Skal vi ta ein kaffi?

Over heile verda tek folk kaffipause. Det blir drukke litervis av varm kaffi på arbeidsplassar, kafear og på fisketurar. Det er heilt vanleg å seie: «Skal vi ta ein kaffi?» Men når begynte vi eigentleg å ta kaffipausar?

Kaffipausefestival

I byen Stoughton i USA feirar dei ein eigen festival til ære for kaffipausen. Dei meiner at denne tradisjonen starta her.

Mange nordmenn flytta til USA på 1800-talet. Mange av dei fekk jobb, men for det meste mennene. Ein som eigde ein tobakksfabrikk i Stoughton, fekk ikkje nok menn til å jobbe der. Han spurde derfor kvinner om dei ville ha jobb.

Dei takka ja til dette, mot at dei fekk lov til å ta kaffipause heime!

Vi veit ikkje sikkert når nokon tok den første kaffipausen. Men kvinnene i Stoughton var nok blant dei første.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kaffepause
Kaffepause

Smak av Etiopia

Dei første kaffibønnene vart dyrka i Etiopia på 1200-talet.

I dag er det nesten tre millionar nordmenn som drikk kaffi kvar dag. Men det var ikkje før på midten av 1700-talet at kaffi vart populært i Noreg.

Dette er ei av fleire historier om korleis kaffi vart oppdaga:

I byen Mokka i Etiopia var det ein mann som kunne heile. Det betyr å gjere sjuke folk friske. På grunn av dette vart han jaga ut i ørkenen. Der måtte han overleve på bitre bær. For at bæra skulle smake betre, brende han dei på bålet, knuste dei og blanda pulveret i kokande vatn.

Drikken vart kjend, og han spreidde seg i Afrika, Asia og Midtausten.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kaffebønner i Etiopia
Kaffebønner i Etiopia

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!