Kunne menneske og dinosaurar ha levd saman?

Dinosaurane har alltid fascinert menneske. Me har skrive bøker og laga filmar om dei. Men korleis veit vi korleis dei såg ut? Er det mogleg å attskape dinosaurane slik dei gjer i filmane om Jurassic Park? Kunne dinosaurar og menneske ha levd saman?

Accessibility icon Kunne menneske og dinosaurar ha levd saman?

Kunne menneske og dinosaurar ha levd saman?

Kva om asteroiden aldri hadde treft jorda, og dinosaurane ikkje vart utrydda frå planeten vår for 66 millionar år sidan? Hadde det vore mogleg for oss å leve side om side med desse digre skapningane?

«Det er heilt utenkjeleg», seier paleontolog Thomas Williamson ved New Mexico Museum of Natural History and Science.

Sjølv om det fanst pattedyr medan dinosaurane regjerte, var desse dyra små. Dei var ikkje så mykje større enn ein huskatt. Det var ikkje før dinosaurane døydde ut at pattedyra voks i storleik og vart meir spesialiserte. Denne utviklinga leidde til slutt fram til menneskeslekta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Dinosaurane ville ha herska åleine

Dinosaurane hadde eksistert i over 150 millionar år då asteroiden trefte, og dei gjorde det ganske bra heilt til den skjebnesvangre dagen. Viss ikkje asteroiden hadde treft jorda, er det ikkje tvil om at dei ville ha utvikla seg vidare.

Viss ikkje dinosaurane hadde døydd, ville aldri pattedyra fått sjansen til å utvikle seg i den nye verda, fri for overherredømmet til dinosaurane. Viss ikkje pattedyra hadde fått sjansen, hadde det ikkje vore nokon primatar, og som resultat, ingen menneske.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Heldt seg i skuggane

Pattedyra utvikla seg for rundt 220 millionar år sidan, omtrent samtidig som dinosaurane. Men dinosaurane fekk overtaket, utvikla seg til mange tusen artar, spreidde seg rundt omkring i verda og voks seg digre.

Pattedyra heldt seg i skuggane, og ingen av dei dominerte omgivnadene sine. I staden åt dei første pattedyra stort sett insekt, kanskje frø og nokre små dinosaurar, ifølgje fossile funn.

Eohippus – Urhest  📷
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Urhest
Urhest

Overlevde katastrofen

Då den ti kilometer breie asteroiden trefte jorda, vart både dinosaurar og pattedyr ramma. Alle dinosaurane døydde, bortsett frå dei som kunne flyge, og rundt 75 prosent av alle pattedyr døydde.

Nokre få tøffe pattedyr greidde seg gjennom utryddinga. Desse pattedyra ser ut til å ha vore små og med ein allsidig diett. Dei kunne overleve ved å gøyme seg og ete masse ulikt. Slik overlevde dei i kaoset rett etter asteroiden.

Då alle dei ikkje-flygande dinosaurane var borte, tok pattedyra over den økologiske nisjen deira. I løpet av nokre hundre tusen år utvikla pattedyra seg til nye artar, endra dietten og vart større.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Dinosaur og asteroide
Dinosaur og asteroide

Mangfaldet eksploderte

Omtrent 500 000 år etter at dinosaurane forsvann, hadde nokre pattedyr vorte så store som sjæferar. Desse artane er årsaka til at det finst fleire enn 5000 pattedyrarter i dag. Dette hadde ikkje skjedd viss ikkje dinosaurane hadde døydd ut.

Pattedyra som levde saman med dinosaurane, klarte ikkje å utvikle eit mangfald. Dinosaurane dominerte altfor mykje. Men så, akkurat då dinosaurane døydde ut, begynte mangfaldet å eksplodere.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Koalabjørn
Koalabjørn

Kjelder:

  • Dinosaurenes verden (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images