Krafta til fantasien

Kultur, vitskap og teknologi er berre mogleg fordi vi kan fantasere.

Accessibility icon Krafta til fantasien

Kva er fantasi?

Kan du sjå for deg ein lilla drake som køyrer trehjulssykkel? Ingen andre dyr på jorda kan sjå for seg noko slikt. Inni hovudet ditt kan du dele opp bilete av ting du har sett før, og setje saman bitane til noko heilt nytt. Set saman ei øgle og ein fugl, og vips så har du ein drake. Tenk på fargen til ein lilla blomst, så kan du farge draken. Dette er berre mogleg fordi vi kan fantasere. Men vi har ikkje alltid hatt denne evna.

Forskjellige dyr samlet i en kollasj

Menneskehjernen har vakse

Då menneske vandra ut av Afrika for rundt 100 000 år sidan, brukte dei framleis dei same enkle verktøya som forfedrane sine. Det skulle ta endå 60 000 år før fantasien til mennesket begynte å utvikle seg i raskt tempo. Det som skjedde i mellomtida, var at hjernen til mennesket hadde vakse seg større. Områda i hjernen som styrer språk og tolking av det ein ser, begynte å jobbe saman. Forskarar trur at det var dette som førte til at vi utvikla fantasien vår.

Ung kvinne flyr
Ung kvinne flyr

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!