Naturens kraft. Et ekte, stort snøskred kommer fra et stort fjell (Shkhara, 5193 m), Kaukasus, Kabardino-Balkaria, Bezengi-regionen, Russland.
Sprukket hvit snøoverflatebakgrunn i vinterens sollys
Laussnøskred
Laussnøskred begynner i eitt punkt og breier seg nedover som ei vifte. Dei førekjem ofte etter store snøfall og er vanlegast i indre fjellområde med kaldt klima, som i delar av Innlandet og Telemark.
Et løssnøskred utløst i en bratt skråning, kjennetegnet av et lite punktutløsningsmiddel som vokser i størrelse.
Våtsnøskred
Våtsnøskred skjer ved mildvêr eller regn, når vatn mettar snøen og reduserer friksjonen i snølaget. Dei opptrer gjerne om våren i sørvende fjellsider og i område som Hardangervidda og Romsdalen.
Luftfoto av snøskred i fjellskråning. Våt snø om våren glir nedover.
En sparsom bro om vinteren i et ødemarksavfall. Kanskje en konsekvens av avskogingen for vintersporten.
Halvparten av jordas overflate sett fra verdensrommet.
Ein nasjonal vekkjar – Vassdalen, 1986
Det verste snøskredet i moderne norsk historie ramma Vassdalen i Nordland 5. mars 1986. Soldatar frå Ingeniørbataljonen var ute på NATO-øving. Leiren deira låg i eit skredutsett dalsøkk utan tilstrekkeleg vurdering av forholda. Tidleg om morgonen losna eit stort flakskred og tok livet av tolv unge menn.
Ulykka vart eit vendepunkt for Forsvaret og for sivil beredskap. Ho førte til styrkt varsling, kartlegging og auka forståing for kor farleg snøen kan vere, og dessutan kor raskt det kan gå gale når systema til naturen slår seg saman.
Bilde av et digitalt kart over Norden
Effekt av global oppvarming i naturen. Konseptuelt bilde av smeltende, verdensformet isbre i dypblått vann. 3d illustrasjon.
Førebygging – slik lever vi med skredfare
Fysiske tiltak som skredvollar, snøfangarar og skredtunnelar reduserer risiko i utsette område. I bratte fjellsider kan ein utløyse skred kontrollert med sprengstoff. Kommunane bruker dessutan detaljerte farekart frå NVE i arealplanlegginga for å unngå nybygg i risikosoner.
På utdanningssida samarbeid både forskingsmiljø, vidaregåande skular og beredskapsgrupper om skredkunnskap. UNIS på Svalbard og NGI i Oslo er blant dei fremste på feltet. Mange elevar lærer i dag å lese snøprofilar, vurdere skredfare og bruke digitale verktøy for varsling.
Tenk som ein geoforskar – vurder og drøft
For å forstå snøskred må ein tenkje som ein geoforskar: Kva system verkar saman? Korleis blir dei endra i møte med klimaendringar? Og korleis kan vi bruke kunnskapen til å varsle, tilpasse og verne?
Snøskred er ikkje berre eit vinterfenomen. Dei er ei kraftfull påminning om korleis jorda er i stadig rørsle, og om korleis kunnskapen og beredskapen vår må følgje med.
Illustrasjon av en geoforsker som står og peker
Kjelder:
- Forsvaret (2022) Marsdagen Forsvaret aldri glemmer Henta frå https://www.forsvaret.no/aktuelt-og-presse/aktuelt/marsdagen-forsvaret-aldri-glemmer?q=sn%C3%B8skred
- NGI. (2023). Snøskredforskning Henta frå https://www.ngi.no/prosjekter/snoskredforskning/
- NGI (2025) Snøskred og sørpeskred Henta frå https://www.ngi.no/forskning-og-radgivning/naturfare-container/skred-og-ras/snoskred-og-sorpeskred/
- Norsar (2023) NORSAR og Cautus Geo: Sammen om skredovervåkning Henta frå https://www.norsar.no/pressemeldinger/norsar-og-cautus-geo-sammen-om-skredovervakning
- NVE. (2024). Snøskredvarsling i Norge.
- Henta frå https://www.varsom.no
- NVE (2016). Snøskred – tørre og våte. Henta frå https://publikasjoner.nve.no/faktaark/2016/faktaark2016_01.pdf