Frå kledd på til påkledd

Då vi var små, bestemte vi ikkje kva slags klede vi hadde på oss. Vi blei kledde på varme klede, strømpebukser som klødde og lag på lag om vinteren. På sommaren sat vi med store solhattar som var knytte under haka, og på bursdagar og fest blei vi pynta med klede vi kanskje aldri i verda hadde valt ut sjølve. Men så, på eit eller anna tidspunkt, fekk vi endeleg moglegheit til å vise kven vi eigentlig er. Gjennom klede.

Kleda fortel historier

Når vi fekk velje kleda våre, måtte vi ta stilling til kva slags stoff og mønster vi likar. Vil vi ha store blomstermønster, tynne striper, glatte og kvite skjorter, digre ullgenserar, neonfargar, slitne bukser, mjuke kosedressar eller korte skjørt? Kva synest vi passar saman, når skal vi bruke kva, kva kjennest rett for meg, kva føler eg meg vel i, kva føler eg meg fin i? Klede er gøy, og av og til litt stressande: Kva skal eg ha på meg i dag?

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!