Minecraft

Bygg ein slede

Gjer Minecraft om til eit juleeventyr! Følg tilvisingane under, og bygg sleden til julenissen. Kanskje ønsker du å byggje i ei verd med snø? Her har du masse moglegheiter, det er berre å sette i gong!

STEG 1

Start med å setje gjerdestolpar i to høgder med tre blokkar imellom, og deretter fem portar bak kvar av dei.

Minecraft slede
Minecraft slede
STEG 2

Sjølve sleden kan lagast av raud leire eller ull, og fallemmar kan fungere som dører. Føre sleden kan du lage det første reinsdyret av brun ull. Det ser kanskje litt kjedeleg ut no, men det blir snart betre!

Minecraft slede med et reinsdyr
Minecraft slede med et reinsdyr
STEG 3

Eit teppe kan fungere som sal, jerngitter blir horn, steinknappar blir auge, ein treknapp kan vere nase, og eit snubletrådfeste blir til eit halsband.

Minecraft reinsdyr
Minecraft reinsdyr
STEG 4

Dermed er det berre å byggje resten av reinsdyra, så har du ein fiks ferdig julenisseslede!

Viss du vil, kan du pynte med nokre kister på sleden. Desse kan fort likne på julegåver!

Minecraft slede med reinsdyr
Minecraft slede med reinsdyr

Kjelder:

  • Den ultimate guiden til Minecraft (2019)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    • Alle skjermbilder av Luka Majchrowicz