Kroppen treng energi

Kroppen treng næringsstoff og energi for å fungere. Men det er viktig å finne ein balanse mellom det du et og fysisk aktivitet. Det er ikkje berre å putte i seg kva som helst. Kroppen ønsker seg nemleg eit variert kosthald, og ikkje berre søtt og salt. For å halde humøret og konsentrasjonen oppe i løpet av ein heil skuledag, treng du næring. Frukt, grønsaker, grovt brød, fisk og friskt vatn gjer at kroppen trivst aller best. Og det fortener han!

Accessibility icon Kroppen treng energi

Kroppen treng energi

I maten vår er det tre ulike næringsstoff. Desse er protein, feitt og karbohydrat.

Kroppen treng energi for å vekse og fungere. Dei næringsstoffa som gir mest energi, er karbohydrat og feitt.

Jenter leker sammen
Jenter leker sammen

Energitett mat

Et du meir enn kroppen forbruker, vil vekta auke. Spesielt viss du et mykje energitett mat.

Energitett mat inneheld mykje feitt og sukker. Grønsaker og frukt er ikkje energitett mat.

Ikke energitett mat
Ikke energitett mat

Karbohydrat

Karbohydrat er den viktigaste energikjelda vår. Blir du sliten etter ei treningsøkt eller ein dag på skulen, treng du energi. Då kan det vera lurt å ete ein banan eller noko med sukker. Då får kroppen litt ny energi.

Sukker blir fordøydd lett, og det bidreg med mykje energi. Kostfiber blir ikkje fordøydd i kroppen, og det bidreg derfor med lite energi.

Dei fleste et mindre kostfiber enn det som er tilrådd. Fiber gjer at mage og fordøying fungerer som det skal. Du unngår forstopping. Grønsaker, frukt og grovt brød gir kroppen fiber.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brød
Brød

Protein

Protein byggjer opp cellene våre.

Mat som inneheld protein er fisk, kjøt, korn, melk, ost og egg.

Proteinrik mat
Proteinrik mat

Feitt

Feitt er energilageret til kroppen. Når vi et, blir energien lagra som feittvev i kroppen.

Feittvev verkar som isolasjon slik at du held varmen. Feitt vernar òg indre organ mot støytar. I tillegg bruker du energi når du beveger deg.

Metta og umetta feitt

Feitt blir delt inn i metta og umetta feittsyrer.

Du bør ete mest mogleg umetta feitt frå plantar og fisk. Det er mykje sunnare enn metta feitt frå kjøt, ost og mjølk.

Når du et frityrsteikt mat som pommes frites og snitslar, får du i deg transfeitt. Det blir ikkje tilrådd å ete for mykje av dette.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vitamin

Vitamin hjelper til med stoffskiftet til kroppen. Stoffskiftet gjer at kroppen får i seg næringsstoffa i maten. Samtidig som kroppen kvittar seg med det han ikkje treng. Det merkar du når du går på do.

Vi må få i oss vitamin gjennom maten. Kroppen kan ikkje lage dei sjølv.

Vi  pleier å dele vitamin inn i feittløyselege (A, D, E og K) og vassløyselege (B og C).

Dei feittløyselege vitamina blir lagra i kroppen viss vi får for mykje. Dei vassløyselege kan ikkje lagrast, så dei forsvinn ut med urinen.

Det er ikkje bra å få i seg for mykje vitamin. Det er lurt å følge tilrådingane frå lege og apotek.

Vitamin A er nødvendig for godt syn, normal vekst, glatt hud og  immunforsvaret til kroppen som vernar mot sjukdom.

Det er åtte ulike B-vitamin, og dei hjelper kroppen til å verne cellene.

Vitamin C hjelper til med å halde organa til kroppen saman, slik at kroppen fungerer så normalt som mogeleg.

Vitamin D er viktig for skjelettet og immunforsvaret.

Vitamin K gjer at blodet koagulerer. Det vil seie at blodet storknar når vi får eit sår.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vitaminer
Vitaminer

Mineral

Kroppen treng det vi kallar mineral. I naturfag heiter det grunnstoff. Desse får vi gjennom mat og drikke.

Det vi treng mest, er kalsium, jern, natrium, kalium, klor og magnesium.

  • Kalsium er viktig for skjelettet.
  • Magnesium gjer at nervane fungerer som dei skal.
  • Jern gjer at blodet tek til seg oksygen.
  • Natrium, kalium og klor passar på at kroppsvæskene gjer jobben sin.
Mineraler

Antioksidantar

Antioksidantar vernar kroppen mot angripande stoff. Matvarer som inneheld mykje antioksidantar, er grønsaker, frukt, bær, grove kornprodukt og nøtter.

Du får i deg antioksidantar ved å ha paprika på brødskiva, blåbær i smoothien og ved å drikke grøn te.

Blåbær
Blåbær

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images