Kan dinosaurane komme tilbake gjennom evolusjon?

Har du sett “Jurassic Park”-filmane og lurt på om dette kunne ha skjedd i røynda? Kan dinosaurane komme tilbake? Ideen om at desse digre skapningane ein dag kan vandre rundt på jorda igjen, er for dei fleste både fascinerande og skremmande.

Sjølv forskarar lar seg fascinere av om evolusjonsprosessen etter kvart kan få oss tilbake til tyrannosaurane si verd. Men ein forskar ved Natural History Museum i London har avfeia alle teoriar om at ein DNA-fylt mygg, bevart i rav i millionar av år, kan gjere oss i stand til å attskape ein dinosaur.

Vi har funne mygg og fluger frå dinosaurtida, og nokre av dei er bevarte i rav. Men når rav vernar skapningar, har det ein tendens til å verne skalet, men ikkje dei mjuke delane. Så ein finn ikkje blod i mygg som er bevart i rav.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Rav
Rav

Dinosaur-DNA

Forskarar har funne blodårar og proteinet kollagen i dinosaurfossil, men ikkje dinosaur-DNA. Kollagen som finst i knoklar, er ganske robust, men DNA er veldig skjørt og kjenslevart for sollys og vatn. Det eldste DNA-et som er funne, er rundt 1 million år gammalt, og dinosaurane døydde ut for rundt 66 millionar år sidan.

Sjølv om vi har funne det som kan sjå ut som blod frå mygg som er opptil 50 millionar år gamle, har vi ikkje funne DNA. For å attskape noko, treng vi DNA-ET.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dinosaurfossil
Dinosaurfossil

Evolusjon er tilfeldig

Forskarar meiner likevel at vi ikkje kan sjå bort frå tanken om at dinosaurane kan utvikle seg vidare frå dei døde. Evolusjon er ikkje fastsett eller planlagt. Med andre ord: Kva som helst kan skje. Evolusjon er stort sett stokastisk, eller tilfeldig, og må ikkje nødvendigvis gå i ei bestemt retning.

Forskarar påpeikar at forholda sjølvsagt måtte vere lagde til rette for at dinosaurane skulle dukke opp på nytt. Ein kan tenkje seg pandemiar som kan endra gena, fysiologien og åtferda vår utanfor vår kontroll. Dette kan i sin tur skape dei rette forholda for at evolusjon kan finne ein veg mot å finne opp dei gamle reptila på nytt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dinosaur egg
Dinosaur egg

Er delfinen ein dinosaur?

Sjølv om evolusjon ikkje nødvendigvis har ei bestemt retning,  har vi så langt ikkje sett utdøydde dyr utvikle seg på nytt. Vi kan finne dyr som er i nær slektskap. Ichthyosaurer var til dømes havreptil med lange, spisse snutar og delfinaktig kropp og hale. I dag har vi delfinar, men anatomisk er dei veldig ulike ichthyosaurus.

📷  Ichthyosaurar
Ichthyosaur
Ichthyosaur

Finst det framleis dinosaurar?

Dinosaurane døydde ikkje heilt ut. Fuglar utvikla seg frå kjøttetande dinosaurar. I biologisk definisjon er alt som har utvikla seg frå denne felles stamfaren, ein dinosaur med anatomiske fellestrekk. Dinosaurane er framleis med oss.

Det blir sagt at dinosaurane vart utrydda, men dette gjaldt for det meste dei artane som ikkje hadde evna til å flyge. Fuglar er etterkommarar av dinosaurane, og fuglar utviklar seg heile tida. Etter kvart vil nye fugleartar utvikle seg, og desse vil vere nye dinosaurartar.

📷 Pteranodon

Nokre forskarar leikar med tanken om å reversere utviklingsprosessen for ei høne, for å gjere henne om til ein dinosaur dei kallar “chickenosaurus”. Men dette beistet, viss prosjektet hadde vorte realisert, ville ikkje vere ein reproduksjon av ein dinosaur, men heller ei modifisert høne.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pteranodon
Pteranodon

Best å la dinosaurane vere

Ting har forandra seg drastisk dei siste 66 millionar åra, og viss ein dinosaur ein dag skulle utvikle seg på jorda, ville det ha vore på ein heilt ulik klode. Dyr som døydde ut naturleg for kanskje 150 millionar år sidan, kjem ikkje til å kjenne igjen noko som helst viss ein får dei tilbake i verda vår.

Kva skulle dei ha ete, viss gras ikkje hadde funnest på deira tid? Kva skulle ha vore funksjonen til dyra, kvar skulle vi ha plassert dei? Ville det ha vore nokon som eigde dei?

Det er kanskje best å la dinosaurane liggje i fred.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
T-Rex fossil
T-Rex fossil

Kjelder:

  • Dinosaurenes verden (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images