Kva no?

Her finn du to korte historier om ungdommar som har eit dilemma. Nokre gongar er det vanskeleg å ta eit sjølvstendig val. Etter kvar historie finn du spørsmål du skal tenkje over sjølv og/eller diskutere i gruppe.

Drikkepress

Alle skulle gjere det. Han visste det. Dei hadde prata om det i fleire veker. Kva skulle dei drikke? Kven fekk dei det frå? Kor skulle dei gøyme det? Kor mykje skulle dei drikke? Ryktet vart spreidd i lukka chat-grupper, og hemmelege signal vart sende på kryss og tvers i klasserommet. Dei vaksne skjønte at noko var på gang, men ikkje kva, for alle avtalar skjedde i sosiale medium – i rom der ingen vaksne hadde tilgang.

Han var også med på dette. Sende emojiar med dobbel betydning. Reposta meldingar om kven som selde kva. Blunka lurt til dei han møtte i gangen. Lest som om han var spent. Akkurat som dei andre. Spøkte om kven som ville bli fullast, gjere dei villaste dustestunta i fylla. Han var med. Vipsa pengar og henta flasker på avtalt stad. Akkurat som dei andre.

Men. Han ville jo eigentleg ikkje drikke. Ingenting, faktisk. Korleis seie dét til dei andre? 

Dei prata og lo, men orda «Nei, takk, eg har ikkje lyst til å drikke, eg». Det var det ingen som sa.

Kva skal guten gjere?

Diskuter følgjande i små grupper:

  • Kva synest du guten skal gjere no? Forklar svaret ditt. 
  • Korleis kan han seie til vennene sine at han ikkje vil drikke? Skriv ned 3-5 gode argument for å seie nei.
  • Treng ein ei unnskyldning for ikkje å drikke? Held det å seie nei takk? Grunngi svaret ditt. 
  • Kva trur du vennene til guten seier viss han ikkje vil drikke? Kva burde dei seie? 
  • Kva er drikkepress?
  • Kvifor utset nokon andre for drikkepress? Korleis kan ein motstå drikkepress?

Røykje hasj

Kvelden hadde vore super til no. Heime-åleine-fest. Passe mange folk. Stemninga i taket, utan kaos og bråk. Musikk, latter og delte løyndommar. Heilt perfekt!

Dei sat ute i hagen. Det lukta tidleg sommar, og natta var mild. Dei hadde drege ut pledd og sofaputer på det fuktige graset. Plutseleg var dei der. To jointar og ei søtleg røyklukt som ho kjende lett igjen. Ho likte ikkje dette. Dette hadde dei ikkje snakka om, og ingen i vennegjengen hennar pleidde å røykje hasj på fest.

Jointane vart sende frå hand til hand rundt sirkelen. Den eine nærma seg henne. 

Skulle ho ta eit trekk? Ho hadde jo bestemt seg for å ikkje prøve hasj. No sat ho med det tynne papiret og det ulovlege innhaldet mellom to fingrar. Kva skulle ho gjere?

Kva synest du jenta skal gjere?

Diskuter følgjande i små grupper:

  • Hva synes du jenta skal gjere no? Forklar svaret ditt.
  • Jenta hadde ikkje tenkt å prøve hasj. Kvifor vurderer ho det likevel no, trur du?
  • Kan du hjelpe jenta å seie tydelig nei til vennene sine? Lag en liste med 3-5 gode argument. 
  • Cannabis (hasj og marihuana) er eit ulovleg rusmiddel. Kva betyr det? Søk på internett, og finn ut. 

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay