La Niña og el Niño

Kvart tredje til sjuande år endrar Stillehavet rytme. Havet blir anten uvanleg varmt eller kaldt, og dette kan påverke veret over heile verda. Vi kallar det El Niño og La Niña. Dette påverkar klima, økosystem og menneskeliv – også langt utanfor tropane.

Accessibility icon La Niña og el Niño

Når havet styrer veret

Nokre år verker det som om veret har mista balansen. Regnet uteblir der det vanlegvis ausar ned, medan tørre område plutseleg blir ramma av overfløyming. Havtemperaturen stig, fiskebestandane forsvinn, og orkanane blir både fleire og kraftigare. Bak desse globale verforstyrringane ligg to motstridande klimafenomen – den varme El Niño og den kalde La Niña.

Desse to utgjer dei motsette fasane i det som blir kalla El Niño–Southern Oscillation, eller ENSO. Saman representerer dei ein slags rytme i samspelet mellom hav og atmosfære, og dei påverkar ver, havstraumar og økosystem over store delar av kloden. ENSO er med andre ord ikkje berre eit lokalt fenomen i Stillehavet – det er ei global svinging som pregar heile klimasystemet.

Luftfoto av havbølger. Blå vannbakgrunn
Luftfoto av havbølger. Blå vannbakgrunn

Kor ofte skjer El Niño og La Niña – og kor lenge varer dei?

El Niño og La Niña oppstår i Stillehavet, i området rundt ekvator mellom Sør-Amerika og Asia. 

Her er havet og atmosfæren tett kobla saman, og små endringar kan få store følgjer.

Under normale forhold blæs passatvindane frå aust mot vest. Desse vindane skyv varmt vatn frå kysten av Sør-Amerika mot Asia. Når dette skjer, blir havet ved Sør-Amerika kjølegare, og det kalde vatnet er rikt på næringsstoff som gir liv til fisk og plankton.

Men omtrent kvart tredje til sjuande år svekkest passatvindane, og retninga på havstraumane snur. Då flytter det varme vatnet seg tilbake mot Sør-Amerika, og havet der blir uvanlig varmt. Dette er El Niño.

La Niña oppstår når passatvindane blir sterkare enn normalt. Dei kraftige vindane pressar det varme overflatevatnet endå lenger vestover, og dette gjer at kaldt, næringsrikt djupvatn blir trekt opp langs kysten av Sør-Amerika. Oppvell­inga blir derfor mykje kraftigare enn vanleg, og havet blir tydeleg kjølegare. La Niña kan derfor beskrivast som ei forsterking av normalfasen i Stillehavet – det vanlege mønsteret med aust–vest-vindar og oppvelling, berre sterkare enn normalt.

Begge fenomena varer som regel mellom 9 og 12 månader, men nokre gonger kan dei vare i opptil to år. Dei startar ofte om våren og når høgdepunktet rundt jul. Derfor har El Niño fått namnet sitt, som betyr «Jesusbarnet» på spansk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kva er El Niño og La Niña eigentleg?

El Niño og La Niña handlar om korleis temperaturen i havet utanfor Sør-Amerika endrar seg, og korleis dette påverkar veret over store delar av verda.

Når El Niño oppstår, blir havoverflata i den austlege delen av Stillehavet mykje varmare enn normalt – ofte fleire gradar. Det varme vatnet gjer at meir fuktig luft stig opp, og dette endrar korleis regnet fordeler seg. Område som vanlegvis er tørre, kan få kraftig nedbør og flaum, medan stader som vanlegvis får mykje regn, kan oppleve tørke. Søraust-Asia og Australia er mellom anna dei som ofte blir ramma av tørke under El Niño.

La Niña er motsett. Då blir havet kaldare enn normalt, og vinden som blæs over Stillehavet, blir sterkare. Det kalde vatnet stig opp fra djupna og tek med seg næringsstoff. Dette gir tørke i Sør-Amerika, medan land som Indonesia og Australia får meir regn og risiko for flaum.

