Læreplantilkobling

Fag

KRLE

Religion og etikk

Core Kjerneelementer

  • Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar
  • Kunne ta andres perspektiv
  • Etisk refleksjon
  • Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder
  • Kjennskap til religioner og livssyn
  • Kjennskap til religioner og livssyn
  • Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

7. trinn
KRLE
  • reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til menneskets levesett og levekår og klodens framtid
7. trinn
KRLE
  • bruke filosofiske tenkemåter i samtale og undring
7. trinn
KRLE
  • gjøre rede for historien til kristendom og andre religioner og livssyn i Norge, inkludert samers og nasjonale minoriteters religions- og livssynshistorie
7. trinn
KRLE
  • bruke fagbegreper i arbeidet med religioner og livssyn
10. trinn
KRLE
  • utforske andres perspektiv og håndtere uenighet og meningsbrytning
10. trinn
KRLE
  • reflektere over eksistensielle spørsmål knyttet til det å vokse opp og leve i et mangfoldig og globalt samfunn
10. trinn
KRLE
  • utforske og drøfte hvordan kristendom og andre religioner inngår i historiske endringsprosesser globalt og nasjonalt
10. trinn
KRLE
  • bruke og drøfte fagbegreper om religioner og livssyn
10. trinn
KRLE
  • utforske og sammenligne etiske ideer fra sentrale skikkelser i religiøse og livssynsbaserte tradisjoner
10. trinn
KRLE
  • undersøke og presentere sentrale ideer fra livssynshumanisme og andre ikke-religiøse livssyn
VG3
Religion og etikk
  • utforske og drøfte hvordan religion inngår i historiske endringsprosesser globalt og nasjonalt

Kva er religion?

Dei første menneska sat rundt bålet og fortalde kvarandre historier. Då var det nokon som begynte å snakke om noko guddommeleg. Men kva er religion, og kvifor trur vi?

Prehistoriske mennesker rundt bålet

Gammal tru

Då dei første menneska utvikla ein større hjerne, fekk dei fantasi. Dermed kunne dei gruble over kvar dei kom frå, og kvar dei skulle etter døden. Noko guddommeleg dukka opp i tankane deira.

Det er ikkje så enkelt å forklare kva religion er. Vitskapen forklarer det som «trua på guddommelege eller overnaturlege vesen, til dømes gudar og englar».

Hender holdes åpne mot solen

Fellesskap

Samarbeid var svært viktig. Saman kunne menneska klare meir. Steinaldermenneska jakta saman for å ta større dyr. Seinare bygde ein pyramidar, borger og enorme kyrkjer. Dette kunne ikkje eitt menneske gjere åleine.

Glade muslimske jenter gir hverandre high five

Tilhøyrsel

Det er viktig for oss å vere saman. Det har du sikkert følt ekstra på under pandemien. Religion gir oss noko å vere saman om. Noko utanfor oss sjølve som vi kan tilbe og feire. Slik kan dei store religionane samanliknast med eit fotballag, eller ei anna interesse ein kan dele med andre. Fellesskapet gir gode opplevingar og tryggleik.

Vesak, Lanterner flyr opp mot himmelen

Meininga med livet?

Det kan verke meiningslaust at alt er over den dagen vi døyr. Dei fleste religionane har derfor ei forteljing om kva som skjer med oss når vi døyr. Livet etter døden blir dermed eit mål i livet. Då kan ein føle at livet har ei større meining.

Kvinne ber en bønn i kirken

Djupt personleg

Å tru er ein personleg ting. Det kan gi sterke kjensler og bety mykje for den som trur. Det finst buddhistmunkar i Thailand som ber heile dagen. Andre har eit kors rundt halsen. Dei fleste truande ønskjer å vere så gode og snille som dei kan.

Munk mediterer på en båt i Ganges, India

Den gylne regelen

Det er nemleg éin regel som dei aller fleste religionane har. Han blir kalla «den gylne regelen», og han seier: «Gjer mot andre det du vil at andre skal gjere mot deg.» Denne regelen kan alle vere samde i, utan at dei trur på ein religion.

To mennesker holder hender og viser omsorg

Teori og praksis

Mange religionar har heilage bøker som er svært viktige. I dei heilage bøkene til kristendommen og jødedommen finn vi til dømes Dei ti boda. Desse fortel korleis menneska bør vere mot kvarandre. Også Koranen i islam har mange lover og reglar.

Gudane gjer aldri feil. Dei er perfekte. Men mennesket vil alltid gjere feil. Religion handlar ofte om å gjere gudane fornøgde. Nokon har trudd at krig er viljen til gudane. Gjennom krig vil gudane påskjønne oss. Som til dømes Den islamske staten (IS) som starta krigen i Syria. Det er kanskje umogleg å bli samde om korleis vi skal leve etter dei heilage bøkene. Derfor kan det oppstå konfliktar og krig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Muslimsk mann holder Koranen og ber en bønn

Fem verdsreligionar

Ein verdsreligion er ein religion som er utbreidd over heile verda, og som har fleire hundre millionar tilhengjarar.

📷  Mekka er den heilagste byen i islam. Byen er også den viktigaste pilegrimsbyen for religionen.

Vi har fem verdsreligionar: 

  • buddhisme 
  • hinduisme 
  • islam  
  • jødedom 
  • kristendom 

Jødedommen har berre 15 millionar tilhengjarar, men er likevel ein verdsreligion. Jødedommen har nemleg påverka både kristendommen og islam. I tillegg har jødar budd over heile verda i 2000 år.

Rundt 80 prosent av befolkninga i verda høyrer til ein av desse fem religionane.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Mennesker på pilgrimsreise til Mecca

Humanisme

Ikkje alle trur på ein religion. Mange har eit humanistisk livssyn. Humanismen ser på mennesket som ansvarleg for eige liv. Menneska treng ikkje noko guddommeleg så lenge vi kan tenkje fornuftig sjølve.

Kvinne med universet i hodet

Ateisme

Viss ein ikkje trur på at det finst ein gud, er ein ateist. Nokre ateistar motarbeider dei som er religiøse. Andre meiner at truande får gjere som dei sjølve vil. Etter at astronomi vart ein stor vitskap, var det for mange eit bevis på at Gud ikkje finst.

Mann ser opp mot stjernene

Agnostisisme

«Agnos» er gresk og betyr “å ikkje vite” Agnostikarar trur ikkje på Gud, men dei nektar ikkje for at det finst ein Gud heller. Dei må ha tydelege bevis før dei trur på ein gud.

Jente som tenker

Religion i Noreg

I Noreg har kristendommen vore den viktigaste religionen sidan 1500-talet. Frå og med 2017 er ikkje kristendommen noko alle må tru på lenger. Vi har ikkje lenger ei statskyrkje. Likevel er det cirka 70 prosent av alle nordmenn som er medlemmer av kyrkja, men det talet søkk. I Noreg er det mange religionar, og religionsfridommen er viktig.

📷  Nidarosdomen er den opphavelege erkebiskopkyrkja i Noreg og ei av dei  største middelalderkyrkjene i Norden.

Kjelder:

  • Bøhn, Einar Buengenhumanisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 12
    . april 2021 frå https://snl.no/humanisme 
  • Groth, Bente og Kværne, Per: religion i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 9
    . april 2021 frå https://snl.no/religion 
  • KværnePer, m.fl.ateisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta
    12. april 2021 frå https://snl.no/ateisme 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images / Arkikon (CC BY-SA 4.0)
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images