Å brette eit ark
Tenk deg at du har eit ark som du skal brette saman. Først brettar du arket saman ein gong på midten. Så brettar du det ein gong til – slik at du for kvar brett halverer størrelsen på arket. Og slik fortset du så lenge du kan.
Som du sikkert legg merke til, blir arket vanskelegare og vanskelegare å brette saman, fordi det blir tjukkare, og fordi størrelsen på overflata blir mindre for kvar gong. Kor mange gongar trur du at eit vanlig ark kan brettast?
Og går det an – heilt teoretisk – å brette eit ark så mange gongar at det blir så tjukt at det vil nå heilt til månen?