Læreplantilkobling

Fag

KRLE

Religion og etikk

Core Kjerneelementer

  • Kjennskap til religioner og livssyn
  • Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder
  • Kunne ta andres perspektiv
  • Kjennskap til religioner og livssyn
  • Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder

Cogs Tverrfaglig tema

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
KRLE
  • samtale om og presentere sentrale fortellinger og trosforestillinger i kristen tradisjon
4. trinn
KRLE
  • sammenligne og presentere ulike årstider og høytider i kristendom og andre religions- og livssynstradisjoner, som kulturarv
4. trinn
KRLE
  • utforske og beskrive hvordan kristendom og andre religioner og livssyn kommer til uttrykk lokalt og regionalt
7. trinn
KRLE
  • beskrive og presentere noen sentrale rituelle praksiser og etiske normer i kristendom
7. trinn
KRLE
  • utforske og sammenligne tekster og materielle uttrykk som kilder til kunnskap om kulturarv knyttet til kristendom og ulike religions- og livssynstradisjoner
10. trinn
KRLE
  • utforske og presentere hvordan elementer fra kristendom og andre religioner og livssyn kommer til uttrykk i medier og populærkultur
VG3
Religion og etikk
  • utforske og analysere hvordan religioner og livssyn kommer til uttrykk i medier og populærkultur

Valentinsdagen

Kvifor er det akkurat den 14. februar vi kjøper raude roser, sjokolade og kort? Og kva om vi ikkje har nokon å gi gåve til? Kva om vi ikkje får gåve?

Et glad par som gir valentines gave til hverandre

Kjærleikens dag

På kalenderen er 14. februar merkt av som valentinsdagen. I Sverige seier dei Alla hjärtans dag. Det engelske Valentine’s Day er mest brukt på verdsbasis, og markeringa er også mest utbreidd  i engelsktalande land. Her i Noreg vart valentinsdagen ein tradisjon frå slutten av 1900-talet. Skal vi leite etter bakgrunnen for feiringa, må vi reise til Italia og Roma.

En mor og datter som lager valentinsdags gaver

Til ære for Juno

Feiringa av den 14. februar kan stamme fra den såkalla Juno-festen i Romarriket. Juno var den høgaste og mektigaste gudinna i den romerske religionen. Ho var himmeldronning og gift med den mektigaste guden, Jupiter. Juno var beskyttar for bryllaup og ekteskap.

I midten av februar feira dei  Lupercalia-festivalen i Roma. Då reinsa dei byen for vonde ånder og feira god helse og fruktbarheit. Festen var heidensk, men i år 496 e.Kr. vart det heile gjort om til ei kristen feiring av Valentin.

En statue av en kvinne i Roma

St. Valentinus

Men kven var denne Valentin? Det veit vi ikkje sikkert. Éi forklaring går tilbake til cirka år 270 e.Kr. Då skal det ha levd to mektige menn som begge heitte Valentinus. Den eine var prest, og den andre var biskop. Begge vart feira den 14. februar, og dei var begge katolske helgenar på grunn av dei gode gjerningane sine.

Ein katolsk helgen er ein person som blir sett på som heilag av den katolske kyrkja. Vedkommande er ofte Guds favoritt blant menneska. For å bli helgen må personen ha utført mirakel. Ordet sankt betyr helgen og står føre namnet til personen. I Noreg har vi blant andre St. Olav (Olav den heilage).

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En skygge fra en religiøs leder

Lege, prest eller trollmann?

Kan presten og biskopen være ein og same person? Ei segn fortel at Valentinus var lege, og at han levde rundt år 268 e.Kr. Valentinus hjelpte mange og gjorde mange folk friske. Så dugande var han at rykta nådde heilt fram til keisaren i riket, Claudius. Keiseren likte ikkje at Valentinus var kristen. Han ville at Valentinus skulle dyrke dei gamle romerske gudane.

Valentinus heldt fast på trua si, og han vart då skulda for å vere trollmann. Han vart førd fram for dommaren Asterius. Dommaren hadde ei dotter som var blind, og med Guds hjelp skal Valentinus ha gitt henne synet tilbake. Mange vart kristne etter dette. Men keisaren vart sint og sette Valentinus i fengsel, torturerte han og tok livet av han med halshogging.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av hender med kjetting og i hendene holder han er kors

Par i hjarte

Ei liknande segn fortel at keisaren kalla inn alle ugifte menn til hæren. Soldatane fekk ikkje lov til å gifte seg under tenestetida. Presten Valentinus heldt likevel fram med å vie soldatar. Då dette vart oppdaga, hamna Valentinus i keiserens sitt fangehol.

