Søppelberga veks!

Plast i naturen er eit stort problem. Ikkje minst i havet. Det er heilt ufatteleg mykje søppel som blir kasta over heile verda. Vi nordmenn er blant dei aller verste. Nokon påstår at det vil vere meir plast enn fisk i havet om nokre tiår. Kva kan vi gjere for å bremse denne negative utviklinga?

Accessibility icon Søppelberga veks!

Vi kastar stadig meir

Søppelberga veks! Vi kastar stadig meir, og nordmenn er blant verstingane i verda. Kvifor er vi det, trur du?

I snitt kastar kvar innbyggjar i Noreg nesten 450 kilo med hushaldsavfall i året. Det betyr at du kastar meir enn ein kilo med søppel kvar dag, heile året!

Kva kan du og familien din gjere for å kaste mindre avfall?

Søppelberg

Kor mykje søppel blir kasta kvar dag i heile verda?

Det er søppel frå byane som står for det meste av søppelproduksjonen i verda. Omtrent tre milliardar menneske produserer over 1,2 kilo med søppel kvar dag!

Forskarar forventar at talet vil auke dramatisk. Innan 2025 er det meir enn fire milliardar menneske som kastar over 1,4 kilo med søppel kvar dag! Og går vi fram til 2100, trur ein at søppelmengda vil tredoblast.

1-2 prosent av befolkninga i verda livnærer seg av å plukke søppel på søppelfyllingane. I Noreg er det òg nokon som går i søppelkassene til matvarebutikkar for å finne mat som akkurat har gått ut på dato. Ikkje berre på grunn av fattigdom, men også fordi dei vil arbeide for ei berekraftig utvikling.

Kan det vere mogleg å snu denne tendensen til å kaste mat?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Søppel i havet

I havet blir det kasta mykje, og i Stillehavet finst det eit søppelflak som er tre gongar så stort som Frankrike. Søppelet består av alt frå fotballar og kajakkar til legoklossar og bereposar. Meir enn ein million sjøfuglar, og nærare 100 000 sjødyr, skal ha døydd kvart år som følgje av det flytande søppelet.

Alt frå sprøyter til lighterar og tannbørstar er funne i magen i sjøfuglar, og søppelet kan òg vise seg å vere farleg for menneske. Giftstoff som kjem ut i havet, endar opp i dyra, og til slutt kjem dei på tallerkenen din.

Det er funne eit tilsvarande søppelflak i Atlanterhavet òg .

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Søppel i havet
Søppel i havet

Miljøgifter

Miljøgifter kan føre til mange typar skadar, og jo høgare opp ein er i næringskjeda, dess meir miljøgifter vil ein kunne få i seg. Kvart dyr som blir ete, inneheld giftstoff. Jo fleire dyr som et kvarandre, dess meir gift hopar seg opp. Til slutt et vi menneske eit dyr som inneheld fleire lag med giftstoff.

Det blir hevda at alle menneske i dag har miljøgifter i kroppen.

Miljøgifter kan føre til langtidsskadar som kreft, skadar på arvestoff og komplikasjonar med å føde barn.

Næringskjede

Mikroplast i havet

Ifølgje WWF Verdsnaturfondet hamnar det kvart år over åtte millionar tonn plast i havet. 80 prosent av denne plasten kjem frå land.

Plast er ein trussel for alt liv i havet. Han finst på overflata, og han finst heilt ned til dei djupaste havområda.

Det er plastdumping og mikroplast i sjøen som er dei store maritime miljøproblema. Mikroplast er veldig små plastbitar.

World Economic Forum spådde i 2016 at det vil vere meir plast enn fisk i havet i 2050.  Dette er marinbiolog ved Norsk institutt for vassforsking (Niva), Guri Sogn Andersen, heilt usamd i. Ho meiner det er uforsvarleg å presentere slike tal når ein ikkje kan vere sikker. Men uansett er plast eit stort problem.

Klesvask

Over 1,5 millionar tonn mikroplast blir sleppt ut i verdshava kvart år, og 35 prosent av dette kjem frå klesindustrien. Mykje av dette oppstår når du vaskar klede. Då er det små plastbitar som blir sleppte ut gjennom avløpet og endar i havet.

Kunstgrasbanar

Ein fotballbane med kunstgras har mellom 10 og 15 kilo gummikuler per kvadratmeter. Det blir over hundre tonn gummikuler per bane.

Dette er for at banen skal vere mjuk å gå på, og gummikulene blir ofte laga av kasserte bildekk.

Dette gir store utslepp av plast til havet, og det er ei av dei største kjeldene til mikroplast. No ønskjer styresmakter og andre at ein skal finne meir miljøvennlege løysingar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Mikroplast
Mikroplast

Kor blir avfallet av?

Dei fleste av oss sorterer søppel for resirkulering. Mange gir bort brukte klede og andre varer til bruktbutikkar, loppemarknader eller organisasjonar som hjelper fattige i Noreg og andre land.

Enkelte kastar dessverre frå seg søppel i naturen. Det tek ofte lang tid før eit produkt forsvinn av seg sjølv. Her er nedbrytingstid for nokre vanlege produkt:

  • Bananskal 2-30 dagar
  • Papir 2-3 månadar
  • Plastpose 10-12 år
  • Lærsko 25-40 år
  • Nylon 30-40 år
  • Aluminiumsboks 80-100 år
  • Plastflaske 450 år
  • Bleier 500-800 år
Brusboks i naturen
Brusboks i naturen

Visste du forresten …

… at klesindustrien er ein av dei mest forureinande industriane vi har? Det har ein rapport frå FN slått fast. Der står det òg at eit par jeans “kostar” meir enn 7500 liter vatn å lage.

I same rapport kan vi også lese at det kvart sekund blir kasta eller brent eit lastebillass med klede.

Kleshaug
Kleshaug

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images