Sjølv små endringar i havtemperaturen i dette området kan få store følgjer, fordi Stillehavet dekkjer ein tredel av jorda si overflate. Derfor seier forskarar at ENSO er ei global svinning – ein slags rytme der hav og atmosfære påverkar kvarandre, og heile klimasystemet følgjer med.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Konsekvensar for veret på kloden

El Niño og La Niña påverkar ikkje berre havet, dei endrar også vermønstra i verda. Når El Niño oppstår, blir store delar av Stillehavet varmare enn vanleg. Det varme havet gir frå seg meir energi til atmosfæren, og dette kan føre til høgare temperaturar globalt.

I Australia, Indonesia og Sør-Amerika kan El Niño føre til tørke, hetebølgjer og skogbrannar. Samtidig får delar av USA ofte meir regn om vinteren, og nordlege område kan få mildare klima.

La Niña har motsett effekt. Då blir havet kaldare, og det kan føre til lågare temperaturar globalt. Land som Indonesia, Filippinane og Aust-Afrika får meir regn, medan Atlanterhavet ofte opplever fleire og sterkare orkanar.

Sjølv i Noreg kan vi merke desse endringene indirekte. Under La Niña har enkelte vintrar vore prega av stabilt høgtrykk og kaldt ver i Europa.

Spor frå fortida – kva fortel paleoklima?

For å forstå korleis klimaet har endra seg gjennom tidene, brukar forskarar naturen sine eigne arkiv. Desse gir oss spor frå fortida, altså paleoklima, og hjelper oss å sjå korleis El Niño og La Niña har påverka jorda i tusenvis av år.

Dyprød Bulog-kalkstein fra midtre trias i Serbias Zlatibor avslører unike geologiske trekk og eldgamle marine forhold.

Sedimentkjerner

Éin metode er å hente opp sedimentkjerner frå botnen av innsjøar og hav. Desse prøvene består av lag med sand, leire og organisk materiale som har samla seg over tid. Ved å analysere innhaldet i kvart lag, kan forskarane finne ut korleis temperatur, vind og havstraumar har vore tidlegare.

Korallar

Korallar gir også viktig informasjon. Dei veks lag for lag, og tek opp stoff frå sjøvatnet medan dei veks. Forholdet mellom ulike oksygenisotopar i korallane fortel om havet var varmt eller kaldt då dei vart danna. Dette gir spor etter tidlegare ENSO-hendingar.

Iskjerner

Ein tredje metode er å bore ut iskjerner frå innlandsisen i område som Grønland og Antarktis. Kvart år legg det seg eit nytt lag med snø i polområda. Over tid blir snøen pakka saman til is, og små luftbobler blir fanga inni. Desse boblene inneheld «gammal luft» som viser kva slags drivhusgassar som fanst i atmosfæren før, og forholdet mellom isotopar i isen gir informasjon om tidlegare temperaturar.

Alderen på et isfjell kan bestemmes av lagene - hvert lag representerer et år - isfjell i antarktiske farvann nær en øy i Sør-Georgia
Alderen på et isfjell kan bestemmes av lagene - hvert lag representerer et år - isfjell i antarktiske farvann nær en øy i Sør-Georgia

Eksistert i minst 11 000 år

Forskning på desse naturlege arkiva viser at El Niño og La Niña har eksistert i minst 11 000 år. I varme periodar var dei svakare og sjeldnare, medan dei i kaldare tider var kraftigare og meir vanlege. I dag skjer endringane raskare, og det kan gjere ENSO-hendingar meir intense enn før.

ENSO i eit varmare klima

Når havet blir varmare, skjer det meir enn berre ein auke i temperatur. Varmt hav gir meir energi og fukt til atmosfæren, og dette kan føre til kraftigare verhendingar. Forskarar kallar dette ein sterkare hydrologisk respons – det betyr at både regn, fordamping og flaum kan bli kraftigare.

