Kva er eit ekkokammer?

Ropar du høgt inne i ein tunnel, vil du høyre eit ekko. Tunnelveggane kastar det ordet du ropar, tilbake til deg. Slik er det i eit ekkokammer også. Du høyrer berre det du forventar å høyre utan diskusjon med dei som har andre synspunkt. Men er det farleg, då?

Person står med armene strukket i været ved åpningen av en tunnel med grønne trær på utsiden.
Person står med armene strukket i været ved åpningen av en tunnel med grønne trær på utsiden.

Internett hugsar deg

Når du sit og søkjer på internett, er det litt som å rope i ein tunnel. Alle opplysningar du gir frå deg, kjem tilbake til deg i form av personaliserte søketreff. Det betyr at søkemotoren ofte viser deg innhald som han trur du liker og er samd i, og ikkje ting som påverkar deg til å meine noko anna.

Pop-up-annonsar

Internett er òg fullt av reklame. Når du besøkjer ulike nettstader, vil det «poppe» opp reklame. Ofte utan at du har bedt om det, og det matchar ofte  interessene dine og kjøpsvaner på nettet. Har du handla på nettet, vil nettsidene «hugse» det, og dei vil forsøke å lokke deg til å kjøpe meir.

Cookies

Informasjonskapslar, eller cookies, lagrar innloggingsdetaljar og registrerer kvar du er og kva nettsider du besøkjer. Då vil denne informasjonen bli kasta tilbake til deg som eit ekko neste gong du surfar på nettet. Kvifor heiter det cookies, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tegning av en hånd som klikker på accept cookies på en datamaskin.
Tegning av en hånd som klikker på accept cookies på en datamaskin.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!