Mordet på påskehytta

Rød strek
Det var 1. påskedags ettermiddag, klokka var nesten 16, og politiinspektør Hauge hadde vorten send av garde til ei hytte oppe i dalen. Årsaka var eit mistenkeleg dødsfall på ei hytte. Hauge gleda seg ikkje til dette oppdraget, han hadde lite erfaring med slike saker.

Stor, snødekt hytte på fjellet
Stor, snødekt hytte på fjellet

Vanlegvis var det ganske fredeleg i den vesle bygda, men i påska kunne det bli ein del bråk med alle hytteturistane. Hauge var glad for at det var bilveg heilt fram til hytta, for det var kaldt. Gradestokken hadde krope ned mot minus 20 dei siste dagane, og vårkjensla frå veka før var heilt forsvunnen.

Bil kjører i skogen på snødekt vei
Bil kjører i skogen på snødekt vei

Det var ei luksuriøs hytte, og frå takskjegget hang det nokre store og vakre istappar og blinka i sola. Utanfor hyttedøra stod det fleire par ski, og jammen var det ikkje eit gammalt par med treski der òg. Madshus. Han hugsa at han ein gong hadde hatt slike sjølv, hugsa svakt dei ulike smurningane – blått, lilla og raudt – kvar for sin temperatur,  og tok tak i den nærmaste skia. Det klistra seg noko til handa – skia var smurd med raudt klister. «Pokker, typisk at eg skal måtte be om ein klut med ein gong eg kjem inn døra. Så mykje for å verke profesjonell!»

Stor vinterhytte dekket av snø
Stor vinterhytte dekket av snø

Inne i den store hytta var legen allereie komen og stod no bøygd over den livlause skikkelsen som låg ved sida av kjøkkenbenken. Gjestane satt rundt i dei store sofaene og såg ut som dei ønskte seg langt vekk. På kjøkkenbenken kunne Hauge sjå ei diger lammesteik som tydelegvis nettopp var teken ut av omnen, han skulle nok halde til middag for alle både i dag og i morgon, tenkte han for seg sjølv. I tillegg stod det ein haug med glas og tomflasker på benken, det hadde tydelegvis vore eit festleg lag, skulle han dømme ut frå talet på glas og flasker. 

Stua i en luksuriøs vinterhytte er full av dyre møbler
Stua i en luksuriøs vinterhytte er full av dyre møbler

Rød strek med bølger
Legen kunne fortelje at dette ikkje var eit naturleg dødsfall, fordi det var tydeleg at den døde hadde vorte slått med ein hard gjenstand, og ein spiss gjenstand var stukken inn i brystet og hadde treft hjertet. Politiinspektør Hauge såg seg rundt og la merke til ishakka som låg borte ved døra. Kunne det ha vore noko slikt som hadde vore brukt? Legen fortalde at det sannsynlegvis var brukt noko som var endå smalare og spissare enn ishakka, og han kunne heller ikkje sjå noko anna i rommet som kunne ha vore brukt som slagvåpen. Men det aller merkelegaste var at det ikkje var noko spor av blod på gensaren til avdøde – slik ein burde forvente når stikkvåpenet vart trekt ut igjen.

Stor, snødekt hytte på fjellet
Stor, snødekt hytte på fjellet

Notat:

Den avdøde var Jens Kaplan, ein kjend investor. Han var komen åleine til hytta.

Dei andre gjestane var: 
Anders Adamski  /  Emil Adamski
Selina Wang  /  Nassim Wang
David Olsen  /  Rikke Olsen

Det var Anders Adamski og mannen hans  Emil Adamski som eigde hytta. Anders Adamski var børsspekulant og hadde tent gode pengar på eit oppkjøp veka før påske.

Selina og Nassim Wang hadde reist av garde på skitur klokka 10.00 saman med Rikke Olsen og Jens Kaplan. Dei kunne vise fram bilde av at dei var på Storenuten – og dei var komne tilbake kl. 15.30. Det stemte med tida det tok å gå frå hytta til Storenuten og tilbake igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Blank notatblokk
Blank notatblokk

Treskia som politiinspektør Hauge hadde sett på utanfor hyttedøra, tilhøyrde David Olsen.

Rikke kunne fortelje at Emil og Anders knapt hadde veksla ord med kvarandre heile påska, og at Anders hadde uttrykt at det var godt dei hadde laga ei ekteskapspakt der utruskap medførte at det ikkje vart noka deling av buet ved skilsmisse.

David Olsen hadde tidlegare vore ein suksessrik bedriftseigar, men nedgangstidene hadde ført til store nedskjæringar og oppseiingar.

