Kvadratrot

Kva handlar eigentleg dette med kvadratrot om, og kvifor skal vi lære om dette?

Kvadrat er noko du kjem borti fleire gongar i matematikkfaget, og desse omgrepa heng faktisk saman på ein helt spesiell måte.

  • Vi har kvadrat som ein firkant med spesielle eigenskapar i geometri.
  • Vi har kvadratrot og kvadrattal.
Kvadratrot på kalkulator
Kvadratrot på kalkulator

Kvadrat

Alt heng eigentleg saman med kvadratet. Den geometriske figuren som har fire like lange sider, kor to og to sider er parallelle. Alle hjørnene har 90 graders vinkel. Ein vinkel på 90 grader blir kalla ein rett vinkel.

kvadrat
Ruteark
Ruteark

Arealet av ein firkant

Arealet er heile flata inne i firkanten – det som er fargelagt med blått i figuren. For å finne arealet av ein firkant, multipliserer (gongar) vi lengde og høgde. I eit kvadrat er desse sidene like lange.

Vi finn arealet av eit kvadrat som har sidelengde 5 på følgjande måte: 5 x 5 eller 5². Det vesle 2-talet blir kalla for potens. Arealet av kvadratet du ser her, er då på 25.

Omkretsen er kor langt det er rundt viss vi måler alle sidene. Vi reknar det ut gjennom å leggje saman alle dei fire sidene: 5 + 5 + 5 + 5 = 20.

kvadrat med areal lik 25
Ruteark
Ruteark

Kvadrattal

Når vi multipliserer (gongar) to like tal med kvarandre, får vi eit kvadrattal. Multipliserer vi 4 med 4, får vi kvadrattalet 16 til svar.

Tenkjer vi oss at 4 er sidelengde i eit kvadrat, vil 16 då bli arealet av kvadratet. Utrekninga las du om på sida ovanfor.

Tala vi multipliserer med blir kalla faktorar. Summen vi får når vi multipliserer, blir kalla produkt. I dette dømet er 4 faktorar, og 16 er produktet.

kvadrat med areal lik 16
Ruteark
Ruteark

Kvadratrot

Når vi skal rekne med kvadratrot, bruker vi eit spesielt teikn. Det ser nesten ut som ein V, men kva betyr det eigentleg?

Når du tar kvadratrota av eit tal,spør du deg sjølv om følgjande: Kva slags tal er slik at når eg gongar det med seg sjølv, så får eg dette talet?

Kvadratrot blir brukt for at vi skal kunne gi eit tal så presist som mogleg. Når vi reknar ut kvadratrot, kan vi få både heile tal og desimaltal. Sidan vi ofte rundar desimaltal opp eller ned, vil ikkje svaret bli heilt eksakt.

I skulen bruker vi utrekning av kvadratrot mest når vi reknar ut sidelengder på ein trekant – Pytagoras’ setning.

Nokre tal er enkle å finne kvadratrota av. Med kvadrattala 9, 16 og 25 ser vi med ein gong at kvadratrota er 3, 4 og 5.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kvadratrot
Kvadratrot

Kor lange er sidene i kvadratet? Del 1.

Tenk deg at du veit at arealet av eit kvadrat er 16. Kor lange må da sidene i kvadratet vere?

Reknar du ut kvadratrot av 16 på ein kalkulator, vil du få 4 til svar.

kvadratrot av 16
Ruteark
Ruteark

Kor lange er sidene i kvadratet? Del 2.

Denne gongen veit vi at arealet av kvadratet er 25. For å finne ut kor lange sidene er, må vi derfor finne kvadratrota av 25 – vi må finne det talet vi kan multiplisere med seg sjølv for å få 25.

Viss vi multipliserer 5 med 5, får vi 25. 5 er derfor kvadratrota av 25.

Sidene i kvadratet er derfor 5.

kvadratroten av 25
Ruteark
Ruteark

Rekne ut kvadratrot

Når du skal rekne ut kvadratrota; er det ein stor fordel å kunne gongetabellen, og særleg er det nyttig å kunne rekne ut kvadrattal.

Viss du veit kva 2 x 2, 3 x 3, 4 x 4 og 5 x 5 gir til svar, og helst kan alle heilt opp til 10 x 10, så er du godt på veg til å klare å finne kvadratrota.

Klarer du å sjå kva kvadratrota av 36, 49, 64, 81 og 100 er?

Gangetabell
Gangetabell

Er svaret rimeleg?

Når vi gjer utrekningar, er det lurt å sjekke om svaret verkar sannsynleg. Om du har lært deg kvadrattala av heile tal, så er du langt på veg. Tenk deg at du skal finne kvadratrota av 72. Kva gjer du då?

Ta utgangspunkt i dei næraste kvadrattala til 72. Kvadratrota av 64 er 8, og kvadratrota av 81 er 9. Svaret ditt må derfor liggje mellom 8 og 9 ein stad. Reknar du ut 8,5 x 8,5, vil du sjå at du får litt meir enn 72. Det var derfor nesten heilt riktig.

Kvadrattal illustrasjon nynorsk
Ruteark
Ruteark

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images / Skolerom
    3. Getty Images / Skolerom
    4. Getty Images / Skolerom
    5. Getty Images
    6. Getty Images / Skolerom
    7. Getty Images / Skolerom
    8. Getty Images
    9. Getty Images / Skolerom