La Niña og el Niño
Kvart tredje til sjuande år endrar Stillehavet rytme. Havet blir anten uvanleg varmt eller kaldt, og dette kan påverke veret over heile verda. Vi kallar det El Niño og La Niña. Dette påverkar klima, økosystem og menneskeliv – også langt utanfor tropane.
Når havet styrer veret
Nokre år blir veret annleis enn det pleier. Regnet uteblir der det vanlegvis ausar ned, medan tørre område plutseleg blir ramma av flaum. Havet blir varmare, fiskebestandane endrar seg, og det oppstår fleire og kraftigare stormar.
Bak desse globale verforstyrringane finn vi to viktige klimafenomen: den varme El Niño og den kalde La Niña. Dei er to sider av eit system som blir kalla El Niño–Southern Oscillation, forkorta til ENSO. Dette systemet handlar om korleis havet og atmosfæren påverkar kvarandre, og det er viktig for ver og klima over heile jorda.
Når ENSO endrar seg, påverkar det både havstraumar, nedbør og temperaturar i mange delar av verda. Derfor seier vi at El Niño og La Niña er mellom anna dei viktigaste klimafenomena vi har.
Luftfoto av havbølger. Blå vannbakgrunn
Konsekvensar for veret på kloden
El Niño og La Niña påverkar ikkje berre havet, dei endrar også vermønstra over heile verda. Når El Niño oppstår, blir store delar av Stillehavet varmare enn vanleg. Det varme havet gir frå seg meir energi til atmosfæren, og dette fører til høgare temperaturar globalt.
I Australia, Indonesia og Sør-Amerika kan El Niño føre til tørke, hetebølgjer og skogbrannar. Samtidig får delar av USA gjerne meir regn om vinteren, og nordlege område kan få mildare klima.
La Niña har motsett effekt. Då blir havet kaldare, og det kan føre til lågare temperaturar globalt. Land som Indonesia, Filippinene og Aust-Afrika får meir regn, medan Atlanterhavet opplever fleire og sterkare orkanar.
Sjølv i Noreg kan vi merke desse endringane indirekte. Under La Niña har enkelte vintrar vore prega av stabilt høgtrykk og kaldt ver i Europa.
Spor frå fortida – kva fortel paleoklima?
For å forstå korleis klimaet har endra seg gjennom tidene, bruker forskarar naturen sine eigne arkiv. Desse gir oss spor frå fortida, altså paleoklima, og hjelper oss å sjå korleis El Niño og La Niña har påverka jorda i tusenvis av år.
Sedimentkjerner
Sedimentkjerner frå innsjøar og havbotnen inneheld lag med sand, leire og organiske restar som har samla seg over tid. Ved å analysere desse laga kan forskarane finne ut korleis temperatur, vind og havstraumar har vore tidlegare.
Korallar
Korallar veks lagvis og tar opp stoff frå sjøvatnet medan dei blir danna. Forholdet mellom ulike oksygenisotopar i korallane viser om havet var varmt eller kaldt då dei vaks, og dette gir spor etter tidligare ENSO-hendingar.
Iskjerner
Iskjerner frå Grønland og Antarktis inneheld luftbobler frå fortida. Desse gir informasjon om gamle nivå av drivhusgassar og temperaturar, og gjer det mogleg å samanlikne naturlege ENSO-svingingar med dagens situasjon.
Alderen på et isfjell kan bestemmes av lagene - hvert lag representerer et år - isfjell i antarktiske farvann nær en øy i Sør-Georgia
Eksistert i minst 11 000 år
Forsking på desse arkiva viser at El Niño og La Niña har eksistert i minst 11 000 år. I varme periodar var dei svakare og sjeldnare, medan dei i kaldare tider var kraftigare og oftare. I dag skjer endringane raskare, og det kan gjere ENSO-hendingar meir intense enn før.
skyer stiger over skogen. vær med høy luftfuktighet. tåkete atmosfære. mystisk naturbakgrunn om morgenen
ENSO og ekstremver på land
På land påverkar ENSO nedbør og temperatur i tropiske område. El Niño gir ofte tørke i Indonesia, Australia og delar av Sør-Amerika, noko som aukar risikoen for skogbrannar og skadar jordbruket. Samtidig kan andre område, som Aust-Afrika og vestkysten av Sør-Amerika, få ekstremt mykje regn og flaum.
La Niña snur på dette mønsteret. Då får nokre av dei tørre områda flaum, medan andre opplever uvanleg kalde og tørre forhold.
Konsekvensar for folkehelsa
Desse endringane påverkar også helsa til menneske. Under El Niño aukar risikoen for vassborne sjukdommar som kolera og hepatitt, særleg i område med flaum og dårleg vasskvalitet. Tørke og hete kan føre til luftvegssjukdommar og underernæring.
La Niña kan gi vedvarande regn og høg luftfuktigheit, som gjer det lettare for sjukdommar som malaria og denguefeber å spreie seg.
Advarselsskilt på slitt murvegg som varsler om mulig forurenset vann, det står: «FARE: Vannet kan være forurenset. Ikke drikk».
Helse og samfunn i eit klima i endring
I mange delar av verda forsterkar ENSO effektane av eit klima som allereie er i endring. Når ekstremver blir vanlegare, får det store konsekvensar for både natur og menneske. Samtidig gir betre forståing av ENSO moglegheit for å varsle slike hendingar tidlegare, slik at vi kan verne liv og helse.
Eit klima i balanse – eller på vippen?
El Niño og La Niña visar oss kor følsamt klimasystemet på jorda eigentleg er. Når temperaturen i havet endrar seg med berre nokre få gradar, påverkar det veret over heile kloden. Det er som om havet har si eiga rytme, og når denne endrar seg, følgjer atmosfæren med.
Vi kan ikkje kontrollere desse naturlege svingingane, men vi kan lære å forstå dei. Di meir vi veit om korleis ENSO fungerer, dess betre kan vi føresjå kva som kjem. Kunnskap om El Niño og La Niña gir ikkje berre betre vervarsel, men også innsikt i korleis hav, luft og klima heng saman.
I ei tid med raske klimaendringar blir denne kunnskapen ekstra viktig. Han hjelper oss å planleggje, verne naturen og ta vare på menneske. Når havet endrar pusterytme, påverkar det ikkje berre bølgjene og veret, det påverkar framtida vi delar.