Jens Kaplan hadde drukke tett kvelden før, og han hadde oppført seg krakilsk og vore kranglete.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Gamle treski og staver oppstilt mot hytteveggen
Gamle treski og staver oppstilt mot hytteveggen

Nassim Wang hadde snakka til Jens Kaplan like etter middagen på påskeaftan for å få han til å oppføre seg betre. Jens Kaplan hadde svart med at det var slett ikkje alle andre som hadde reint mjøl i posen der i huset – og at han nok skulle avsløre dei! Jens Kaplan hadde sagt at han skulle gje dei ei gåte om kven han ville avsløre, så kunne dei tenkje på saka resten av kvelden. Gåta var «til saman utgjer de den eine».

David Olsen fortalde at det hadde vore kjempeflott skiføre på turen til og frå Breistølen. Etter at alle dei andre hadde gått til sengs, hadde Rikke Olsen høyrt at Anders Adamski hadde krangla med Jens Kaplan nede i stova.

Genseren til Jens Kaplan, den avdøde, var fuktig på framsida då han vart funnen død.

Jens Kaplan hadde gått saman med Rikke Olsen, Selina Wang og Nassim Wang på ski, men han hadde snudd etter omtrent halvannan time fordi han var kald, og han hadde ikkje med seg ekstra tøy.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Blank notatblokk
Blank notatblokk

Emil Adamski hadde sett  lammesteika inn i omnen.

Det viste seg at frysaren på hytta var øydelagd, så frysevarene var sett ut, sidan det var så kaldt – og at dei hadde brukt istappane til å lage isbitar til drinkane på påskeaftan.

Like før ein krangel mellom Rikke og David hadde Selina høyrt at Emil hadde sagt «i morgon, kjære» ute i gangen. Ho meinte derfor at Rikke berre prøvde å setje Emil og Anders i eit dårleg lys ved å seie at dei ikkje snakka med kvarandre.

Anders forklarte at Jens hadde skulda han for å vere ein svindlar som dreiv med innsidehandel rett før dei skulle leggje seg påskeaftan. Dei andre hadde allereie lagt seg, så han trudde ikkje dei hadde høyrt noko. Deretter hadde dei begge gått til sengs.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Stekt lammestek på fjøl
Stekt lammestek på fjøl

David Olsen hadde nettopp gifta seg for 2. gongen, og den nye kona hans Rikke var 20 år yngre enn han.  Selina Wang trudde at Rikke Olsen hadde gifta seg med David berre på grunn av pengane. David var jo så mykje eldre, og eigentleg ikkje noko særleg å sjå til. Litt prippent la ho til at kanskje David ville ha noko pent å vise fram for dei andre.

Rikke Olsen hadde flørta med både Anders Adamski og Jens Kaplan på påskeaftan. Selina Wang hadde høyrt krangling frå soverommet til Rikke og David seint på påskeaftan, og at Rikke hadde sagt at ho ikkje trudde han var slik ei fattiglus han som var bedriftseigar.

Legen meinte at mordet var begått mellom klokka 13 og 14 på 1. påskedag. Emil Adamski og David Olsen hadde reist av garde på ski til Breistølen like etter at Selina, Jens og Nassim hadde gått frå hytta. Emil og David hadde kome fram i 12-tida, og sidan vêret var så fint, hadde dei site der i ein drøy time før dei hadde reist tilbake til hytta og funne Jens livlaus. Deretter ringde dei til legen.

Den einaste som ikkje hadde reist med nokon andre, var Anders Adamski. Han hadde reist av garde med bilen rett etter frukost fordi han skulle klatre i eit frose fossefall, og kom tilbake rett før inspektør Hauge kom inn hyttedøra.

Emil og David var gode venner. Nassim meinte å ha høyrt at dei faktisk hadde eit romantisk forhold i ungdomstida.

Seinare i etterforskinga viste det seg at Anders ikkje hadde drive med innsidehandel, så Jens hadde tatt feil.
Tykk, rød strek

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Blank notatblokk
Blank notatblokk

Kva har skjedd?

Klarer du å løyse mysteriet med hjelp av notata til politiet?

  • Kven er mordaren?
  • Kva var mordvåpenet?
  • Kva var motivet?
Stor, snødekt hytte på fjellet
Stor, snødekt hytte på fjellet

Tekst: Eva Bratvold | Bilder: Getty Images


Har du funne svara?

I Lærarrommet kan du finne løysinga på mysteriet. Der finst det òg masse læringsstiar og oppgåver som raskt kan takast i bruk i undervisninga. Ønskjer du prøvetilgang – ta kontakt med oss!