Kva er x?
Når du har matematikk på skulen, må du rekne med både tal og bokstavar. Ofte står det i oppgåver at du skal finne x. Men kvifor bruker vi bokstavar og ikkje tal når vi skal rekne?
Det er fordi vi kan erstatte bokstavane med ulike tal seinare. Tenk deg at du skal rekne areal av eit kvadrat. Då kan vi seie at det er sidelengd gonga med sidelengd – eller a = s * s – og så kan vi setje inn ulike sidelengder i staden for s-en. Då kan vi rekne ut areal av alle moglege kvadrat.
Ruteark
Et ruteark med tall og bokstaver og en blyant liggende i hjørnet.
Bare en halv analog vekkerklokke ses mot en bakgrunn av blått.
Variablar i programmering
Når vi skal programmere, brukar vi ofte variablar.
Tenk deg at du skal lage eit program som reknar ut areal av eit kvadrat. Då vil det vere dumt å skrive inn alle moglege storleikar av kvadrat – det blir eit veldig stort program.
I staden bruker vi formelen (a = s * s), og så skriv vi berre inn kva s skal vere når vi skal rekne ut arealet av kvadratet. Då vil vi få ut rett areal sjølv om sidelengd vil vere ulik frå gong til gong.
Dataskjerm med koding.
Kva slags bokstav skal bli brukt?
Det kan nok verke litt forvirrande at det blir brukt ulike bokstavar, og at bokstavane kan bety ulike ting. Veldig ofte vil bokstaven x angi noko ukjent. Men det kan like gjerne vere ein annan bokstav som a, b eller y.
Talmengder
Nokre talmengder finst veldig ofte og har derfor fått eigne bokstavar/namn:
- N blir brukt om dei positive heiltala. Vi skriv det som N={1,2,3….}
- Z er mengda av alle heiltal – både positive og negative. Vi skriv det som
Z={….-2,-1,0,1,2,3….} - R er mengda av alle tal du finn på tallinja.
- Ø er ei tom mengde.
Prikkane i parentesane fortel berre at det er fleire tal som kan stå her.
Frossen rund gradestokk med rød pil og snø på toppen.
Kjelder:
- Aubert, Karl Egil: algebra i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2021 frå https://snl.no/algebra
- Aubert, Karl Egil: tall i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2021 frå https://snl.no/tall
- x – matematikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2021 frå https://snl.no/x_-_matematikk
- matematikk.org (15.11.21): Algebra
https://www.matematikk.org/side.html?tid=125799
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-