Læreplantilkobling

Fag

Mat og helse

Core Kjerneelementer

  • Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk
  • Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk
  • Helsefremjande kosthald

Cogs Tverrfaglig tema

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
Mat og helse
  • samtale om korleis skulemåltidet kan bidra til ein god skulekvardag
7. trinn
Mat og helse
  • lage måltid frå ulike kulturar og fortelje om og utforske korleis sosialt fellesskap og samhandling kan vere med på å styrkje god helse
10. trinn
Mat og helse
  • lage mat frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar og samanlikne og utforske råvarer og matlagingsmetodar som blir brukte i ulike matkulturar
10. trinn
Mat og helse
  • vise gjennom matlaging og måltid korleis identitet og fellesskap blir formidla i ulike kulturar

Mat er det sosiale limet

Ein felles frukost i helga gir gjerne ein god start på dagen. Og tenk på kor trivelig det er å ha nokon å ete lunsj saman med på skulen! Mange familiar synest det er viktig å ete middag saman, for då snakkar ein om det ein har opplevd gjennom dagen. Det fellesskapet vi opplever då, kan vere viktigare enn sjølve maten.

En familie som spiser lunsj sammen rundt et middagsbord

Måltidets rolle i fest og høgtid

Til jul og påske samlar vi gjerne familie og venner og et tradisjonell mat. Til bursdagar og liknande lagar vi alltid noko ekstra godt. Då et vi ofte meir enn vanleg fordi vi har det hyggeleg og fordi maten er god. Vi har kanskje førebudd maten i vekesvis. Det viser kor viktig mat er for å skape fellesskap.

Kake serves til barnebursdag

Bordskikk

Enkelte får kanskje ein klump i magen når dei høyrer orda «bordskikk» og «bordmanerar». Kanskje fordi dei hugsar ein gong då dei var små og fekk tilsnakk ved middagen. Kanskje blei dei bedne om å vente med å ete, eller om å ta ned albogane frå bordkanten. Dette kan verke strengt der og då, men det er ein grunn til at vi har reglar når vi skal ete. Dette er vanar som vaksne lærer barna for at dei skal bli trygge seinere i livet, og for at måltidet skal vere trygt og hygienisk.

Bordskikk handlar ofte om det ein ikkje skal gjere. Meiningar om kva som er god bordskikk, kan vere ulike frå familie til familie. Nokre liker ikkje slurping, mens andre ikkje liker at ein slikkar seg på fingrane når ein et. For dei aller fleste handlar det om å vise omsyn til dei ein et saman med. I Noreg er det for eksempel høfleg å takke for maten.

Kva er god bordskikk heime hos deg?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt som spiser spagetti rett fra kjelen

Ulike skikkar i ulike land 

Mat er viktig for alle menneske, og hyggja og kosen ved å samlast rundt eit felles måltid, er viktig overalt. Men kva som er vanleg skikk og bruk rundt mat i ulike land, er veldig forskjellig. 

En kinesisk familie spiser kinesisk mat kledd i tradisjonell folkedrakt

Frankrike 

I Frankrike har dei mange av dei same bordskikkane som vi har i Noreg, men tannpirkarar finst aldri på bordet. Her er det nemlig uhøfleg å bruke tannpirkar mens ein sit ved bordet. Det er også veldig uhøfleg å snakke med mat i munnen eller å ha albogane på bordet. Etter å ha ete skal ein tørke seg pent på servietten før ein drikk av glaset. I Frankrike er det også vanleg å ha sin eigen tøyserviett som ein bruker gjennom heile veka. 

Perspektiv bilde av en glad familie spise frokost

India 

I India er det ikkje vanleg å bruke kniv og gaffel. I staden et ein med handa, og ein bruker alltid høgre handa.

Det er nemleg ikkje alltid mogleg å vaske hendene før ein skal ete, og venstre handa er den handa ein bruker når ein skal tørke seg på do. Venstrehendte kan heldigvis gjere motsett.

I gamle dagar sat ein på teppe eller pute med beina i kors og åt. Ifølgje indisk tradisjonell medisin vil dette føre til at ein et mindre og fordøyer maten betre enn når ein når ein sit og et på ein stol. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av indisk dame nyte et måltid på gulvet

USA 

I USA er det vanleg å først skjere opp all maten på tallerkenen sin, og så ete med gaffelen. Amerikanarar et ofte på farten, og det blir ete mykje i mellommåltid som snacks. Det kan verke som om det å samlast rundt faste måltid blir stadig mindre vanleg for mange amerikanarar.

Eit spesielt amerikansk fenomen er «TV dinner», eit ferdiglaga frose måltid til éin person. Dette måltidet er meint å skulle etast oppvarma framfor TV-en.

Spesielt i sørstatane er det lange tradisjonar for å fyre opp grillen og ha «barbecue». Då kjem familie, venner og naboer saman og et masse kjøt med godt tilbehøyr. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En liten familie som står å griller middag ute i solen

Samisk matkultur 

Samane sine mattradisjonar er tett knytte til naturen og tilgangen til råvarene gjennom året. Den tradisjonelle samiske matlaginga er tidkrevjande, sjølv om rettane er enkle. Ofte treng ein ikkje eingong kniv og gaffel. For samane er det viktig å vise respekt for det naturen gir. Derfor bruker dei heile dyret som er slakta. Samane er opptekne av å bevare desse mattradisjonane, nettopp fordi tradisjonane knyter dei saman som eitt folk. Det viser kor sterkt mat heng saman med kultur. 

Kjele på et bål

Måltidet i religionane 

Vi veit at skikkar og vanar rundt måltidet både bind oss saman og skil oss frå andre kulturar. Dette ser vi ekstra tydeleg i verdsreligionane.

Dei kristne høgtidene er knytte til festmåltid. Det siste måltidet til Jesus der han delte brød og vin med disiplane sine, finn vi igjen i nattverden i kyrkja. I mange kristne heimar les dei også bordbøn før dei et. 

I islam er mat viktig når fastemånaden vert avslutta med ein fest som dei kallar id/eid. Då kjem folk saman rundt eit festbord fullt av mat. For mange muslimar er det også viktig å ikkje ete svinekjøt. 

Jødiske familiar startar sabbaten kvar fredag med brød og vin. Dette måltidet er heilagt for ein jødisk familie. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En islamsk familie spiser et smakfullt måltid sammen

Mat på tur 

Vi nordmenn liker å gå på tur saman, og då er matpakken viktig. Å setje seg ned og ete brødskiva med sveitt gulost og slapp paprika er typisk norsk. Det er kanskje litt rart viss ein ikkje har vakse opp i Noreg.

I andre land går ein heller på kafé og skravlar litt. Kaffikoppen og matpakken har likevel noko felles – ein gjer noko saman og deler ei oppleving. For å overleve er dette fellesskapet like viktig som mat.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En familie på skogstur deler kakaoen fra termosen i tur koppene sine

Kjelder:

Bilde- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images