Segna fortel vidare at Valentinus under fangenskapet forelska seg i den blinde dottera til fangevaktaren. Kjærleiken skal ha vore gjensidig, men dei to fekk aldri kvarandre. Valentinus leid martyrdøden. Før han døydde den 14. februar, hadde han skrive eit avskjedsbrev til kvinna han elska. Brevet var underteikna med  «Frå din Valentin».

Rosa bilde med en valentinesdagskort nede i høye hjørne med pynt

Ei god blanding

Vi veit altså ikkje heilt kven Valentinus var. Kanskje er kjærleikens dag ei blanding av feiringa av gudinna Juno, Lupercalia-festivalen og heltemotet, mirakla og trua til Valentinus?

En skygge fra en religiøs leder

Raud einsemd

Ein av tre nordmenn seier dei er opptekne av valentinsdagen. Nokre bruker dagen til å invitere ein mogleg venn eller kjærast med seg ut.  Andre bestemmer seg for å fri. Halve den norske befolkninga meiner likevel at merkedagen ikkje har noko i vår kalender å gjere.

Er det berre butikkar som ønskjer å tene meir? Er ikkje skikken eigentleg katolsk? Og ikkje minst: Kan valentinsdagen lage eit skilje mellom dei som har kjærast og dei som ikkje har det? Mange har store forventningar og gjer mykje ut av dagen. Dei skriv brev, kjøper roser, sjokolade eller ei hjartepute i raud velur. Men dagen har også nokre negative sider.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er lukke?Kva er kjærleik?

Kan markeringa vere med på å gjere det vanskeleg å vere åleine? Det er nemleg fleire og fleire som bur åleine. Men vil det seie at dei er mislukka menneske? Betyr det at alle som lever åleine, også er einsame? Betyr det at dei ikkje har kjærleik i livet?

Bur du åleine, har du truleg større fridom. Fridom er ein av dei viktigaste verdiane i samfunnet vårt. Så kven kan då seie kva lukke er? Gjeld kjærligheten berre  mellom to menneske? I Bibelen står det at du skal elske nesten din som deg sjølv. Elskar vi ikkje oss sjølve, er det vanskeleg å elske andre. Kan det ikkje då, på den 14. februar, vere lov å kjøpe ein sjokolade og ete han åleine?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En dame sitter alene og koser seg med valentines sjokolade

Valentinsdagen i ulike land

Tradisjonane rundt valentinsdagen varierer frå land til land. Her finn du ei liste over romantiske tradisjonar som blir feira rundt om i verda den 14. februar.

USA

Mange i USA tar det heilt ut når dei skal vise kjærleik til kvarandre. Kvart år bruker amerikanarne 18 milliardar dollar på konfekt, kort, blomstrar og smykke. Kort er den vanlegaste gåva, men ikkje berre for par. Familie, venner og skulebarn skriv også kort med tekst om vennskap.

Peru

I staden for å gi roser er det mange som gir orkidear – nasjonalblomsten i landet. Denne dagen er det utruleg mange som gifter seg. Då får dei høve til å seie  «ja» til kvarandre på verdas mest romantiske dag.

Storbritannia

Som i USA er dette ein viktig dag, men folk tar nok ikkje heilt av slik som mange gjer i USA. Mange gir kvarandre blomstrar, sjokolade og smykke. Om kvelden er det vanleg at par går ut og har ein god middag på byen – eller lagar god mat heime.

Finland

I Finland handlar denne dagen om vennskap, og ikkje om romantiske forhold. Viss ein er singel, er det i  Finland ein skal vere denne dagen. På finsk blir til og med dagen kalla «vennedagen» – Ystävänpäivä – istadenfor valentinsdagen. Den offisielle blomsteren er rosa roser.

Sør-Korea og Japan

I desse landa er det mennene som blir bortskjemde. På valentinsdagen kjøper kvinnene sjokolade til dei som teikn på takksemd. Men takksemda til mennene blir returnert månaden etter. Den 15. mars er kjend som den kvite dagen. Då gir mennene kake, godteri og blomstrar til konene sine.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
En hjerteformet åpen konfekteske og røde roser liggende på et trebord.

Kjelder:

  • Skjoldli, Jane: helgen i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2022 frå https://snl.no/helgen

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images