Bli kjenD med …

Pteranodon

Ei flygeøgle som la egg og gjekk på alle fire når ho var på land. Flygeøglene var i slekt med dinosaurane.

Pteranodon
Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Flygeøglene varierte mykje i storleik og utsjånad. Felles for dei var at kroppen var eigna til å flyge. Derfor fungerte òg framføtene som vengjer.

Tre fingrar var frie og hadde klør. Den fjerde var ein del av vengjen, medan den femte var veldig liten. Vengjen bestod av ein hudflate som var spent ut mellom kroppen og armen.

Dei største flygeøglene hadde eit vengjespenn på 12 meter og kunne vege 250 kilo.

Mange hadde utvekstar på hovudet, sannsynlegvis for å tiltrekkje seg ein partnar. Hovudet var ganske lite med store auge og lange kjevar. Dei hadde ein ganske stor hjerne.

Flygeøglene hadde ikkje skjelete hud, kanskje bortsett frå på beina og fotsolane. Dei var derimot kledde med ein slags fjør.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Pteranodon
Pteranodon

Levevis

Flygeøgler levde både i skog, ørken, ved innsjøar og ute på det opne havet. Nokre åt insekt, medan andre åt kjøt, fisk og småkryp frå vatnet.

Flygeøglene kunne flyge lenge – og langt. Når dei ikkje flaug, gjekk dei på alle fire. Dei kunne òg klatre. Flygeøglene la egg, og ungane vart klekte med ferdige vengjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pteranodon
Pteranodon

Kjelder:

  • Hoel, Ole Andreas; Delsett, Lene Liebe: Flygeøgler Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 19 frå https://snl.no/Flygeøgler

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images