I N T E R V J U

Kva brenn
du for, Eirik?

Vi har snakka med friluftslivsentusiast og hobbyinfluensar Eirik Lyssand om kva han er mest oppteken av.

av Caroline Korsvoll

Eirik Lyssand på tur i skogen
Eirik Lyssand på tur i skogen
Dette brenn eg for:

Å skape turglede!

Har du først komme deg ut i naturen, må du unne deg digg mat, meiner Eirik Lyssand. Han slår eit slag for lavterskelturar. Med dessert!

– Kven eg er? Eg er Eirik. Eg er ein friluftsentusiast og ein hobbyinfluensar som brenn for å få folk ut i naturen og vil at fleire skal lage digg mat utandørs.

– Hobbyinfluensar?

– Ja, eg veit ikkje kva anna eg skal kalle det, seier Eirik og ler.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Eirik Lyssand
Eirik Lyssand

Jau då, Eirik Lyssand er definitivt ein influensar. Han har ein Instagram-konto der han inspirerer dei 15 000 følgjarane sine til å komme seg ut i naturen og lage god mat. Eirik er utdanna lærar og jobbar òg med å formidle friluftslivsentusiasmen sin her i Skolerom. Han vil at fleire skal få oppleve gleda ved naturen.

– Eg føler meg heime i naturen. Eg kjenner at pulsen går ned og at hovudet blir klarare. Eg får ei ro, og eg tenkjer ikkje så mykje på alt eg må og burde gjere. Det er nesten som meditasjon.

Eirik vaks opp rett ved skogen og leika mykje ute i naturen som barn. 

– Eg hugsar at vi gikk turorientering og at vi hadde kart og leita etter postar. Det var gøy, og det er ein perfekt måte å få små og store ut i naturen på. Eg likte meg spesielt godt på skogstur og på kanotur, og fiskestonga var alltid med, fortel han.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Eirik Lyssand
Eirik Lyssand

Somme liker å gå langt og ha korte pausar. Med Eirik er det heilt motsett. Heller kort og godt, særleg når han har med seg barn eller nybegynnarar på tur.

– Eg har aldri vore oppteken av å gå lengst eller mest. For meg held det å komme seg litt vekk, lage ein leir og kanskje tenne opp eit bål. Eg er veldig glad i å kose meg ved bålet – og lage mat. Eg er ingen steinaldermann, altså, men å lage mat på bål er jo noko vi har gjort sidan dei eldste tider. Dei fleste rettar vi kjenner, kan lagast over eld. Når ein lagar mat i naturen, må ein vere litt meir til stades.

– Kva er det eigentleg med gutar, flammar og bål?

– Kanskje det er steinaldermannen som vaknar og som vil imponere, seier Eirik og ler.

– Det er rett og slett litt meditasjon med bål og flammar. Tur og bål tvingar oss til å bremse ned og vere meir i noet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Eirik Lyssand
Eirik Lyssand

Eirik er sjølv pappa til to gutar og ei jente, og det er ikkje noko problem å motivere dei til ein tur i naturen. Sambuaren derimot …

– Ho elskar å vere inne! Eg må reprogrammere henne, men ho er på glid, altså. 

Barn er meir vane til å vere ute enn vi vaksne er. Eg synest det er givande å sjå kor naturleg det er for dei å vere i naturen. Dei bryr seg ikkje om korleis veret er eller kvar dei er. Det er lite vi vaksne må gjere for å aktivisere dei, dei er nysgjerrige og finn på ting. Det er ofte dei vaksne som må omstille seg. Vi menneske er programmerte til å vere ute. Det må vi minne oss sjølve på iblant, seier han.

Eirik Lyssand
Eirik Lyssand

For mange av oss er matpausen høgdepunktet på turen. Ei brødskive med sveitt ost kan smake himmelsk når du et henne utandørs. Eirik som vil inspirere og engasjere folk til å utforske matglede i naturen, meiner at det ikkje skal så mykje til for å løfte måltidet til nye høgder. På Instagram freistar han med alt frå fritert kylling og spicy ramen til croque madame og quesadilla.

– I tillegg til eit godt måltid, synest eg at vi bør unne oss ein liten dessert når vi er ute i naturen. Favoritten min er donuts på primus. Det er skikkeleg, skikkeleg godt!

