I N T E R V J U

Kva brenn du for,
Cengiz?

Vi har snakka med Cengiz Al (25), skodespelar, kjend frå mellom anna «Skam» og «Tre nøtter til Askepott». I 2022 vann han «Skal vi danse All Stars» på TV 2.

av Kjersti Kvam

Cengiz Al
Cengiz Al
Dette brenn Cengiz for:

Unge må få hjelp til å finne sin indre glød og tru på seg sjølv!

– Eg hugsar kjempegodt då eg sjølv begynte å lure på kva eg eigentleg likte å drive med, kva eg kunne bli god i, seier Cengiz.

Cengiz Al og Astrid Smeplass i rollen som Aksepott og Prinsen i Tre nøtter til Askepott
Cengiz Al og Astrid Smeplass i rollen som Aksepott og Prinsen i Tre nøtter til Askepott

Cengiz mimrar tilbake til oppveksten i Lier utanfor Oslo. Som dei andre gutane hadde han spelt fotball sidan han var ein liten gut, men etter kvart vart det meir og meir alvor. Som 12-åring begynte Cengiz å tenkje at han faktisk ikkje kunne satse på ein karriere som fotballspelar, sjølv om han var god. Men kva skulle han gjere då?

– Det var faktisk ein litt vanskelig prosess, for eg var veldig interessert i dans, men det kjendest ikkje så tøft å gå frå fotball til dans.

Cengiz kan le av det no, men då var det blodig alvor, for det handla om livet og framtida hans, og han har alltid vore ein målretta type. Til slutt gjorde han det berre. Det har han aldri angra på, sjølv om det var krevande å gå frå det trygge, sosiale samhaldet i fotballaget til noko heilt nytt.

Den første dagen i dansestudioet kjem han aldri til å gløyme.

– Det var overveldande å komme inn i eit rom med masse dansarar. Eg trur alle var eldre enn meg – og i alle fall betre enn meg.

Eg hadde dansa mykje heime, men dette var noko heilt anna. I starten herma eg mykje etter dei andre, for å komme inn i det, og etter kvart testa eg ut forskjellige klassar. Eg endte på hiphop for gutar, som eg likte veldig godt. Det tok selvfølgelig litt tid før eg vart ein del av gjengen, men det viktigaste var at eg syntest det var gøy frå dag éin, sjølv om eg var nybegynnaren i gruppa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Cengiz Al i dansestudio
Cengiz Al i dansestudio

Etter kvart som Cengiz vart tryggare både med dansinga og dei andre i gruppa, torde han å sleppe seg meir laus. Ein dag plasserte danselæraren han heilt framme på ei framsyning. Då skjedde det noko inni han.

– Eg hugsar at eg tenkte: «OK, han set meg framst fordi han tenkjer at eg klarer det». Det gav meg på ein måte lov til å ha den sjølvtilliten eg trong for å gripe moglegheita.

Det er denne sjølvtilliten – og trua på seg sjølv – han brenn for at andre ungdommar òg skal få oppleve. Men det kjem jo ikkje av seg sjølv. Ein treng ofte nokon som er eldre til å bli løfta litt opp, og der meiner Cengiz at mange vaksne kan bli mykje betre. Rådgivinga på ungdomsskulen og vidaregåande, til dømes, syntest han var kjedelege greier.

– Det var jo null coaching! Ingen inspirasjon, berre sånn: «Ja, kva studium tenkjer du å søkje på?». Dei må jo førebu elevane på det som kjem på ein engasjerande måte. Lærarar og rådgivarar kan seie at å jobbe mot eit mål er kjempegivande, sjølv om det er tøft – særleg viss det er noko du verkeleg har lyst til og brenn for!

– Vi vaksne må støtte ungdommane og hjelpe dei til å kjenne etter kva dei verkeleg vil. Så må vi gi dei trua på at dei kan få det til. Mi oppleving er at mange rådar ungdom til å velje den lettaste vegen, men der er eg så usamd!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Cengiz Al på en danseoppvisning
Cengiz Al på en danseoppvisning

Dette temaet engasjerer Cengiz så sterkt at han kunne tenkje seg å jobbe med det, til dømes ved å besøke skular og snakke om motivasjon eller halde workshops for dansarar. Han elskar å coache og inspirere. Alle har talent og gode sider, men ofte må nokon vaksne hjelpe ungdommane i gong, meiner han.

– Har du eit råd til unge som kjenner seg usikre på seg sjølve og kva dei har lyst til?

– Det som har hjelpt meg, er å vere saman med menneske som eg kjenner meg trygg med. Då kan du først øve deg på ting saman med dei. Då vågar du kanskje å gå vidare når du kjenner deg tryggare.

– Og så er det jo viktig å tore å satse når du får moglegheita. Tenk at du er ein fotballspelar som får ei drøymepasning framfor mål – då må du berre køyre på og skyte! Det verste er jo å ikkje satse, og deretter kaste bort dei gode moglegheitene, seier han.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Cengiz Al og Rikke Lund, Skal Vi Danse All Stars 2022
Cengiz Al og Rikke Lund, Skal Vi Danse All Stars 2022

Det er ofte òg litt flaks involvert i suksesshistorier. Cengiz sjølv var til dømes heldig fordi han vaks opp med to storebrør og kjende seg som ein beskytta og fri veslebror. Han trur den tryggleiken var viktig for at han vart ein sosial fyr som å gjerne prøvde å få folk til å le og ikkje var så redd for å drite seg ut. Seinare brukte han den same tryggleiken til å gripe moglegheiter. Til dømes den gongen danselæraren plasserte han framme på scena for aller første gong, der han vågde å tru på seg sjølv.

I tillegg har det noko å seie kva som finst av tilbod der du bur. I Lier, der Cengiz vaks opp, var ikkje utvalet like stort som i storbyane, og det påverka jo vala han kunne ta.

– Viss du fekk ei guddommeleg moglegheit til å bestemme noko i samband med hjartesaka di, kva ville du gjort?

– Eg ville gjort alle idretts- og kulturtilbod gratis for barn og ungdom. Og så ville eg samla det sånn at alt skjedde på skulen. På den måten kunne skulen blitt ein kulare stad å vere, og vi kunne fått fleire spennande tilbod på tvers av by og land. Då kunne alle få større moglegheiter til å finne sin eigen glød!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Cengiz Al som danser i et dansestudio
Cengiz Al som danser i et dansestudio

Cengiz’ eigne idol

  • Ei lokal eldsjel som heiter Wenche Brun! Ho skapte Attic dansestudio i Drammen. Ho begynte med å undervise dans til vennane sine heime hos seg sjølv, så vaks det seg til ein ordentleg danseskule, og til slutt skapte ho Attic, som er eit kjempestort og fint danselokale. I dag blir det drive av kommunen. Kjempeinspirerande!
Uskarpt bilde av et dansestudio
Uskarpt bilde av et dansestudio

Viss eg var 16 år i dag, ville eg engasjert meg for …

… å skape ein stad for ungdom, kor det faktisk var kult å vere! Mange ungdomsklubbar i dag blir sett litt ned på, så eg ville ha sørgt for at det skulle bli ein chill stad kor det både var kult å lære, vere med på ting – eller berre henge.

Uskarpt bilde av ungdommer i et klasserom
Uskarpt bilde av ungdommer i et klasserom

Dette intervjuet er skrive av Kjersti Kvam for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for! 

Bilde- og videorettar:

    1. NRK
    2. David Vu / Storm Films
    3. Privat
    4. Espen Solli / TV 2 / NTB
    5. Privat
    6. Privat
    7. Adobe Stock
    8. Privat / Getty Images