Syndarinne, hore eller apostel?

Maria Magdalena er ein av dei personane i Bibelen som dei aller fleste har høyrt om. Det er eigentleg litt merkeleg, for det står ikkje så mykje om henne i Det nye testamentet. Ho er nemnt berre åtte gongar. Det mange trur dei kjenner henne for, står det faktisk ikkje noko om i Bibelen i det heile tatt.

Ho blei kalla syndarinna eller hora, og ifølgje evangelia frelste og salva Jesus henne. Ho følgde Maria (mor til Jesus) på Golgata for å hjelpe og støtte henne under korsfestinga, og det var Maria Magdalena som fann grava til Jesus open og tom.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oljemaleri av Veronese The Conversion of Mary Magdalene

Maria er ikkje ein biperson i livet til Jesus

Etter den Maria som er Jesu mor, er ho den viktigaste i skriftene. Men kven var ho eigentleg? Kva fortel evangelia oss, og kva fortel dei ikkje?

I samband med revisjonen av evangelia, som blei påbegynt av Paulus og avslutta ved kyrkjemøtet i Nikea i år 325 e.Kr., gjekk denne Maria-skikkelsen gjennom store forvandlingar. Biletet av henne blei tilpassa det biletet som kyrkja sine menn ønskte å gi av Kristus.
Noli Me Tangere maleri

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!