Kven bestemmer kva i Noreg?

I Noreg er det mange som bestemmer. Men kven bestemmer kva, eigentleg? Dommaren i ein fotballkamp bestemmer, og dommaren i ein rettssal bestemmer. Kongen bestemmer noko. Stortinget bestemmer mykje. Rektoren på skulen bestemmer, og du kan bestemme ein god del over ditt eige liv.

Accessibility icon Kven bestemmer kva i Noreg?

Kven bestemmer
kva i Noreg?

I Noreg er det mange som bestemmer. Vi har nemleg noko som heiter folkesuverenitet, og det vil seie at folket vel kven som skal bestemme. Eit anna ord for dette er demokrati.

Kvart fjerde år kan alle over 18 år stemme på kva parti og politikarar som skal sitje på Stortinget. Dei som sit der, kaller vi folkevalde, og dei bestemmer ganske mykje over korleis det er å bu i Noreg.

Tenk litt over kvifor aldersgrensa for å stemme er 18 år. Burde barn også få stemmerett?

Norge med små mennesker
Lys varm bakgrunn
Lys varm bakgrunn

Kongen øvst, eg nedst

Sjå for deg Noreg som ein stige. Øvst sit kongen. Han er statsoverhovudet i Noreg, men han bestemmer eigentleg ikkje så veldig mykje. På steget under kongen sit stortingspresidenten. På det neste steget sit Stortinget, og under der igjen finn vi regjeringa.

Vidare nedover stigen er det mange som bestemmer ulike ting.

Nedst på stigen finn vi oss sjølve. Vi kan bestemme ganske mykje over våre eigne liv, men vi må klatre oppover stigen viss vi skal bestemme endå meir.

Karrierestige
Karrierestige

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!