Kva vil det seie å argumentere?

Ofte får ein i oppgåve å argumentere for eller mot ei sak, men kva vil det eigentleg seie å argumentere?

I argumentasjon blir det brukt argument for å grunngi eit synspunkt eller standpunkt for å klarleggje noko eller overtyde om noko. Viss ein ikkje kan klarleggje noko eller overtyde om noko, vil det ikkje vere eit argument. Då vil det berre vere ein påstand.

Open eller skjult argumentasjon

Argumentasjon som er faktabasert og kan etterprøvast, blir kalla for open eller direkte argumentasjon. I retorikken vil vi kjenne igjen dette som logos.

Argumentasjon som hovudsakleg appellerer til kjenslene, kallar vi gjerne for skjult eller indirekte argumentasjon. I retorikken kjenner vi dette som patos.

I tillegg kan vi finne argumentasjon som vi kan kjenne igjen som etos. Det er argumentasjon der vi kan bruke autoritetar for å legitimere det vi seier. Ein autoritet kan vere ekspert på noko.

Kva betyr det derfor å argumentere?

Argumentasjonen utgjer eit resonnement som består av …

  • … eit synspunkt, en påstand, noko vi argumenterer for
  • … eit argument, noko vi argumenterer med
  • … ei utsegn som knyter saman synspunktet og argumentet

Utsegna som bind saman synspunkt og argument, gjer at vi forstår kvifor argumentet fungerer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ung gutt står på en stol og roper i en megafon.
Ung gutt står på en stol og roper i en megafon.

Toulmins argumentasjonsmodell

Når vi ser etter argumentasjon i ein tekst, må vi stille nokre spørsmål til teksten.

Spørsmål 1: Hovudpåstand

Kva er synspunktet i teksten? Kva er det forfattaren hevdar? Kva er det forfattaren argumenterer for?

Synspunktet kan bli kalla standpunktet, påstanden eller hovudpåstanden. Forfattaren diskuterer seg fram til eit synspunkt som blir framført til slutt. Synspunktet kan derfor også bli kalla for konklusjonen.

Døme  på ein hovudpåstand: Du kjem til å bli sjuk.

Styrkemarkørar

Kva slags styrkemarkørar blir synspunktet framført med? Styrkemarkørar viser kor sikker du er på det du seier. Det er viktig å ikkje ta munnen for full eller vere skråsikker.  Styrkemarkørar kan du sjå etter i formuleringa av argumenta.

Viss argumenta inneheld modererande uttrykk som «truleg», «kanskje», «i dei fleste tilfelle», «ein del studiar viser», så kan du kritisere eit synspunkt fordi det verkar usikkert og blir framført utan ein styrkemarkør.

Spørsmål 2: Argument

Kva er argumenta i teksten? Korleis underbyggjer forfattaren synspunkta sine? Kva er det forfattaren argumenterer med?

Eit argument som underbyggjer eit synspunkt blir òg kalla …

  • … belegg: Kva slags belegg har forfattaren for å hevde dette?
  • … dokumentasjon: Korleis dokumenterer forfattaren synspunktet sitt?

Døme på eit argument: Du åt bederva fisk. 

Ein kan underbygge dette ytterlegare – ein skaffar seg ryggdekning:

Eg veit fisken var bederva fordi han lukta rotent.

Spørsmål 3: Relevans

Kva er dei underliggjande tankane som ligg til grunn for at desse argumenta faktisk kan bli brukte til å støtte dette synspunktet? Kva er det som gjer at argumenta verkar relevante i samanhengen?

Det som knyter saman eit argument og eit synspunkt, kallar vi heimelen til argumentet. Eit anna ord for dette er undersøkingsmetode.

Døme på heimel: Du blir sjuk av å eta bederva fisk. Du åt bederva fisk, og du vil bli sjuk.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Irritert mann kommuniserer på et møte med hevet finger.
Irritert mann kommuniserer på et møte med hevet finger.

Kvalitet på argument

For å vurdere kvaliteten på argument kan vi spørje oss sjølve:

  • Er argumenta haldbare? Er påstanden sann? Verkar han sannsynleg og rimeleg?
  • Er argumenta relevante? Er argumenta viktige for saka?
  • Kor sterke er argumenta i høve til moglege motargument?
  • Er alle viktige sider ved saka belyste?
En person bruker en ekstra stor megafon for å snakke med en annen person.
En person bruker en ekstra stor megafon for å snakke med en annen person.

For det første, for det andre, for det tredje …

For å overtale eller overtyde andre blir det kravd gode og saklege argument.

Når du skal argumentere, vil det løne seg å ha fleire argument som peikar på det same. Kvart argument må kunne underbyggjast, og så må argumenta samlast til ein avsluttande konklusjon.

Når ein argumenterer, vil det òg vere nyttig å gjenta det ein seier. Får du òg andre til å gjenta argumenta dine, verkar dei endå meir overtydande. Menneske er òg slik at når dei høyrer noko som verkar kjent, så kjennest det òg meir rett.

Forretningsmann peker på den han diskuterer med.
Forretningsmann peker på den han diskuterer med.

Kjelder:

  • Alnes, Jan Harald: argument i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 10. november 2021 frå  https://snl.no/argument

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images