Illusjonane som beviser at du ikkje alltid må tru det du ser eller føler

I det daglege oppfattar hjernen verda rundt deg ved hjelp av sansane. Den konstante straumen av informasjon til hjernen er enorm, og difor tek han av og til snarvegar for å forenkla det du ser eller føler, og vel dei mest sannsynlege løysingane.

Hjernen er også god til å ana framtida. Då kan han endra for den vesle forseinkinga mellom det du ser, føler og sansar, og ta i mot og bearbeida signala frå augo eller kroppsdelar. Det er desse snarvegane som gjer det mogleg å lura hjernen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis omgjevnadane kan skjula den eigentlege storleiken til ting

Når du ser på to ting ved sida av kvarandre, er du truleg ganske sikker på om dei er like store, eller om ein av dei er større enn den andre. Det er derimot somme førestillingar som kan bevisa at du ikkje alltid ser det rette. Det er fordi hjernen ofte bestemmer storleik ut frå gjenstandane som er i nærleiken, og dermed kan ein lett verta lurt av omgjevnadane.

Ebbinghaus-illusjonen

Ta til dømes Ebbinghaus-illusjonen her. Mange vil seia at den oransje prikken til høgre er større enn den til venstre, men dei er faktisk nøyaktig like store. Hjernen brukar dei blå prikkane til å rekna ut kor stor den oransje prikken er, og fordi dei blå prikkane til venstre er større, ser den oransje prikken til venstre mindre ut enn den til høgre.

Skjermflimring 

Dersom ein LCD-skjerm vert filma, ser det ofte ut som om han flimrar. Det er fordi skjermen faktisk flimrar i verkelegheita, og det er våre augo som vert lura til å sjå eit bilete utan flimring. Når eit kamera fangar eit scenebilete, tek det ein serie raske bilete og syr dei saman til eit bilete i rørsle. Fordi bilete-takta ikkje er lik som på skjermen som vert filma, vert flimringa fanga opp. Augo våre sender heile tida informasjon til hjernen, og lyset frå skjermen heng litt igjen slik at det kan fylla tomrommet som flimringa lagar.

Kontrastbedrag 

Omgjevnadane kan også påverka korleis vi oppfattar fargar. På bileta her er alle dei grøne firkantane akkurat same grad av farge, men dei til venstre ser mørkare ut enn dei til høgre. Det er fordi dei til venstre er plasserte på ein lysare bakgrunn, og då vert det større skilnad. Det får dei til å sjå mørkare ut i høve til omgjevnadane.

Dette trur ein kjem av korleis dei lyssensitive cellene til netthinna produserer to ulike fargar ved sida av kvarandre. Når lyset frå ein lysare bakgrunn treffer ei av desse cellene, vert dei nærliggjande cellene hindra i å senda ut signal. Det gjer at lys som vert levert frå dei grøne firkantane til venstre, sender eit sterkare signal, og dermed ser dei mørkare ut.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Rørslebedrag

Når du fokuserer på ein liten del av dette biletet, vil du truleg berre sjå eit stilleståande mønster. Men dersom du ser på biletet i sin heilskap, vil det pulsera og verta levande. Denne illusjonen er eit resultat av måten vi oppfattar lys og mørke på, i tillegg til dei raske rørslene i augo dine. Kombinasjonen av lyse og mørke felt i biletet overveldar hjernen, og då vert dei rørslefølsame delane lura til å reagera slik dei ville reagera på ekte rørsle.

Sidan hjernen er skrudd saman slik at han oppfattar lyse fargar raskare enn mørke, ser mønsteret ut til å røra seg mot dei lysare nyansane i midten. Denne evna vert enda meir tydeleg av raske augerørsler kalla sakkader. Kvar gong auga gjer ei slik bitte lita rørsle, vert biletet til netthinna fornya, og ho vert overvelda på nytt og på nytt. Dersom du stoppar sakkadene, vil hjernen få tid til å tilpassa seg, og illusjonen vert svakare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ein optisk illusjon

Korleis lura kroppen?

Prøv denne øvinga for å lura kroppen din.

Du treng ei falsk gummi-hand.

 1. Gøym handa

Legg di eiga hand under ei open bok på bordet, og sit slik at du ikkje kan sjå ho. Legg gummihanda framfor deg slik at ho er på linje med skuldra di. Dersom du dekkjer til både din eigen arm og den falske armen, vil det verta enda meir verkeleg.

2. Stryk over handa

Få ein ven til å stryka langfingeren på den ekte handa og på den falske handa samtidig. Etter 1-2 minutt vil du byrja å føla at den falske handa er di eiga, og at den ekte handa ikkje finst lenger.

3. Påfør smerte 

Få nokon til å slå på gummihanda med ein hammar. Du vil truleg føla eit kort glimt av smerte, medan hjernen set saman det du ser og faktisk kunnskap, og skapar ei kjensle av eigarskap til den falske handa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Korleis kan dette skje?

Hjernen vel det du ser før berøringsinntrykk. Difor trur du at handa du kan sjå, er di.

Elektriske impulsar i hjernen som styrer rørslene i handa, vert svakare, og då kjennest det som om ho ikkje er der lenger.

Kjelder:

  • Utrolig vitenskap, 2018
    ORAGE FORLAG AS 
  • NRK.no/skole