Magna Carta  –  den store avtalen

Magna Carta betyr eigentleg «den store avtalen».  Avtalen vart signert 15. juni i 1215, av John av England. Denne avtalen inneheldt store endringar i korleis landet skulle styrast. Det var eit dokument som ikkje berre var ei omvelting på papiret, men det la òg grunnlaget for alle opprør mot kongen seinare. På denne måten vart Magna Carta ein viktig del av starten på demokratiet i den engelskspråklege verda.

Kong John signerer Magna Carta

Magna Carta hindra for første gong makta til kongen. Adelen var lei av av alle skattane som vart pålagde av upopulære kongar. Kongane trong pengar for å føre dyre og katastrofale krigar mot Frankrike.

Men den 3600 ord lange kontrakten inneheldt tre viktige vilkår som har endra det engelske samfunnet.

1. Han garanterer ei rettferdig rettssak for alle.
2. Han fjerna retten monarken hadde til å krevje dei skattane han ville.
3. Det vart òg gjort klart at om kongen ikkje følgde vilkåra i Magna Carta , kunne han bli avsett.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Magna Carta presentert til kong John av England
Magna Carta presentert til kong John av England

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!