Eirik Lyssand - pinnebrød
Eirik Lyssand - pinnebrød

Donuts med tørrmjølk

Dette treng du:
  • 25 g smør
  • 2,5 dl vatn
  • 5 ss mjølkepulver 
  • 1 egg
  • 50 g sukker
  • 1/2 ts salt
  • 1/2–1 pakke tørrgjær *
  • 7 dl kveitemjøl
  • 1 ts kardemomme
  • Cirka 0,5–1 liter matolje (kjem an på kor stor/liten kjele du har) 

Viktig å vite:
* Lite gjær og kald væske = lang hevetid
* Mykje gjær og varm væske = kort hevetid

Slik gjer du: 

1. Smelt smør. Tilset piska egg. Set til side.
2. Ha sukker, salt, gjær, kardemomme og mjøl i ein bolle.
3. Bland saman vatn og mjølkepulver.
4. Ha egg, smør og mjølkeblandinga i det tørre.
5. Elt så mykje du orkar. Viss du gidd i 15 minutt, så har du gode føresetnader for å lykkast.
6. Ha deigen i ein bolle smurt med litt av olja. Eg brukar same bollen som eg eltar i.

7. Hev til cirka dobbel storleik. Kor lang tid det tar, kjem an på ver og temperatur. Er det kaldt, må du berekne god tid.
8. Kjevle deigen ut. Trykk ut donuts. Bruk fantasien (kniv/kopp?) om du ikkje har noko anna verktøy.
9. Hev igjen til cirka dobbel storleik.
10. Varm olje i ein kjele. Sjekk temperatur ved å putte noko av tre i olja. Kjem det små bobler frå olja, er det varmt nok. Pass på varmen og juster undervegs.
11. Friter donutsane på kvar side til dei er gylne. Lat dei renne litt av seg.
12. Server og få hyllest frå turkameratar!

Glasurforslag:
  • Smelta sjokolade i litt fløyte og melis.
  • Sitronglasur. Melis med sitron og bittelitt vatn.
  • Salt karamell.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Eirik Lyssand Donuts med tørrmelk
Eirik Lyssand Donuts med tørrmelk

– Har du nokre gode tips til å få ein nybegynnar ut i naturen?

  • Mitt beste tips er at du må ha på deg bra klede. Du må vere varm og tørr! Det er så kjipt å fryse, og det øydelegg turen. Fleire lag varmar best og gjer det lett å regulere. Hugs: Alltid ull innerst!
  • Eit anna tips er å hugse på turkos. Ta med eller lag god mat, og ha gjerne med litt sjokolade i sekken. 
  • Bål om mogleg.
  • Sist, men ikkje minst: Lag ein tur sånn som du vil at den skal vere.

– Finn di greie, og finn ut kva du eigentleg liker. Liker du kebab? Pizza? Sushi? Liker du å sjå på film? Ta med deg maten og nokre hengekøyer, tenn eit bål og sjå ein film på iPaden. I ungdomstida drog eg og nokre kompisar på telttur. Vi hadde med ein berbar projektor, spente opp eit laken som lerret og såg ein film eller ein fotballkamp.

– Det er så viktig å gjere si eiga greie og ikkje tenkje så mykje på kva andre gjer eller kva som er «riktig». Det er heilt greit å ta med digg takeaway og finne seg ein fin stad å sitje med kort veg til bil eller buss. Det viktigaste er å komme seg ut. Naturopplevingar får ein uansett. Bål og/eller sjøen eller eit vatn gir ekstra ro, men ein fin park er òg ein ypparleg stad å starte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Eirik Lyssand
Eirik Lyssand

Eirik meiner at hausten er den beste tida for å vere ute i naturen, spesielt viss ein vil på telttur.

– Det er ikkje så mykje insekt, det blir ikkje så varmt i teltet og heller ikkje så lyst om morgonen. På hausten er det framleis mykje fint vêr om dagen, og det er mogleg å finne både sopp og bær. Ikkje minst er det lov å tenne bål igjen. Skal du ein tur ut i naturen, bør du gjere det no!

Telting i skogen
Telting i skogen

Dette intervjuet er skrive av Caroline Korsvoll for Skolerom, og det inngår i ein intervjuserie vi kallar Dette brenn eg for!

Bilde- og videorettar:

    1. Sindre Grading / Skolerom
    2. Øystein Jensen
    3. Sindre Grading / Skolerom 
    4. Julian Stamsø-Møller
    5. Sindre Grading / Skolerom
    6. Eirik Lyssand
    7. @eirik.lyssand – Instagram
    8. Julian Stamsø-Møller
    9. Getty Images