Kvifor feirar vi påske?

Opphavet til påske finn vi i historia om israelsfolket og flukta frå Egypt. I kristendommen har påske blitt ei høgtid der ein feirar at Jesus stod opp frå dei døde.  Men påske handlar også om påskeegg, hyttetur, krimbøker og ferie.

Påskebakgrunn med påskeegg
Påskebakgrunn med påskeegg

Fasta 

Fasta er tida før påske. I tidligare tider varte fasta frå oskeonsdag til langfredag. Det er 42 dagar; like lenge som Jesus fasta i ørkenen.

I fasta kunne folk berre ete det som var heilt nødvendig. I dagane før var det karneval og fastelavn. Då åt dei mengder med god mat. Denne tradisjonen er det framleis mange som feirar.

Fastelavn starta med fleskesøndag. Då åt folk så mykje dei orka. I vår tid et vi fastelavnsbollar på denne søndagen. Etter blåmåndag og feitetysdag kom oskeonsdag. Då strødde folk oske i håret, og dei vaska seg ikkje før skjærtorsdag i påskeveka.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fastelavnsris
Fastelavnsris

Pesach den jødiske påska

Pesach er ei av dei viktigaste høgtidene til jødane. Frå dette ordet har vi påske. Pesach vert feira til minne om då israelsfolkets flykta frå Egypt for fleire tusen år sidan.

Egypt ville ikkje sleppe jødane fri. Derfor vart egyptarane straffa av Gud. Ei straff var at alle førstefødde barn vart drepne. Jødane slapp unna ved å stryke blodet frå eit lam rundt dørene sine. Då gjekk Guds dødsengel forbi.

Eit rituelt måltid

Jødane feirar pesach med eit måltid kalt «seder». Reglane for dette finst i boka «Haggada» som skildrar flukta frå Egypt.

Dei et ikkje maten, men maten fortel om kva jødane opplevde i Egypt.

Symbolsk mat

På tallerkenen ligg det blant anna bitre urter som minner om tida i Egypt. Haroset – ei blanding av eple, nøtter, rosiner og krydder – symboliserer mørtelen slavane brukte då dei bygde for egyptarane. Her finn vi også matsa – usyra brød. Brødet rakk ikkje å heve seg før jødane flykta. På bordet står også ei flaske med saltvatn som liksom er tårene til jødane.

Forboden mat

Under pesach er det forbode å ete alt som er laga av kveite, rug, bygg, havre og spelt. Dette kallar dei «hamets». Det er til og med forbode å ha slik mat i huset!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Flukten fra Egypt
Flukten fra Egypt

Den kristne påska

Påska er den viktigaste kristne høgtida. Den vert feira til minne om Jesu oppstode  frå dei døde. Dette er eit drama på liv og død som går føre seg frå palmesøndag til 1. påskedag.

Vi kallar tida frå palmesøndag til påskeafta «den stille veka». Namnet kjem av at ein tidligare ikkje ringde med kyrkjeklokkene. Ein brukte heller ikkje orgelet under gudstenestene. Det skulle vere stilt både ute og inne.

Jesus inntog i Jerusalem
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Palmesøndag 

Israel og hovudstaden Jerusalem var okkupert av romerane. Det jødiske folket begynte å bli lei av dette, og dei venta på ein frelsar.

Jesus og disiplane hans skulle feire påske i Jerusalem. Då dei nærma seg byen, bad Jesus to av disiplane om å finne eit esel.

Ridande på veg inn mot Jerusalem blir Jesus hylla av folket som viftar med palmegreiner og ropar «hosianna». Det betyr ‘frels oss’. Mange trudde at han var frelsaren og ein ny konge.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Palmesøndag
Palmesøndag
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Langfredag

Av nokre  blei Jesus sett på som ein farleg mann. Dei trudde han skulle øydeleggje for dei. Derfor tok dei han til fange og let han døy på eit kors. Han opplevde langvarig smerte, og derfor heiter det langfredag.

Menneska synda mot Gud, og derfor måtte Jesus døy for å frelse menneska frå synd og fortaping. Som lamma i Egypt måtte han døy for at jødane skulle sleppe unna dødsengelen.

I kyrkja på denne dagen er det ikkje orgelmusikk, og det er lite pynt. Det skal vere ein sørgjedag, og bibeltekstar om Jesu liding og død skal lesast høgt. Nokre går med kors, og andre lar seg pine akkurat som Jesus.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Jesus på korset
Jesus på korset

Påskeaftan

Påskeaftan er påska sin julaftan. Då et vi ofte litt ekstra god mat, og kosar oss med påskeegg. Dei er ofte fylte med sjokolade, marsipan og andre godsaker.

