Kva er NATO?

NATO dukkar stadig opp i nyheitene når det er snakk om krigar og konfliktar verda over, men kva er eigentleg denne organisasjonen, kven er med, og kva for nokre oppgåver har organisasjonen?

Accessibility icon Kva er NATO?

Her signerer Noregs utanriksminister den viktige avtalen …

… og sidan denne augneblinken, den 4. april 1949, har Noreg vore medlem av NATO.

Men kva er eigentleg NATO?

Utenriksminister Halvard Lange signerer Atlanterhavspakten på vegne av Norge

Kvifor finst NATO?

Etter 2. verdskrigen ønskte mange land å samarbeide for å unngå nye krigar. Verda hadde sett kor mykje USAs atombomber over Japan hadde øydelagt. Mange var òg redde for at Sovjetunionen ville prøve å ta over fleire land. Sovjetunionen var allereie den største staten i verda.

Derfor vart Noreg og elleve andre vestlege land einige om å samarbeide og opprette ein forsvarsallianse. I april 1949 skreiv dei tolv landa under på Atlanterhavspakta. Dette er ein avtale som alle NATO-landa har plikt til å følgje.

Det viktigaste i Atlanterhavspakta er regel nummer 5. Der står det: «Eit væpna angrep mot éin eller fleire av dei tilslutta statane skal bli betrakta som eit angrep mot dei alle».

Dette betyr at viss eit land som er medlem av NATO, blir angripe, må dei andre NATO-landa hjelpe.

Stadig fleire land har blitt med i NATO. I dag er det 32 land som er med, og heile Norden med Sverige og Finland er nå medlemmer. Fleire land ønsker å bli medlem av NATO, til dømes  Ukraina.

Flaggene til Natos medlemsland

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.
4. april 1949 ble Nato stiftet i Washington D.C.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!