blir kalla tresking.

Hausting

Avlinga vart slått med ljå før korna fall på bakken. Ljåen var laga av eit flintflak som var kvesst og festa til eit trehandtak.

Pløying

Dei første bøndene brukte kjeppar til å grave i jorda, men arbeidet vart mykje lettare då plogen vart oppfunnen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon om kornproduksjon
Illustrasjon om kornproduksjon

Kjelder:

  • Menneskets historie Junior, (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Alamy
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Ukjent
    11. Nasjonal digital læringsarena Youtube