Liten, kald og forblåsen

Den minste og kaldaste av gasskjempene er den som ligg lengst frå sola. Ingen stadar i solsystemet blæs det meir enn på Neptun.

Fakta om Neptun

Neptun brukar 18 timar på å rotera éin gong rundt seg sjølv. Men sjølv om døgnet er kort på Neptun, er det lang veg rundt sola. Det tek 165 jordår å koma éin runde rundt sola.

Denne ytste og kaldaste planeten i solsystemet, om me ser bort ifrå dvergplaneten Pluto, ligg over 4,5 milliardar kilometer frå jorda. Gjennomsnittstemperaturen er 220 kuldegradar på overflata.

Neptun er ei kolossal gasskule av hydrogen, helium og metan. Planeten har ein liten, men tung kjerne av stein og is. Neptun har ein diameter på cirka 49 500 km – omtrent like stor som naboen Uranus.

På overflata til Neptun finn du dei kaldaste og mest forblåsne stadane i heile solsystemet vårt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Planeten Neptun
Planeten Neptun

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!