Under El Niño kan det varme vatnet i Stillehavet føre til store flaumar langs kysten av Sør-Amerika, medan tørken i Indonesia og Australia kan vare i fleire månader. Når La Niña oppstår, blir havet kaldare, og regnsonene flyttar seg vestover. Det kan gi flaum i Asia og tørke i Sør-Amerika.

Klimaendringane gjer at desse fenomena kan bli meir ekstreme i framtida. Det betyr ikkje nødvendigvis at dei skjer oftare, men at konsekvensane blir større. Område som allereie er våte, kan få endå meir regn, og stader som slit med tørke, kan bli endå tørrare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
skyer stiger over skogen. vær med høy luftfuktighet. tåkete atmosfære. mystisk naturbakgrunn om morgenen
skyer stiger over skogen. vær med høy luftfuktighet. tåkete atmosfære. mystisk naturbakgrunn om morgenen

Korleis vart ENSO oppdaga og varsla?

For å forstå og varsle El Niño og La Niña må forskarane følgje nøye med på både havet og atmosfæren. Dette gjer ein med hjelp av eit stort nettverk av måleinstrument, både på havoverflata og i verdsrommet.

I Stillehavet ligg det bøyer som målar temperatur, saltinnhald, vind og lufttrykk. Desse sender data i sanntid, slik at forskarane kan sjå korleis forholda endrar seg. I tillegg brukar ein satellittar som overvaker havoverflatetemperatur og vindmønster frå rommet.

Alle desse målingane blir lagde inn i datamodellar som simulerer korleis hav og atmosfære utviklar seg. Modellane blir heile tida oppdatert med nye data – dette blir kalla «initialisering». Det gjer at berekningane blir meir nøyaktige.

Likevel er det vanskeleg å føresjå ENSO, spesielt om våren. Då er systemet ustabilt, og det er vanskelig å vite kva slags retning utviklinga vil ta. Dette blir kalla «spring predictability barrier».

For å få betre varslar brukar forskarane fleire modellar samtidig. Når mange modellar viser den same utviklinga, kan ein seie noko om kor sannsynleg det er at El Niño eller La Niña vil oppstå.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Marine økosystem i ubalanse

Når havtemperaturen i Stillehavet endrar seg under El Niño og La Niña, er det ikkje berre veret som vert påverka, men også naturen og menneska vil merke det. Sjølv små temperaturendringar kan få store følgjer for livet i havet og på land.

Under El Niño blir det mindre oppvelling av kaldt og næringsrikt vatn utanfor Sør-Amerika. Dette vatnet gir vanlegvis liv til plankton, som er mat for fisk, sjøfugl og sjøpattedyr. Når planktonmengda minkar, trekkjer fiskebestandane mot kjølegare område, og heile næringskjeda blir forstyrra. I verste fall kan viktige fiskeri kollapse, og lokalsamfunn som er avhengige av fisken, vert hardt ramma. 

Korallrev er også sårbare. Når havet blir for varmt, mister korallane dei små algane som gir dei farge og næring. Dette blir kalla korallbleiking. Viss temperaturen held seg høg over tid, kan korallane døy, og tusenvis av artar mister leveområda sine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

ENSO og ekstremver på land

På land påverkar ENSO nedbør og temperatur i tropiske område. El Niño gir ofte tørke i Indonesia, Australia og delar av Sør-Amerika, noko som aukar risikoen for skogbrannar og skadar jordbruket. Samtidig kan andre område, som Aust-Afrika og vestkysten av Sør-Amerika, få ekstremt mykje regn og flaum.

La Niña snur på dette mønsteret. Då får nokre av dei tørre områda flaum, medan andre opplever uvanleg kalde og tørre forhold.

Konsekvensar for folkehelsa

Desse endringane påverkar også helsa til folk. Under El Niño aukar risikoen for vassborne sjukdommar som kolera og hepatitt, særleg i område med flaum og dårleg vasskvalitet. Tørke og hete kan føre til luftvegssjukdommar og underernæring. La Niña kan gi vedvarande regn og høg luftfukt, som gjer det lettare for sjukdommar som malaria og denguefeber å spreie seg.

