Å nei, ei kvise!

Dei blir kalla kviser, filipensar eller akne og kan vera utruleg irriterande. Dei dukkar opp der du minst vil ha dei, akkurat når du minst ønskjer det. I andletet, på ryggen, brystet og skuldrene, og sjølvsagt i ungdomstida.

Kviser er bitte små skadar eller infeksjonar i hårsekkane i huda, der hårstråa våre veks ut.

Kvifor får me kviser?

På røtene til håret er det festa små kjertlar som heile tida lagar ei olje kalla talg. Dei smører huda og håret, men nokre gonger lagar dei for mykje talg. Då trivst bakteriane. Kroppen reagerer, og hårsekken blir betent. Det dannar seg ein væskepropp av det me kallar puss.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!