Kan dinosaurane komme tilbake gjennom evolusjon?

Evolusjon handlar om at nye artar utviklar seg. Utan at vi menneske kan styre det. Derfor er det nokre forskarar som meiner at dinosaurane kan komme tilbake.

I “Jurassic Park”-filmane finn arkeologar mygg sitjande fast i rav. Rav er forsteina kvae frå tre. I myggane finn dei blod frå dinosaurane. Dermed kan dei skape nye dinosaurar.

Vi har funne mygg frå dinosaurane si tid, og nokre av dei er bevarte i rav. Men insekta er dårleg bevarte. Det finst ikkje dinosaurblod med arvestoff i dei.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Rav

Dinosaur-DNA

Forskarar har ikkje funne dinosaur-DNA. DNA er arvestoffet som trengst for å føde nye dyr eller menneske. Det eldste DNA-et som er funne, er rundt 700 000 år gammalt.

Sjølv om arkeologar har funne mygg som inneheld blod, så manglar det DNA-ET. Myggane er 50 millionar år gamle!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dinosaurfossil

Evolusjon er tilfeldig

Forskarar meiner likevel at dinosaurane kan komme tilbake. Evolusjon handlar om at nye artar utviklar seg utan at menneske kan styre dette. Med andre ord: Kva som helst kan skje.

Naturen og evolusjon kan utvikle nye dyr og plantar. Vi veit berre ikkje kva som kjem i framtida. Kanskje dinosaurane får ein ny sjanse?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dinosaur egg

Er delfinen ein dinosaur?

Utdøydde dyr har enno ikkje utvikla seg på nytt. Vi har ikkje funne nye dinosaurar. Men vi har dyr som kan likne på dinosaurar. Ichthyosaurar var til dømes havdyr med lange, spisse snutar og delfinaktig kropp. I dag har vi delfinar, men dei er likevel veldig ulike ichthyosaurus.

📷  Ichthyosaurar
Ichthyosaur

Finst det framleis dinosaurar?

Dinosaurane døydde ikkje heilt ut. Fuglar utvikla seg frå fjørkledde dinosaurar. Fuglar er dermed etterkommarar av dinosaurane.

Nokre forskarar leikar med tanken om å lage ei høne om til ein dinosaur dei kallar “chickenosaurus”. Men hadde det då vorte ein dinosaur, eller ei litt rar høne?

📷  Pteranodon
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pteranodon

Best å la dinosaurane vere

Ting har forandra seg mykje dei siste 66 millionar åra. Viss dinosaurane ein dag kjem tilbake, vil dei ikkje kjenne seg igjen.

Kva skulle dei ha ete? Kvar skulle vi ha plassert dei? Ville det ha vore nokon som eigde dei?

Det er kanskje best å la dinosaurane liggje i fred.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
T-Rex fossil

Kjelder:

  • Dinosaurenes verden (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images