Kvifor må vi jobbe?

Jobben vår har mange funksjonar i livet vårt. Det mest openberre er at vi jobbar for å tene pengar til mat på bordet og eit hus å bu i. Likevel er det mange andre gode grunnar til å jobbe. Det er fordelar både for deg sjølv, samfunnet og dei du lever saman med.

Accessibility icon Kvifor må vi jobbe?

Hugsar du den første isen du åt? 

Det er ikkje sikkert du hugsar den første isen du åt, men du vart sannsynlegvis hekta på is for resten av livet. Det er ekte smak av 17. mai og sommarferie!  

For at du skal kunne ete is, må nokon produsere han først. Enten det er på ein iskremfabrikk i Oslo, Stavanger, Brevik, Kristiansand eller Harstad. Før vi kan setje tennene i ein Krone-is, har nokon jobba i timevis for å lage han. 

Gutt spiser is
Gutt spiser is

Kvifor må vi jobbe? 

Nokon må jobbe for at vi andre skal kunne ha bilar, datamaskinar, klede, hus eller is. Vi må ha mange ulike jobbar for å løyse alle behova vi har i samfunnet. Viss nokre jobbar forsvinn, så kan det hende at det er noko vi ikkje får tak i, eller det kan hende at nokre oppgåver ikkje blir løyste. Derfor er det viktig at vi har alle typar jobbar. Vi treng lærarar, røyrleggjarar, søppeltømmarar, butikktilsette og reinhaldsarbeidarar.

Bilfabrikk
Bilfabrikk

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!