Minecraft

Bygg eit juletre

Gjer Minecraft om til eit juleeventyr! Følg tilvisingane under og bygg eit juletre på rundt 15 minutt. Kanskje du ønskjer å byggje i ei verd med snø?

STEG 1

Begynn med å lage eit juletreteppe av teppebitar i passande fargar. Det bør minst vere så stort som på bildet, og i midten kan du setje tre granblokker oppå kvarandre.

Minecraft juleteppe med stubbe
Minecraft juleteppe med stubbe
STEG 2

Det er viktig at du får det første trelaget rett. Fyll inn med granblad tre blokker djupt i alle retningar. Tanken er at det skal vere omlag så stort som teppet du har laga.

Minecraft juletre ovenfra
Minecraft juletre ovenfra
STEG 3

Vi har gitt treet vårt fem lag, og deI tre midtre laga er to blokker høge. Du kan også lage det høgare viss du vil, men då må du nok gjere det breiare også!

Minecraft juletre
Minecraft juletre
STEG 4

Set ein gjerdestolpe med ein glødestein på øvst, så har du ei stjerne. Mobhovud kan fungere som julekuler. Nokre kister som gåver rundt treet er heller ikkje feil. Kanskje vil du pynte treet med anna også?

God jul!

Minecraft juletre med pynt
Minecraft juletre med pynt

Kjelder:

  • Den ultimate guiden til Minecraft (2019)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    • Alle skjermbilde av Luka Majchrowicz