I mange kyrkjer er det  gudstjeneste på natta. Kyrkja er heilt mørk, og kyrkjelyden syng påskesalmar. Denne natta følgjer vi Jesus frå døden til livet. Fra mørkret til lyset. Når soloppgangen kjem, vert lysa tende, og påskefesten kan begynne.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Påskeegg fylt med godteri
Påskeegg fylt med godteri

1. påskedag

Etter at Jesus døydde, vart han lagt i ei grav. Tre dagar etter det var det nokre kvinner som skulle stelle den døde, men då var grava tom. Jesus hadde stått opp igjen frå dei døde. Dette er den hendinga som gjer at kristendommen har blitt den største religionen i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jesu oppstandelse
Jesu oppstandelse

Sola dansa

For nokre hundre år sidan var det mange som gjekk til ein fjelltopp på 1. påskedag for å sjå «sola danse». Folk trudde også på trollkjerringar. Ein skulle helst ikkje klippe negler, for avfallet kunne brukast av den vonde.

Pisking 

På langfredag kunne barn og husdyr bli piska. Ein skulle også pine seg sjølv med harde arbeidsoppgåver, eller gå med sand i skorne.

Eggeplomme og dåp

Når folk åt egg, spådde dei i eggeplomma. Di større plomme, di betre ville året bli. På skjærtorsdag var det vanleg å døype og gi namn til nyfødde husdyr.

Halv stong og geværskot

Dei som hadde flaggstong, firte flagget på halv stong langfredag. Påskehelga vart ofte skoten inn med gevær, for å beskytte seg mot det vonde.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Eggeplomme på en gul bakgrunn
Eggeplomme på en gul bakgrunn

Påske no

Mange feirar framleis påske med gudstenester, salmesong og påskelam. For andre handlar påske om hyttetur, Kvikk Lunsj, appelsinar og påskekrim.

Tradisjonen med påskekrim starta i 1923. Nordahl Grieg og Nils Lie skreiv boka «Bergenstoget plyndret i natt». Annonsen hamna på førstesida i Aftenposten ei veke før palmesøndag. Folk trudde det var ei ekte nyheit! Dei la ikkje merke til det vesle merket «avert.» nederst i annonsen, som fortalte at dette var ein reklame.

Dermed fekk folk ein tradisjon for å lese krimbøker i påskeferien. Nordmenn les veldig mykje krim, og vi har mange krimforfattarar som sel bra over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et barn som detektiv
Et barn som detektiv

Kvifor er påska gul?

Påskefargen er gul, men kvifor? Når påska kjem, går det mot vår og lysare tider. Sola står høgare på himmelen, og naturen vaknar på nytt. Egg er symbolet på nytt liv, og eggeplomma er gul. 

Vi pyntar med påskeliljer, et appelsinar, drikk Solo og et gul marsipan.  

Påskekylling
Påskekylling

Korleis reknar ein ut når påska er?

Første påskedag er første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn. Det vil seie at det er like mange timar med og utan sollys. Vårjamdøgn ligg alltid mellom 20. og 21. mars. Påska kan derfor finne stad i perioden mellom 22. mars og 25. april.

Dame som markerer i en kalender
Dame som markerer i en kalender

Påska i kunsten

Mange kunstnarar har måla Jesu historie. Ikke minst i mellomalderen. Jesus er ofte framstilt som ein ung mann med skjegg og langt, brunt hår. Dei måla han ofte hengande på eit kors.

Mange har også måla den oppstadne Jesus, nattverden, skjærtorsdag og svikaren Judas. Jesus opplevde mange av dei viktigaste tinga i livet sitt i påska. Derfor er det heilt naturleg at kunstnarane vart inspirerte av dette.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nattverden, Leonardo da Vinci
Nattverden, Leonardo da Vinci

Kjelder:

  • God påske – familieboken fra fastelavn til vår (1988)
    Sigrun Nygaard
    Moriggi / H. Aschehoug & Co.
  • Stordalen, Terje; Thorbjørnsrud, Berit S.; Stensvold, Anne; Barstad, Hans M.; Kværne, Per; Winje, Geir: Påske i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 23. februar 2021 fra https://snl.no/påske
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. James Tissot
    4. The Musée Condé, Chantilly / Getty Images
    5. Meister der Palastkapelle in Palermo / NRK
    6. NRK TV / Getty Images
    7. Gabriel Wüger / Getty Images
    8. Getty Images
    9. Alexander Andreyevich Ivanov / The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints – YouTube
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Leonardo da Vinci