CHRISTINA SNAKKAR OM FORELSKING:

Sommarfuglar i magen?

Har du vore forelska? Kjent det krible i kroppen? Kjent at pulsen aukar når ein spesiell person nærmar seg? Merka at munnen er tørr når du prøvar å seie noko? Kanskje blir hendene sveitte, og kanskje du raudnar lett?

Seksuell legning

Seksuell legning handlar om kven du liker romantisk og seksuelt. Altså kven du blir forelska i. Nokre veit tidleg om dei liker jenter eller gutar. Eller så bryr dei seg ikkje om kjønn. Det er heilt normalt å bruke tid på å finne det ut. Dei fleste kjenner på forvirring rundt eigen seksualitet ein eller annan gong i livet. Du er ikkje åleine om å kjenne det slik!

To illustrerte figurer med rødmende kinn holder hender. Ene figuren har et skateboard under armen.
To illustrerte figurer med rødmende kinn holder hender. Ene figuren har et skateboard under armen.

Du bestemmer korleis
du definerer deg!

For nokon kjennest det rett å seie at dei er heterofile eller homofile. Det seier noko om kven dei er. Dette er ulikt frå person til person. Ikkje alle kjenner for å passe inn i ein «boks». Her finst det ikkje noko som er rett eller gale. Du må kjenne på kva som gir deg ei god kjensle i magen. Du bestemmer sjølv kven som gir deg dei kjenslene.

Alle er ikkje vane med å snakke om alt

Nokre familiar snakkar ope om sex og ulike legningar. Andre gjer ikkje det. Kanskje foreldra dine har meiningar du ikkje forstår? Det er ikkje så rart at vi har ulike opplevingar heimanfrå. Ingen familiar er jo like.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrert smågodthylle med fargerikt godteri for enhver smak. I den ene hyllen ligger det en blå skje og hver boks har en gul tape på seg.
Illustrert smågodthylle med fargerikt godteri for enhver smak. I den ene hyllen ligger det en blå skje og hver boks har en gul tape på seg.

Kven gir deg sommarfuglar i magen?

På ein hagefest i 2016 sa kong Harald noko ganske konge. Han sa: «Nordmenn er jenter som er glade i jenter, gutar som er glade i gutar, og jenter og gutar som er glade i kvarandre.»

Kven er du tiltrekt av?

Somme forelskar seg i motsett kjønn. Andre i same kjønn. Enkelte liker alle kjønn. For andre har ikkje kjønn noko å seie. Nokre gongar oppdagar ein nye sider ved seg sjølv når ein blir forelska. Du kan bli overraska over dei nye sidene ved deg sjølv.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Magesekken illustrert med sommerfugler i flere farger inni den.
Magesekken illustrert med sommerfugler i flere farger inni den.

Seksualitet

Står valet mellom å vere hetero eller homo? Nei, sjølvsagt ikkje. Det finst fleire legningar enn det. Og det er plass til alle. Du kan vere maskulin eller feminin uansett kven du liker. Seksualiteten din kan utviklast og endre seg gjennom livet.

Bli kjend med din eigen seksuelle identitet

Når du blir tryggare på seksualiteten din, opplever du at det blir lettare å vere ekte. Det blir enklare å setje grenser og seie kva du liker til ein partnar. Men det kan koste litt å bli trygg! Det er lettare å gjere kjærasten din trygg, når du er det sjølv. Ved å lytte og forstå at hen er eit like samansett menneske som deg.

Må du definere deg
med eit fil-omgrep?

Vi har alle eit stort behov for å passe inn og høyre til. For mange kan det som beskriv seksuell legning, hjelpe på ein positiv måte. Til dømes panfil, lesbisk eller heterofil. Du kan bruke desse orda for å finne svar på di eiga seksuelle legning. Eller for å møte andre som liker det same som deg.

Du ikkje passe inn i ei fil

Men du ikkje passe inn i ei fil for å vere trygg i seksualiteten din. Det kan bli feil å setje deg sjølv inn i ein slik boks. Ikkje alle ønskjer å definere eiga legning med eit fil-omgrep. Det er eit personleg val.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et skilt med flere veivalg der tekstene er lesbisk, hetero og bifil.
Et skilt med flere veivalg der tekstene er lesbisk, hetero og bifil.

Kva er eigentleg vanleg?

Dei aller fleste vil vere som alle andre og ikkje skilje seg for mykje ut. Det å kjenne at alle andre er «vanlege», kan derfor bli vanskeleg. I mange år har TV og media framstilt det å vere hetero som det mest vanlege. Dei som ikkje følte seg som hetero, kunne oppleve forvirring rundt si eiga legning. Mange var redde for å stå fram som «uvanlege». Dei siste åra har mange vågd å stå fram som «skeiv». Det er eit omgrep som ofte blir brukt om alle som ikkje er hetero.

La oss gjere eit tankeeksperiment: Kva om dei skeive ikkje hadde vorte undertrykte gjennom hundrevis av år? Då hadde det kanskje vore heilt vanleg å få lov til å berre vere seg sjølv.

LHBTQ+

LHBTQ+-omgrepet er i stadig endring. Vi utviklar oss heile tida og finn betre måtar å beskrive det på. Les gjerne om det utanfor denne teksten òg!

Viss omgrepa hjelpar deg til å bli tryggare i din seksuelle identitet – bruk dei. Om du kjenner at dei set deg i bås og skaper større forvirring – lat vere å bruke dei.

Dei mest brukte omgrepa om
seksuell legning og kva dei betyr:

  • Skeiv er eit felles uttrykk for alle som ikkje er heterofile (same som queer på engelsk).
  • Heterofil er jenter som liker gutar og gutar som liker jenter. Altså motsett kjønn.
  • Homofil er når ein forelskar seg i menneske av same kjønn som ein sjølv.
  • Lesbisk er jenter som forelskar seg i jenter. Somme seier lesbisk, og andre seier homofil.
  • Bifil er når ein kan forelske seg i både jenter og gutar. Ordet «bi» betyr ‘to’ på latinsk.
  • Panfil er når ein forelskar seg i personlegdom og eigenskapar, og ikkje kjønn.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.

Vil du vite meir?

Skeiv Ungdom har laget Skeiv fra A-Å. Det er ord og uttrykk som kan vere greit å vite om og bruke riktig.

Treng du nokon å snakke med? ung.no har samla ei liste over gratis chat og telefontenester som du kan bruke for å snakke med nokon. Du kan velje å vere anonym. Det viktigaste er ikkje å måtte definere noko, men kjenne deg trygg i å vere deg. ❤️

 

Skrive av Christina Fraas

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Christina Fraas?

Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan vere meir  berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for bidraget sitt i kampen om rettane til kvinner,  og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg bak prosjektet 1000historier på Instagram.