Advarselsskilt på slitt murvegg som varsler om mulig forurenset vann, det står: «FARE: Vannet kan være forurenset. Ikke drikk».
Advarselsskilt på slitt murvegg som varsler om mulig forurenset vann, det står: «FARE: Vannet kan være forurenset. Ikke drikk».

Helse og samfunn i eit klima i endring

I mange delar av verda forsterkar ENSO effektane av eit klima som allereie er i endring. Når ekstremver blir vanlegare, får det store konsekvensar for både natur og menneske. Samtidig gir betre forståing av ENSO moglegheit for å varsle slike hendingar tidlegare – og dermed verne liv og helse.

Kunnskap, varsling og beredskap

Når forskarar klarar å varsle at El Niño eller La Niña er på veg, gir det land og lokalsamfunn ei viktig moglegheit til å førebu seg. Med god kunnskap og tidleg varsling kan ein redusere skadar og verne både menneske og natur.

I land som Peru, Kenya og Indonesia kan styresmaktene setje inn tiltak før ekstremver rammar. Dei kan lagre mat, sikre vassforsyninga, planleggje avlingar og styrkje helsetenestene. Slik kan samfunnet stå betre rusta mot tørke, flaum og sjukdom.

Også i Noreg følgjer forskarar med på ENSO. Meteorologisk institutt og Bjerknessenteret undersøkjer korleis El Niño og La Niña påverkar vermønster her hos oss. Til dømes kan eit sterkt El Niño-år gi mildare vintrar og meir nedbør, medan La Niña ofte heng saman med kaldare periodar i Nord-Atlanteren.

Denne kunnskapen blir brukt i sesongvarsling – altså vurderingar av korleis kommande årstidar kan bli. Det gir betre grunnlag for planlegging i både landbruk, energiforsyning og beredskap.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Eit klima i balanse – eller på vippen?

El Niño og La Niña viser oss kor skjørt klimasystemet på jorda eigentleg er. Når temperaturen i havet endrar seg med berre nokre få gradar, kan det påverke veret over heile kloden. Det er som om havet har si eiga rytme, og når denne vert endra, følgjer atmosfæren med.

Vi kan ikkje kontrollere desse naturlege svingingane, men vi kan lære å forstå dei. Di meir vi veit om korleis ENSO fungerer, dess betre kan vi føreseie kva som kjem og tilpasse oss deretter. Kunnskap om El Niño og La Niña gir ikkje berre betre vervarsel, men også innsikt i korleis hav, luft og klima heng saman.

I ei tid med raske klimaendringar blir denne innsikta endå viktigare, slik at vi kan planleggje, verne naturen og ta vare på menneske. Når havet endrar “pusterytma” si, påverkar det ikkje berre bølgjene og veret – det påverkar også framtida vi deler.

Kjelder

  • Bjerknessenteret for klimaforskning. (2024). El Niño og La Niña – globalt klima i ubalanse. Henta frå https://www.bjerknes.uib.no
  • CICERO Senter for klimaforskning. (2023). Hva er El Niño og La Niña? Henta frå https://cicero.oslo.no
  • FNs klimapanel (IPCC). (2021). Climate Change 2021: The Physical Science Basis. Contribution of Working Group I to the Sixth Assessment Report of the Intergovernmental Panel on Climate Change. Cambridge University Press.
  • Meteorologisk institutt. (2023). El Niño og La Niña – hva skjer i Stillehavet? Henta frå https://www.met.no
  • National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA). (2024). El Niño and La Niña (ENSO) Explained. Henta frå https://www.climate.gov
  • NASA Earth Observatory. (2024). El Niño and La Niña: Pacific Ocean Climate Patterns. Henta frå https://earthobservatory.nasa.gov
  • World Meteorological Organization (WMO). (2023). El Niño/La Niña Updates and Global Impacts. Henta frå https://public.wmo.int
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Close Icon

Loading...