Kan dinosaurane komme tilbake gjennom evolusjon?

Kan dinosaurane komme tilbake? Forskarar lèt seg fascinere av om evolusjon kan få oss tilbake til tyrannosaurene si verd. Men ein forskar ved Natural History Museum i London har avfeia alle teoriar om å attskape dinosaurar.

Vi har funne mygg og fluger frå dinosaurane si tid, og nokre av dei er bevarte i rav. Rav er forsteina kvae. Det harde skalet til myggen er bevart, men ikkje dei mjuke delane. Derfor finn ein ikkje blod i eldgamle myggar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Rav
Rav

Dinosaur-DNA

Forskarar har funne blodårar og proteinet kollagen i dinosaurfossil, men ikkje dinosaur-DNA. Kollagen som finst i knoklar, toler mykje, men DNA er veldig skjørt og kjenslevart for sollys og vatn. Det eldste DNA-et som er funne, er rundt 700 000 år gammalt. Dinosaurane døydde ut for rundt 66 millionar år sidan.

Sjølv om vi har funne det som kan sjå ut som blod frå mygg som er opptil 50 millionar år gamle, har vi ikkje funne DNA. For å attskape noko treng vi DNA-ET.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dinosaurfossil
Dinosaurfossil

Evolusjon er tilfeldig

Forskarar meiner likevel at dinosaurane kan utvikle seg vidare frå dei døde. Evolusjon er ikkje fastsett eller planlagd. Med andre ord: Kva som helst kan skje. Evolusjon er stort sett stokastisk, eller tilfeldig, og må ikkje nødvendigvis gå i ei bestemt retning.

Forholda måtte ha vore lagde til rette for at dinosaurane skulle komme tilbake. Vi kan ikkje kontrollere naturlege prosessar, så ingenting er umogleg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dinosaur egg
Dinosaur egg

Er delfinen ein dinosaur?

Det går sannsynlegvis føre seg evolusjon framleis, men så langt har ikkje utdøydde dyr utvikla seg på nytt. Ichthyosaurar var til dømes havdyr med lange, spisse snutar og delfinaktig kropp og hale. I dag har vi delfinar, men desse er likevel ulike ichthyosaurus.

📷  Ichthyosaurar
Ichthyosaur
Ichthyosaur

Finst det framleis dinosaurar?

Dinosaurane døydde ikkje heilt ut. Fuglar utvikla seg frå fjørkledde dinosaurar. Fuglar utviklar seg heile tida, og desse vil biologisk vere nye dinosaurartar.

Nokre forskarar leikar med tanken om å gjere ei høne om til ein dinosaur dei kallar “chickenosaurus”. Men dette dyret ville ikkje ha blitt ein dinosaur, men ei fornya høne.

📷 Pteranodon
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pteranodon
Pteranodon

Best å la dinosaurane vere

Ting har forandra seg veldig dei siste 66 millionar åra. Viss ein dinosaur ein dag skulle utvikle seg på jorda, ville det ha vore på ein heilt ulik klode. Dyr som døydde ut naturleg for mange millionar år sidan, kjem ikkje til å kjenne igjen noko som helst.

Kva skulle dei ha ete? Kva skulle ha vore funksjonen til dyra, kor skulle vi ha plassert dei? Ville det ha vore nokon som eigde dei?

Det er kanskje best å la dinosaurane liggje i fred.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
T-Rex fossil
T-Rex fossil

Kjelder:

  • Dinosaurenes verden (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images